Elsikkerhet 2022

, Nyhet


Elsikkerhet nr. 94 er no ute. Bladet inneheld mellom anna statistikk og omtale av el-ulukker, faglege artiklar og informasjon frå NEK og Energi Norge.

Det blei i 2021 meldt inn 610 el-ulukker. Dette er medrekna hendingar som involverer elektrofagfolk, andre yrkesgrupper og privatpersonar. 180 av meldingane involverte skadar, og 140 elektrofagfolk blei skadde. Det samla talet på hendingar er noko høgare enn det har vore dei siste åra.

– Vi trur at auken i talet på melde hendingar primært skuldast større kunnskap om når ein skal melde, og kven som skal melde, forklarer seksjonssjef i Eltryggleiksseksjonen, Jon Eirik Holst.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap fekk i 2021 ingen meldingar om dødsulukker med straumgjennomgang eller lysboge som årsak. Heller ikkje i 2020 kom det meldingar om slike dødsulukker, og det er første gong for denne typen statistikk at ein har to år på rad utan dødsulukker. 2021 er det åttande året sidan 1998 vi har hatt null dødsulukker.

I nyheitsbladet Elsikkerhet kan du lese meir om regelverket knytt til sikkert arbeid, elektroføretak, kvalifikasjonskrav og tekniske krav til elektriske anlegg.

>> Sjå nyaste og tidligare utgåver av bladet Elsikkerhet