Difor var det enkelte som fekk naudvarsel mange gongar

, Nyhet


Måndag blei det etter ønskje frå statsforvaltarane sendt ut naudvarsel frå seks politidistrikt. Hensikta var å åtvare innbyggjarar og turistar om ekstremvêr. Gjennomgangen av utsendinga er godt i gang og har høg prioritet. Her er nokre av funna ein har gjort så langt.

For å åtvare innbyggjarar og turistar om ekstremvêret bad statsforvaltarane i dei ramma fylka om at politidistrikta skulle sende ut naudvarsel. Måndag 7. august blei det difor sendt ut naudvarsel på mobil i følgjande politidistrikt: Innlandet, Aust, Sør-Aust, Møre og Romsdal, Trøndelag og Vest. Varsla blei sende ut enkeltvis, med tekstar som statsforvaltarane hadde utarbeidd.

− Det er trist å sjå dei enorme øydeleggingane som ekstremvêret har ført til mange stader. Samstundes er eg glad for at dette var ei godt varsla hending, slik at både styresmaktene og publikum var godt førebudde, og at det ikkje har gått liv tapt i denne krisa, som enno ikkje er over, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB.

Naudvarsel blei sendt ut og teke imot over eit stort område, og vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå publikum. Det var likevel fleire som opplevde naudvarselet som irrelevant, eller som støyande, fordi dei fekk det meir enn éin gong. DSB har saman med politiet, Nasjonal kommunikasjonsmyndighet og mobiloperatørane sett nærmare på dette.

Fareområde og varslingsområde

Enkelte har reagert på at dei fekk varsel sjølv om dei oppheldt seg utanfor det raude området på NVE-kartet over fare for ekstremvêr. Det er difor viktig å presisere at naudvarsel ikkje berre blei sendt ut til dette området, men også til fleire omkringliggjande område (jf. oversikta over statsforvaltarar/politidistrikt innleiingsvis).

Utsendinga av naudvarsel baserer seg på signal frå mobilmaster, og desse signala «skyt» i fleire retningar. Det er såleis ikkje mogleg å spisse eit varsel nøyaktig til eit skarpt avgrensa geografisk område. Med andre ord vil det alltid kunne vere personar som får varsel utan at dei er i det valde varslingsområdet for naudvarselet.

− Ekstremvêret var venta å treffe eit stort område med anten raudt eller oransje farevarsel. For å nå breitt ut blei naudvarsla sende ut over eit stort samla areal. Det er difor ikkje feil at mange utanfor flaumfareområda fekk naudvarsel. Samstundes kunne eit snevrare utsendingsområde ha gjort at færre opplevde naudvarselet som forstyrrande og unødvendig, seier Lars Aune, stabssjef i Politidirektoratet.

Mottak av fleire varsel

Enkelte har opplevd å få fleire naudvarsel om same hending. Det er fleire årsaker til dette:

  • Ettersom naudvarsla om ekstremvêr blei sende ut i fleire politidistrikt, overlappa dekninga i enkelte område. Personar som har opphalde seg i eller reist gjennom område med overlappande dekning, kan såleis ha fått naudvarsel frå fleire politidistrikt. Ettersom tekstane i naudvarsla var ganske like, kan desse ha blitt oppfatta som duplikat av same varsel.
  • Abonnentar som har to SIM-kort eller vekslar mellom ulike nett, kan få naudvarsel frå fleire mobilnett dersom telefonen byter nett medan det framleis blir sendt ut aktive varsel.
  • Eit naudvarsel blir sendt ut i eit aktuelt geografisk område, og kan ha ei gyldigheit på mange timar. Dette blir gjort for å sikre varsling også av personar som beveger seg inn i eit område der det allereie er sendt ut naudvarsel. Aktive varsel blir sende ut som radiosignal til alle mobiltelefonar i eit område. Dersom telefonen din har fått naudvarselet, skal han kjenne att signalet som blir sendt, og forstå at han ikkje treng å vise same varsel på nytt. Standardteknologien som naudvarsel er basert på, er på den andre sida laga slik at varsel med lang varigheit skal bli «gløymde» av telefonen etter ei tid. Dette er gjort med hensikt, slik varselet skal kunne visast på nytt for å minne om at faren framleis er til stades.
  • Naudvarsla om ekstremvêr blei sette opp med relativt lang varigheit, ettersom faren for ekstremvêr strekte seg over fleire dagar. Dette er forklaringa på at telefonar fekk ei ny runde med varsling ei tid etter første varsel. Når eit varsel går ut (ikkje lenger er aktivt), skal også varslingane stoppe.

− Trass i at det berre blei sendt ut naudvarsel i éin omgang per politidistrikt, opplevde mange i publikum å få ei rekkje likelydande varsel. Vi har full forståing for at folk har reagert på dette. Her må vi sjå på om rutinane, spesielt ved regional varsling, bør innrettast på ein måte som gjer at vi unngår dette ved seinare utsendingar, seier Aune.

Læring og evaluering

DSB jobbar no tett med politiet, Nasjonal kommunikasjonsmyndighet og mobiloperatørane for å gå gjennom utsendingane frå den siste veka og finne læringspunkt til det vidare arbeidet med naudvarsel. Læringspunkt blir innarbeidde fortløpande.

Ein samla rapport med oversikt over erfaringar, tiltak, justeringar og eventuelle endringar som gjennomgangen avdekkjer behov for, skal leverast til Justis- og beredskapsdepartementet i byrjinga av september.