Risikoanalyse av straumrasjonering

, Nyhet


DSB har sidan 2010 utarbeidd analysar av alvorlege hendingar som kan ramme Noreg, og som vi bør vere førebudde på å handtere – «Analyser av krisescenarioer» (AKS). Scenarioa er ein viktig del av grunnlaget når departementa utarbeider risiko- og sårbarheitsanalysar.

Risikoanalysen som DSB har gjort, beskriv 30 % reduksjon i tilgangen på straum i ein landsdel (sør-vest). Analysen viser at både viktige samfunnsfunksjonar og folkesetnaden vil bli ramma.

Matvareforsyning, helsetenester og elektronisk kommunikasjon vil bli ramma i stor grad, medan transport og andre offentlege tenester i mindre grad blir påverka. 30 % straumrasjonering får også store følgjer for delar av næringslivet – spesielt kraftintensiv industri og olje- og gassproduksjon.

– Vi ser at ei rekkje sider ved det moderne samfunnslivet blir påverka negativt, sjølv med eit såpass avgrensa scenario, påpeiker direktør Elisabeth Aarsæther i DSB. Samfunnet er avhengig av straum, og denne analysen er med på å konkretisere og beskrive kva konsekvensar som oppstår.

Hovudfunn i analysen

– Sjølv om sannsynet for straumrasjonering i Noreg er lågt, kan konsekvensane for samfunnet bli store. Og vi er ikkje godt nok førebudde på ei mogleg straumrasjonering, meiner Aarsæther.

Dette underbyggjer ho med følgjande funn frå analysen:

  • Særs få verksemder veit korleis straumrasjonering fungerer i praksis, og konsekvensane av rasjonering er lite kjende.

  • Det er uklart kven som skal prioriterast – altså kven som får behalde, og kven som får kutta straumen.

  • Beredskapen i form av reservestraum hos bedrifter og offentlege verksemder er mangelfull.

Kva DSB snbefaler

For å redusere samfunnskonsekvensane av ei straumrasjonering anbefaler DSB følgjande:

  • Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir i samarbeid med relevante aktørar sentrale føringar for prioritering mellom sluttbrukarar, og NVE rettleiar sektorane og nettselskapa. Dette arbeidet er NVE allereie godt i gang med.

  • Kvar sektor følgjer opp dei sentrale føringane frå NVE for å sikre lik prioritering mellom verksemdene. Ein bør vurdere å utarbeide dimensjonerande scenario for beredskapen (omfang og varigheit) og stille krav til eigenberedskap og reservestraum basert på dette.

  • Samordningsrolla som DSB har under større nasjonale hendingar, blir nytta i den sektorovergripande handteringa av ei straumrasjonering, og statsforvaltarane får ei formalisert rolle i den regionale og lokale koordineringa.

Bakgrunn - risikoanalyse av straumrasjonering

Formålet med analysen var å vurdere risiko knytt til straumrasjonering, med særleg vekt på å kartleggje følgjehendingar og konsekvensane desse får for folkesetnaden og samfunnsverdiane.

Scenarioet som blir analysert, er ei straumrasjonering på 30 % i éin månad i prisområdet NO2 (Vestfold Telemark, Agder og Rogaland). Dette inneber at nettselskapa får ein straumkvote som er 30 % mindre enn normalt forbruk, og må fordele straumen blant kundane sine. Prisområdet NO2 blei valt fordi det er her straumsituasjonen som regel er strammast.

Analysen blei gjennomført hausten 2022 av DSB på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

DSB har innhenta informasjon frå fleire kjelder, derimellom faginstansen Norges Vassdrags- og energidirektoratet (NVE), kommunar, statsforvaltarar, næringsliv og sektormyndigheiter som er påverka.

>> Her kan du lese rapporten