Brann- og redningsvesenet i framtida

, Nyhet


Mange brann- og redningsvesen er for små og har for lite ressursar til å handtere framtidige utfordringar åleine. Ei arbeidsgruppe som regjeringa har peikt ut, anbefaler difor å styrkje det regionale samarbeidet. Det vil gi meir slagkraft.

I november 2022 sette regjeringa ned ei arbeidsgruppe som skulle gjere ein heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet. Justis- og beredskapsminister Emile Enger Mehl fekk rapporten frå arbeidsgruppa på Briskeby brannstasjon i Oslo fredag 16. juni.

Sterkare saman
– Med eit styrkt regionalt samarbeid får ein sterkare fagmiljø og fleire ressursar ein kan samkøyre og bruke meir effektivt. Det vil gi meir slagkraft til å levere tryggleik til innbyggjarane, understrekar Johan Marius Ly, leiar av arbeidsgruppa og avdelingsdirektør i DSB.

Han peiker mellom anna på konsekvensane av klimaendringar og ekstremvêr, teknologisk utvikling og ein ny tryggleikspolitisk situasjon. Arbeidsgruppa anbefaler også at ei myndigheit får ansvar for å prioritere ressursar og personell på tvers av brann- og redningsvesena ved store nasjonale hendingar.

– Noreg har behov for fleire nasjonale kapasitetar som kan trå til når lokale og regionale ressursar ikkje strekkjer til. Vi ser nesten kvar dag korleis Statens skogbrannhelikopter speler ei avgjerande rolle, og vi bør ha tilsvarande ordningar på andre område; til dømes redning frå samanraste bygg og hendingar med farlege stoff (CBRNE), seier Ly.

Tydelegare oppgåver og meir ressursar
Slik arbeidsgruppa ser det, er det nødvendig å presisere kva oppgåver brann- og redningsvesenet skal ha i grunnporteføljen sin. Dette vil sikre eit minimumsnivå for førebygging og beredskap i heile landet, og gi føreseielegheit for alle.

– Flesteparten av utrykkingane gjeld faktisk ikkje brann. Vi meiner difor at det er behov for tydelegare rammer for hjelpa som brann- og redningsvesenet yter til politi og helsevesen.

Arbeidsgruppa ser også eit behov for å tilføre meir ressursar, for å gjere brann- og redningsvesenet i stand til å møte framtidige utfordringar.

Sju prioriterte tiltak
I rapporten beskriv arbeidsgruppa tiltak som bør ha høg prioritet:

  • Etablere ein grunnportefølje for beredskaps- og førebyggjande oppgåver som alle brann- og redningsvesen skal kunne handtere.
  • Etablere regionalt samarbeid mellom brann- og redningsvesen innanfor dei geografiske grensene til 110-sentralane.
  • Etablere heimlar som gjer det mogleg for nasjonale styresmakter å prioritere ressursar og personell på tvers av brann- og redningsvesen ved store hendingar.
  • Vidareføre satsinga på kompetanseheving ved å styrkje deltidsopplæringa og gå i gang med å etablere leiarutdanning.
  • Etablere tydelegare rammer for bistand frå brann- og redningsvesen til politiet og helsestyresmakter, slik at oppgåvene blir nedfelte i lov og forskrifter.
  • Etablere eit langsiktig forskingsprogram som legg til rette for ei kunnskapsbasert utvikling av brann- og redningsvesenet.
  • Sikre gode arbeidsvilkår for tilsette i brann- og redningsvesen, slik at ein sikrar rekruttering og beredskap for framtida.

Medlemmane i arbeidsgruppa

  • Johan Marius Ly, avdelingsdirektør, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)
  • Janicke Larsen, brannsjef, Bergen brannvesen
  • Atle Festervoll, brannsjef, Lom og Sjåk brannvesen
  • Alonza Garbett, brannsjef, Vardø brann- og redningskorps
  • John Bjella, brannsjef, Hallingdal brann- og redningsteneste IKS
  • Ketil Sivertsen, leiar for Trondheim Brannkorps Forening (Fagforbundet), leiar for Norsk Brann- og Redningsforum
  • Torill Neset, seniorrådgivar for samfunnstryggleik og beredskap, KS
  • Pia Farstad Von Hall, fagleiar, Samfunnsbedriftene brann og redning
  • Marit Svensgaard, partnar, Oslo Economics

>> Du kan lese rapporten her