FoU-arbeid

Formålet med FoU-arbeidet

DSB skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet, vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker, kriser og andre uønskte hendingar, og sørgje for god beredskap og effektiv ulukkes- og krisehandtering. Eit godt kunnskapsgrunnlag er sentralt for å lukkast i dette arbeidet.

I tillegg til våre eigne kunnskapsressursar treng vi bidrag frå andre kunnskapsmiljø. DSB samarbeider difor med forskingsmiljø ved ei rekkje universitet, høgskular og forskingsinstitutt.

Hovudmålet med FoU-arbeidet i DSB er å bidra til eit best mogleg kunnskapsgrunnlag om risiko i samfunnet, og om korleis risiko kan styrast med ulike verkemiddel. Kunnskap om risiko og risikostyring omfattar konseptuelle og metodiske tema så vel som utvikling av kunnskapsgrunnlag og gode indikatorar for kartlegging og analyse. Kunnskap om effekt av verkemiddelbruk knyter seg til verkemidla DSB har til rådvelde. Dette kan gjelde kommunikasjon og informasjon, regulering og tilsyn, øvingar og handtering av kriser og hendingar. Det kan også vere samordning av samfunnstryggleiksarbeidet på sentralt, regionalt og lokalt nivå.

Verkemiddel og arbeidsformer i FoU-arbeidet

DSB har i hovudsak følgjande verkemiddel i FoU-arbeidet:

  • Institusjonalisert forskingssamarbeid
  • Medverknad i forskingsprosjekt
  • Deltaking i søknadsprosessar ved utlysing av forskingsmidlar
  • Intern kunnskapsformidling

Institusjonalisert forskingssamarbeid

DSB har i mange år hatt ein samarbeidsavtale med Universitetet i Stavanger (UiS). UiS tilbyr utdaningar på både bachelor-, master- og ph.d.-nivå innanfor samfunnstryggleik og risikostyring, og har i tillegg ein omfattande forskingsaktivitet på desse områda.

DSB har i seinare år også hatt ein samarbeidsavtale med Universitetet i Sørøst-Norge, og er representert i styringsgruppa til Senter for sikkerhet, krisehåndtering og beredskapsledelse ved universitetet. Samarbeid med andre relevante universitet og høgskular er ikkje formalisert, men knytt opp mot konkrete aktivitetar.

DSB er representert i programstyret for NordForsk sitt Nordic Societal Security Program. Programmet blei etablert i 2013, etter initiativ frå dei nordiske ministrane med ansvar for samfunnstryggleik, og skal støtte opp om nordisk forskingssamarbeid og felles kunnskapsutfordringar på feltet.

DSB har følgt etableringa av Horizon Europe, som er det niande rammeprogrammet for forsking og innovasjon i EU. Programmet har ei brei satsing knytt til samfunnstryggleik, der DSB er representert i ei eiga referansegruppe.

DSB har lenge samarbeidd med Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) gjennom BAS-programma (Beskyttelse av samfunnet). DSB sit no i referansegruppa til BAS9 om framtidig totalforsvar og samfunnstryggleik, og er i tillegg representert i FFI-styringsgruppa for hybride truslar.

Sidan 2014 har DSB engasjert ein forskar innanfor kjemi med arbeidsplass på FFI. Stillinga støttar opp om arbeidet til DSB med farlege kjemikaliar og eksplosiv.

DSB har i mange år hatt eit formalisert samarbeid med Norges Branntekniske Laboratorium ved Sintef. Dette brannfaglege miljøet er no ein del av Rise Fire Research (RISE), som får eit årleg løyve gjennom statsbudsjettet. DSB følgjer opp denne gjennom konkretisering av prosjekt og oppdrag.

Midlar frå Gjensidigestiftelsen (Brannløftet) har gjort det mogleg med ei stor satsing på brannforsking. Dette har resultert i mellom anna etablering av Fire Research and Innovation Centre (FRIC). FRIC blir leidd av RISE, med NTNU og SINTEF som forskingspartnarar. DSB er partnar i senteret. Senteret disponerer totalt 70 millionar kroner over ein femårsperiode (2019–2023).

Medverknad i forskingsprosjekt

DSB medverkar og deltek til ei kvar tid i fagleg relevante forskingsprosjekt. I slike samanhengar vil DSB ofte ha rolla som bestillar eller sluttbrukar. Vi kan også delta i samband med datainnsamling, analysar, faglege råd og diskusjonar.

Døme på pågåande prosjekt:

  • Utviklingsprosjekt for utrekningsmodellar og simuleringar som kan nyttast i risikovurdering av oppbevaring av ammoniumnitrat. Prosjektet er særleg relevant i lys av eksplosjonshendinga i Beirut (FFI).
  • Prosjekt for utvikling av kunnskap om reaktiviteten og eksplosiviteten til utgangsstoff Prosjektet har som mål å gi DSB betre kunnskapsgrunnlag om grenseverdiane som er sette i dagens regelverk (FFI mfl.).
  • Fleire prosjekt knytte til tryggleik ved bruk av hydrogen som drivstoff innanfor land- og sjøtransport pluss til industriell bruk. Prosjekta skal bidra til mellom anna betre kalibrering av utrekningsmodellar som blir nytta i risikovurderinga (Sintef, DNV mfl.).
  • Prosjekt om kommunal bruk av kunnskapsbanken til DSB. Gjennom Kunnskapsbanken samanstiller og tilbyr DSB store mengder data om naturfare. Målet med prosjektet er å undersøkje korleis dette kunnskapsgrunnlaget bidrar til førebyggjande samfunnstryggleiksarbeid og auka samarbeid på tvers av fagområda i kommunane. (Forskingsprogrammet Klima 2050)
  • Fleire prosjekt knytte til utvikling av totalforsvarskonseptet og prosjekt for betre forståing og handtering av hybride truslar (FFI mfl.). DSB har i perioden 2021–2024 ein ph.d.-kandidat med særleg søkjelys på organisatoriske og komparative perspektiv knytt til totalforsvaret. Prosjektet er delvis finansiert gjennom ordninga som forskingsrådet har for offentleg sektor ph.d.
  • Prosjekt for samanlikning og analyse av risikokommunikasjonen til styresmaktene under koronakrisa. Landa som deltek i undersøkinga, er Noreg, Sverige, Tyskland, Sveits og Storbritannia. I prosjektet ser ein mellom anna på forhold knytt til grad av innblanding, tillit i folkesetnaden og legitimiteten som tiltaka har hos ulike innbyggjargrupper (UiS mfl.).

Deltaking i søknadsprosessar ved utlysing av forskingsmidlar

DSB bidreg på fleire måtar ved søknader om eksterne FoU-midlar. Utgangspunktet for å bidra er den faglege relevansen og venta nytteverdien av søknadene. Normalt støttar vi berre søknader der DSB sjølv er med på å utvikle og gjennomføre prosjektet. Unnatak kan vere der vi kan ha stor nytte av funn og resultat utan sjølve å delta.

Det er viktig for oss å bli tidleg involverte i søknadsprosessane. Vi må ha fått førespurnader om medverknad og støtte i god tid, normalt minst ein månad før søknadsfristen går ut. Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere relevans og nytteverdi og sikre intern forankring. Vi har utarbeidd eit enkelt skjema som skal nyttast ved slike førespurnader.

>> Mal for søknad om støtte (docx)

Intern kunnskapsformidling

DSB inviterer jamleg forskarar og forskingsmiljø til interne arrangement. Formålet er i hovudsak å kaste lys over og diskutere tema og problemstillingar med fagovergripande relevans. Dette kan vere spørsmål knytt til mellom anna risiko, risikostyring, regulering og krisehandtering. I tillegg arrangerer vi meir fagspesifikke seminar (t.d. knytt til branntryggleik, el-tryggleik og digital tryggleik).

Meir informasjon

>> Her kan du lese om søknad om tilgang til taushetsbelagte opplysninger til bruk for forskning (forskerinnsyn)

Kontaktinfo til DSBs FoU-koordinator

Jacob Kringen, utredningsleder i avdeling for Kunnskapsutvikling og digitalisering: Jacob.Kringen@dsb.no