DSB årsrapport 2018 (nynorsk)


I 2018 har DSB arbeidd for å vere synleg, tydeleg og relevant. Det gjeld både overfor dei mange samarbeidspartnarane våre, og også overfor befolkninga. DSB sin innsats har vore viktig for å styrkje samarbeidet mellom ei rekkje sentrale aktørar på beredskaps- og krisehandteringsfeltet.

Rapport

Last ned PDF (4,8MB) Vis blabar PDF
ISBN-nummer
978-82-7768-498-7 (PDF)
HR-nummer
2424
Utgitt

Det har ført til at Noreg no er betre rusta til å handtere hendingar og kriser som måtte ramme samfunnet vårt, enn vi var for eitt år sidan. Utfordringa i 2019 – eit år utan store planlagde samvirkeøvingar – blir å halde ved lag og forsterke det gode samarbeidet. Minst like viktig blir det å bidra til at førebygging blir prioritert like høgt  som krisehandtering. Førebygging er rimelegare for samfunnet, og ikkje minst betre for menneska som kan bli ramma av kriser. Dei fleste ansvarlege aktørar har ein lang veg å gå før førebygging av konsekvensane av ekstremvêr og andre trugslar blir prioriterte like høgt som risikoen tilseier.