Ny CBRNE-prosedyre

, Nyhet


Ein ny nasjonal CBRNE-prosedyre for naudetatar og naudmeldesentralar skal bidra til godt samarbeid og felles situasjonsforståing ved hendingar.

Hendingar med kjemiske stoff (C), biologiske smittestoff (B), radioaktive stoff (R), nukleært materiale (N) og eksplosiv (E) med høgt farepotensiale, blir gjerne omtalte som «CBRNE-hendingar». Slike hendingar er sjeldsynte i Noreg, men dersom dei skulle skje, kan dei få alvorlege konsekvensar for liv, helse, miljø, materielle verdiar og viktige samfunnsfunksjonar.

– CBRNE-hendingar er gjerne kjenneteikna av utryggleik, uføreseielegheit og eit stort informasjonsbehov. Difor er det viktig at alle aktørane som saman skal handtere slike hendingar, raskt får lik forståing av situasjonen og samarbeider effektivt. Dette skal den nye prosedyren bidra til, forklarer Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB.

CBRN-prosedyre.jpg

Frå signeringa av ny nasjonal CBRNE-prosedyre.
Øvst frå venstre: Espen Rostrup Nakstad (ass. helsedirektør i Helsedirektoratet), Per Strand (direktør i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik), Benedicte Bjørnland (direktør i Politidirektoratet) og Elisabeth Aarsæther (direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap). Foto: Politidirektoratet.

For at naudetatane og naudmeldesentralane skal kunne handtere CBRNE-hendingar etter beste praksis, må god kunnskap om rollene, ansvaret og handlingsmønstera til dei ulike aktørane vere etablert i forkant av hendingane. Under hendingane er det viktig med god fagleg rådgiving, koordinering og informasjonsdeling.

– Rask tilgang til spesialkompetanse er avgjerande ved CBRNE-hendingar; både for å forstå, handtere og redusere konsekvensane av hendingane. Prosedyren trekkjer opp tydelege roller og ansvar ved CBRNE-hendingar, og dette har alt å seie. Den største jobben ligg no framfor oss: å implementere prosedyren, påpeiker politidirektør Benedicte Bjørnland.

For å sikre god implementering er det viktig at prosedyren blir gjort kjend og øvd på regelmessig blant naudetatane og naudmeldesentralane.

– Rask varsling frå naudetatane ved radioaktive og nukleære hendingar er viktig for atomberedskapen i Noreg. Det gjer det mogleg å raskt forstå, handtere og redusere konsekvensane av slike hendingar, seier Per Strand, direktør i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og leiar av Kriseutvalget for atomberedskap.

Bakgrunn

  • «Nasjonal CBRNE-prosedyre for nødetater og nødmeldesentralene – Samhandling ved meldingsmottak, varsling, utrykning og etablering av CBRNE-innsatsområde» blei vedteken mars 2023.

  • Prosedyren er unnateke offentleg innsyn, jf. Offentleglova §24, tredje ledd, første punktum.

  • Helsedirektoratet, Politidirektoratet, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har saman eit overordna ansvar for implementering av prosedyren.

  • DSB vil ha ei koordinerande rolle på direktoratnivå i oppfølginga av implementeringa og den vidare forvaltinga av prosedyren.