Teknisk vellukka varslingsprøve

, Nyhet


I dag kl. 12:00 blei naudvarsel på mobil testa nasjonalt samstundes med at Sivilforsvaret gjennomførte sin halvårleg test av tyfonane. Det er første gang naudvarsel er testa ut på folkesetnaden i så stor skala.

Testen blei gjennomført for å gjere folkesetnaden kjend med systemet, og sjekke at det fungerer slik det skal. Informasjon frå systema hos styresmaktene og mobiloperatørane tyder på at testen har vore vellukka.

– Det er for tidleg å gå ut med detaljar, men dei førebelse analysane viser at testen teknisk sett har vore vellukka, fortel Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB.

Sjølv om testen var vellukka, er det likevel slik at enkelte ikkje fekk varselet. Dette kan skuldast fleire ting, derimellom manglande 4G-/5G-dekning, at telefonen ikkje støttar naudvarsel eller at programvara på telefonen ikkje er oppdatert.

Tilbakemeldingar frå publikum

Det kjem no mange tilbakemeldingar til DSB frå personar som ikkje fekk varselet. Dersom du ønskjer å gi tilbakemelding på om og korleis du fekk testvarsel på mobilen, kan du fylle ut skjemaet på nødvarsel.no. Der finn du også mykje informasjon om naudvarsel.

– Vi har allereie fått tusenvis av utfylte skjema frå nødvarsel.no. Vi set stor pris på at folk tek seg tid til å rapportere tilbake til oss. Det gir oss verdifull innsikt, understrekar Aarsæther. 

DSB vil i samarbeid med NKOM gå gjennom og systematisere informasjonen for å sjå om det er område, mobiltelefonar eller anna som utmerkar seg.

Undersøking blant folkesetnaden

Naudvarsel blir sendt ut som radiosignal, og bruker ikkje opplysningar om mottakarane. Det er såleis ikkje mogleg for styresmaktene eller mobiloperatørane å vite kor mange som har fått testvarselet på mobiltelefon. For å kartleggje kor mange som har fått testen, gjennomfører DSB difor ei undersøking blant eit representativt utval av folkesetnaden. DSB vil dele resultata frå denne undersøkinga så snart dei er klare.

Test av tyfonane

Naudvarsel på mobil blei testa nasjonalt samstundes med at Sivilforsvaret gjennomførte sin halvårleg test av tyfonane. Under testen av tyfonane oppstod ein uføresett svikt ved 2,5 % av varslingsanlegga. Dette viser på landsbasis stabil feilprosent frå dei siste prøvene. Den uføresette svikten skuldast i stor grad mekaniske feil på kompressorane til anlegga.