Ny rapport om brannar i litiumbatteri

, Nyhet


Brannar i el-sparkesyklar kan vere eksplosive og gi rask røykutvikling, og brennande delar kan bli kasta fleire meter av garde. Blant råda i ein ny rapport er å lade så trygt som mogleg, og unngå å lade i rømingsvegar.

– Slike brannar er eksplosjonsarta og uføreseielege. Brennande deler kan bli kasta fleire meter av garde og starte nye brannar. I tillegg kjem store mengder giftig gass som kan gjere det vanskeleg å evakuere. Dersom du har høve til det, bør du lade og oppbevare el-sparkesykkel og liknande el-køyretøy utanfor bustaden din, seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB..

Viss du må lade heime, anbefaler DSB at du følgjer Ladevettreglane. Lad når du er vaken og til stades, lad i eit rom som har fungerande røykvarslar, og på eit underlag som ikkje lett tek fyr. Sjekk også om ladaren eller batteriet blir unormalt varm(t) under lading. Dette kan tyde på feil på produktet. Også batteri som ikkje står til lading, kan ta fyr. Årsaka er då som oftast ein skade batteriet har fått tidlegare.

– Det kan vere freistande å lade el-sparkesyklar og andre el-køyretøy i korridorar eller trapperom for å unngå at dei tek opp plass inne. Problemet er at dersom det byrjar brenne her, vil rømingsvegen vere farleg å bruke. Desse stadene må kunne nyttast som fluktveg ved brann, poengterer Ly.

Forskingsrapporten «Rømning ved brann i litiumbatteri i el-sparkesykkel» er utført av RISE Fire Research på oppdrag frå DSB. I rapporten blir det anbefalt å leggje til rette og finne gode løysingar for trygg lagring av el-sparkesyklar og liknande utstyr som inneheld litiumbatteri. Konklusjonane frå studien er også relevante for publikumsbygg der det oppheld seg mange menneske. Her må ein unngå å lade eller lagre el-køyretøy i rømingsvegane. Ein brann i litiumbatteri er ustyrleg og skremmande, og kan påverke evna til å evakuere. Små barn og eldre er også særleg sårbare for kvelande giftstoff.

– Med stadig fleire elektriske produkt i norske heimar aukar sannsynet for uønskte hendingar. Barn og unge er også flittige brukarar av elektriske produkt og ladarar. Det er difor lurt å innarbeide godt ladevett tidleg, betonar Ly.

Dersom det byrjar brenne, vil det aller viktigaste vere å sørgje for at alle kjem seg trygt ut, og ringje brannvesenet på 110. Dersom du meiner det er trygt, kan du prøve å fjerne produktet frå brennbare omgivnader og ta ladaren ut av stikkontakten. Du kan halde ein brann i batteriet i sjakk ved å kjøle det ned med vatn, men pass på at du ikkje pustar inn røyken.

Råd og fakta frå rapporten

  • El-sparkesyklar kan byrje brenne sjølv om dei ikkje står til lading.
  • Også heilt nye el-sparkesyklar kan byrje brenne.
  • Kjøp ein el-sparkesykkel av god kvalitet, og unngå å importere på eiga hand. Dårleg kvalitet kan auke faren for brannstart, raskare og meir intens brannutvikling.
  • Ein fungerande røykvarslar er viktig.
  • Ikkje lad batteriet dersom det eller el-sparkesykkelen er skadd.
  • Bruk originale batteri og ladarar.
  • Oppbevar helst batteria i romtemperatur, og unngå lading i minusgrader.
  • Følg ladevettreglane (sikkerhverdag.no). 

Vedlegg