Landsdekkande tilsyn med branntryggleik i avfallsanlegg (Nynorsk utgåve)


Hausten 2020 gjennomførte tilsynsstyresmaktene landsdekkande tilsyn med branntryggleiken hos norske avfallsanlegg. Her blei det også kontrollert korleis anlegga avgrensar miljøskadane dersom ulukka skulle vere ute.

Rapport

Last ned PDF (843,3KB) Vis blabar PDF
ISBN-nummer
978-82-7768-523-6 (PDF
HR-nummer
2449
Utgitt

Bakgrunnen for tilsynsaksjonen er det betydelege talet
på brannar og branntilløp dei siste åra. Sidan 2016 har
det blitt registrert 228 brannar i norske avfallsanlegg.
I tillegg kjem truleg ei rekkje branntilløp som ikkje
viser att i statistikken.
Målet med tilsynsaksjonen er å redusere talet på
brannar og miljøpåverknaden av brannar i avfallsanlegg
ved å kontrollere at verksemdene jobbar forsvarleg både
med å førebyggje brann og med å redusere
miljøpåverknaden dersom det oppstår brann.