Bålforbod frå 15. april

, Nyhet


I Noreg gjeld eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I dette tidsrommet er det forbode å tenne opp bål og grill i eller nær skog og utmark.

Trass i det generelle bålforbodet har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Dette kan til dømes vere viss det ligg snø på bakken, eller det har regna i lengre tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon, og på tilrettelagde grill- og bålplassar som kommunen har godkjent. Sjekk alltid kva reglar som gjeld i din kommune, før du tenner bål.

Brannfaren er som regel størst på våren, før gras og grøn botnvegetasjon kjem opp.

– Dei aller fleste brannar i skog og utmark skuldast menneskeleg aktivitet, og då ofte aktløyse. Bålbrenning og grilling er dei vanlegaste årsakene, opplyser avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

Så langt i år (13.04.2023) er det rapportert inn 118 grasbrannar og 15 brannar i skog og utmark. Agder fylke har hatt flest, med 41 grasbrannar og 3 brannar i skog og utmark. På same tidspunkt i fjor hadde det vore 290 grasbrannar og 59 brannar i skog og utmark. I 2022 var det totalt 1275 brannar i skog og utmark, og skogbrannhelikopter var i aksjon ved 42 brannar.

Overvakar skogbrannfaren

– DSB overvakar skogbrannfaren fortløpande, og i periodar med stor skogbrannfare set DSB fleire helikopter i beredskap rundt om i landet, fortel Ly.

Skogbrannhelikopteret er i fast beredskap i perioden 15. april til 15. august. Helikopteret er stasjonert på Torp utanfor Sandefjord.

Handtering av skogbrannar er eit kommunalt ansvar, men Staten har fleire ordningar for å hjelpe kommunar som blir ramma av skogbrannar.

– Staten set inn skogbrannhelikopter ved behov. Saman med skogbrannhelikopter får den lokale brannsjefen obligatorisk leiarstøtte frå skogbrannekspertar. Sivilforsvaret stiller også med mannskap og utstyr ved mange skogbrannar, påpeiker Ly.


>> På nettstaden sikkerhverdag.no kan du lese meir om kva du bør gjere ved skogbrann, og kva du bør ha i bakhovudet før du tenner bål.

>> Sjekk grasbrannfaren her