Kommuneundersøkinga 2018 (nynorsk)


For å få ei oversikt over status for samfunnstryggleiksarbeidet i kommunane har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sidan 2002 gjennomført ei spørjeundersøking blant kommunane i landet.

Rapport

Last ned PDF (576,5KB)
Utgitt

Kommuneundersøkinga er ei eigenrapportering frå kommunane, der dei blir bedne om å svare på spørsmål om arbeidet sitt med kommunal
beredskapsplikt. Undersøkinga i år tek også føre seg integrering av klimaendringar og naturhendingar i førebyggjande kommunal planlegging. I tillegg er naudstraum og alvorleg legemiddelmangel med som særtema.

Eit tema som det ikkje har vorte spurt om tidlegare, er kommunane si vurdering av hendingar som kan føre til alvorleg legemiddelmangel i kommunane. Hovudinntrykket er at rundt halvparten av kommunane har diskutert problemstillinga, omtalt henne i eigne helsefaglege vurderingar og hatt dialog med institusjonar, apotek osv. Den andre halvparten
har ikkje jobba med problemstillinga lokalt. Eit fellestrekk verkar å vere at kommunane er avhengige av nasjonal handtering ved alvorlege manglar.