Rettleiar til heilskapleg risiko- og sårbarheits-analyse i kommunen - Revidert 2022 - versjon (nynorsk utgåve)


Heilskapleg ROS er eit strategisk verkemiddel for å få eit samla grep om ansvaret og rollene som kommunen har innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Målet med rettleiaren er å skape ei felles forståing for heilskapleg ROS som tverrfagleg plan- og kunnskapsgrunnlag.

Veileder

Last ned PDF (3,9MB) Vis blabar PDF
ISBN-nummer
ISBN 978-82-7768-532-8 (PDF)
HR-nummer
2457
Utgitt

Rettleiaren beskriv kva heilskapleg ROS går ut på når
det gjeld prosess og innhald. I tillegg blir det gått inn
på korleis kommunen skal følgje opp heilskapleg ROS i
arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

Den viktigaste målgruppa for rettleiaren er
kommunane og Longyearbyen lokalstyre. Andre
aktørar som har ansvar for samfunnstryggleiken i
eigne fagområde lokalt, vil også ha nytte av rettleiaren.
At desse deltek, er særs viktig for å få til ei heilskapleg
utvikling av samfunnstryggleiken lokalt. Ei tredje
målgruppe er statsforvaltarane og Sysselmeisteren.
Desse har både som tilsynsmakt og i rettleiarrolla
viktige oppgåver i arbeidet med kommunal
beredskapsplikt.