Risikoanalyse av legemiddelmangel (nynorsk)


Legemiddelindustrien er kjenneteikna av store internasjonale selskap med produksjonsavdelingar spreidde rundt i heile verda, og bransjen er i stor grad prega av leigeproduksjon og stadige oppkjøp og eigarskifte. Eit ferdig legemiddel kan difor bestå av delkomponentar frå fleire land og verdsdelar.

Rapport

Last ned PDF (9MB) Vis blabar PDF
ISBN-nummer
978-82-7768-485-7 (PDF)
HR-nummer
2413
Utgitt

Det er ikkje nokre land sine styresmakter som har fullstendig oversikt over produksjons- og forsyningslinjene i legemiddelindustrien. Det gjer det krevjande å følgje opp internasjonale kvalitetskrav og regelverk knytte til legemiddelproduksjon.