DSB årsrapport 2017 (nynorsk)


Noreg er eit trygt land å bu i. Men ikkje heile tida, sjølv i trygge land skjer både store og små ulukker, kriser og andre uønskte hendingar. DSB si hovudoppgåve er å førebyggje slike hendingar, og bidra til at beredskapen er god og at ressursane finn kvarandre og samarbeider effektivt når ulukker og kriser oppstår. Ei anna viktig oppgåve er å sikre evaluering og læring etter hendingar og øvingar, og implementere nødvendige tiltak.

Rapport

Last ned PDF (7,3MB) Vis blabar PDF
ISBN-nummer
978-82-7768-483-3 (PDF)
HR-nummer
2411
Utgitt

2017 har også vore eit spanande og innhaldsrikt år for fagområda eltryggleik, produkttryggleik, kjemikaltryggleik og brann og redning. På alle desse områda har vi føreslege og sett i verk endringar som skal gjere oss best mogleg førebudde på framtida. I 2018 vil vi halde fram arbeidet for å lage betre og enklare regelverk og tenester for alle målgruppene våre – ikkje minst befolkninga. Brukarorientering, digitalisering og effektivisering er høgt på DSB sin agenda, og mykje skal og må skje.