Kampanjar

Komfyrvaktkampanjen

Om kampanjen: Komfyrvaktkampanjen blei lansert hausten 2014, og var dei første åra retta mot personar som har foreldre over 70 år som bur i eigen bustad. Etter to år med denne kampanjen, flytta vi fokus frå målgruppa «pårørande til eldre» til folkesetnaden som heilskap. Samstundes blei kampanjen flytta til februar. Kampanjen er ein del av satsinga Alt vi kan mot brann.

>> Nedlastingsmateriale for deg som skal delta i kampanjen

Brannvernveka

Brannvernveka er ein landsomfattande informasjonskampanje i veke 38 som blir arrangert av Norsk brannvernforening, DSB og If Skadeforsikring i samarbeid med brannvesen og el-tilsyn over heile landet. Kampanjen har vore arrangert sidan 2002, og i 2014 var over 240 000 barn og vaksne på besøk hos 350 opne  brannstasjonar. Kampanjen støttar satsinga Alt vi kan mot brann.

Les meir om kampanjen på Brannvernuka.no.

Kjøkenpraten

Kjøkenpraten blir arrangert 1. oktober kvart år, og er eit initiativ for å betre branntryggleiken i heimen for eldre. Kampanjen er ein del av satsinga Alt vi kan mot brann.

Nedsett høyrsel og dårleg mobilitet kjem med alderen. Eldre er difor særleg utsette ved brann, då dei kanskje ikkje høyrer ein røykvarslar som pip i rommet ved sidan av, eller har problem med å evakuere gjennom ein rømingsveg. Kampanjen retta seg mot målgruppa 40+ som har eldre slektningar som bur i eigen heim. Oppfordringa er å Ta kjøkenpraten – ti enkle forholdsreglar og tiltak som bidrar til å redusere risikoen for brann, og aukar sjansen for å overleve dersom uhellet er ute.

>> Kampanjemateriale til Kjøkenpraten

Røykvarslardagen og Aksjon bustadbrann

Aksjon bustadbrann er ein årleg, landsomfattande informasjonskampanje som blir arrangert av DSB, Norsk brannvernforening og Gjensidige. Representantar frå brann-/feiarvesenet og det lokale elektrisitetstilsynet står for den lokale gjennomføringa.
Aksjonen blir innleidd med røykvarslardagen 1. desember, og held fram med ein landsomfattande bustadkontroll som går over tre dagar. Kvart år vitjar Aksjon bustadbrann 30–40 000 bustader over heile landet. Kampanjen er ein del av satsinga Alt vi kan mot brann.

>> Kampanjematerieale til Røykvarslardagen