Nordmenn ladar mykje

, Nyhet


Vi omgir oss med stadig fleire bruksgjenstandar i kvardagen som må krev jamleg lading. I ei undersøking som Kantar gjennomførte i samband med Brannvernveka 2023, kjem det frem at norske hushald i snitt har 12 ladarar – for alt frå mobiltelefonar og nettbrett til el-sparkesyklar og verktøy.

Det store omfanget gjer det openbert viktig å ha eit medvite forhold til kor og korleis ein ladar.

– Mange nordmenn nyttar til dagleg eit breitt spekter av batteridrivne einingar heime og på hytta. Det vil såleis ikkje overraske oss om det reelle talet på ladarar er høgare enn det som kjem fram i undersøkinga, seier administrerande direktør i Brannvernforeningen, Rolf Søtorp, og held fram:

– Med så mange ladarar og einingar som går på batteri, er ein nøydd til å ha klart for seg kva som kan skape potensielt farlege situasjonar i heimen. Skadar på utstyret eller feil bruk kan resultere i branntilløp eller brann. Ladevettreglane som blei lanserte i 2021, gir god rettleiing til korleis du ladar tinga dine på ein trygg og forsvarleg måte.

Batterier er særleg utsette

Branningeniør hos If forsikring, Anders Rørvik Ellingbø, minner om at ein ikkje skal bruke skadde ladarar eller batteri. Ellingbø er leiar ved skadeførebyggjande avdeling, og har sett mange døme på branntilløp og brannar i skadd elektrisk utstyr.

Dersom det er misfarging eller sprekkar ved kontaktane, batteriet har fått seg ein smell, eller byrjar bule eller bli unormalt varmt, er det viktig å ta affære raskt.

– Eit skadd batteri kan utvikle farlege gassar, og det kan i verste fall oppstå brann. Dei energirike litium-ion-batteria som vi finn i dei fleste oppladbare einingane vi bruker i kvardagen, er dessutan meir utsette for brannutvikling enn mindre energirike batteritypar, påpeiker han.

Altfor få gjennomfører brannøving

I samband med Brannvernveka blir alle oppmoda til å gjennomføre brannøving heime. Undersøkinga viser at berre 13 prosent har gjennomført brannøving der dei bur, i løpet av dei siste 12 månadene. For Johan Marius Ly, avdelingsdirektør ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, er dette låge tal.

– Éin ting er å vite kva ein skal gjere for å unngå at det i det heile byrjar brenne. Noko anna, men minst like viktig, er å vite kva ein gjer dersom det likevel oppstår brann. Ei brannøving treng ikkje vere veldig komplisert. Ein god start er å ta ein prat over middagsbordet om kva som kan utløyse ein brann i heimen, korleis ein kan unngå at det skjer, og kva ein gjer viss det skjer, forklarer Johan Marius Ly, og avsluttar:

– All erfaring viser at øving gjer meister, så om du samstundes nyttar høvet til å teste evakuering gjennom rømingsveg og brannstige, vil du vere betre rusta dersom uhellet skulle vere ute.

Om Brannvernveka

I veke 38 kvart år arrangerer ein Brannernveka for å setje ekstra fokus på branntryggleiken i Noreg. Målet er å gjere alle medvitne om brannfaren i ei tid på året då talet på bustadbrannar tradisjonelt aukar. Brannvernveka er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og If forsikring

Ladevettreglane

  1. Lad i rom med røykvarslar.
  2. Lad når du er vaken og til stades.
  3. Les og følg brukarrettleiinga frå produsenten.
  4. Bruk helst ein originalladar.
  5. Lad på eit underlag som ikkje lett tek fyr.
  6. Ikkje lad i senga.
  7. Ikkje lad i korridorar eller i trapperom. Desse må kunne nyttast som fluktveg ved brann.
  8. Byt ut skadd utstyr.
  9. Stopp ladinga dersom det kjem lydar, lukter eller blir unormalt varmt.
  10. Ring brannvesenet på 110 dersom det kjem røyk og flammar.

Ladevettreglane, som er utarbeidde av Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og If forsikring, blei lanserte i samband med Brannvernveka 2021.