Tilsynsaksjon med alpine nedfartar (nynorsk)


Frå januar 2018 til byrjinga av mars 2018 blei det gjennomført seks stadlege tilsyn. Tilsynsobjekta var geografisk fordelte frå Narvik i nord til Hovden i sør. Bedriftene som tilbyr denne tenesta, varierer i storleik og er spreidde over heile landet. Aktiviteten i tilknyting til anlegga går stort sett føre seg uorganisert, i eit «ikkje lukka» område og med brukarar med svært varierande dugleiksnivå.

Veileder

Last ned PDF (4,2MB) Vis blabar PDF
ISBN-nummer
978-82-7768-476-5 (PDF)
HR-nummer
2404
Utgitt

Kvart år skjer det éi eller fleire dødsulykker i eller i tilknyting til anlegga. Aktivitetane medfører også fleire alvorlege og mindre alvorlege personskadar. Det er få indikasjonar på at tilbydarane av forbrukartenestene åleine har skulda for ulykkene. Fleire av ulykkene skjer utanom tilbydaren sine opningstider eller utanfor anlegget og kan uansett også ha manglande aktsemd eller for dårlege ferdigheiter som årsak. 

Bokmålsutgave