Nyhetsbrev uke 26: Flyktningsituasjonen

DSB sender ukentlig ut et felles nyhetsbrev ifm. flyktningsituasjonen. Nyhetsbrevet inneholder samlet informasjon fra myndighetene. Kommunene er den primære målgruppen.

Dette er det siste nyhetsbrevet i sommer. Vi gjør en ny vurdering av behovet i august.

DIREKTORATET FOR HØYERE UTDANNING OG KOMPETANSE (HK.dir)

Studietilbod for flyktningar
Regjeringa har løyva totalt 47,8 millionar kroner til statlege og private universitet og høgskolar for at dei skal kunne gi flyktningar som kjem til Noreg i løpet av 2022 ein sjanse til å starte eller halde fram i høgare utdanning. Midlane er fordelt til universitet og høgskolar over heile landet. Opptaket vil skje lokalt ved institusjonane i løpet av sommaren 2022 og studietilboda til flyktningar vil vere tilgjengelege seinast frå hausten 2022.

HK-dir har publisert ei samleside med informasjon retta mot potensielle søkjarar til høgare utdanning blant flyktningane. På denne sida finn ein lenker til nettsider om studietilbodet for flyktningar ved utdanningsinstitusjonane, i tillegg til informasjon om kven som kan søke, korleis dei skal gå fram og elles om rettar og plikter for flyktningar som ønskjer å starte eller halde fram høgare utdanning i Noreg. 
Study in Norway for refugees

HK-dir vil i løpet av sommaren 2022 ha beredskap for spørsmål frå statsforvaltarane og kommunane, som kan kontakte oss på e-post ukraina@hkdir.no. Det er ikkje meininga at denne e-postadressa skal formidlast direkte til flyktningane.