Noreg styrkar beredskapen

, Nyhet


Neste gong katastrofen råkar, kan Noreg på kort varsel sende ut eit lettfeltsjukehus og spesialtrena personell. Denne ressursen - Emergency Medical Team (EMT) - skal vere klar til å behandle dei første pasientane innan 48 timar etter utkalling.

Basert på mellom anna erfaringar frå jordskjelvet på Haiti i 2010 og ebolainnsatsen i 2015, har Verdas helseorganisasjon (WHO) laga ein modell for EMT. Kvalitet, god trening og felles retningslinjer på tvers av landegrensene, er avgjerande for at det internasjonale samfunnet skal greie å yte rask og effektiv hjelp når krisa råkar.

DSB er på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet, nasjonalt kontaktpunkt for førespurnader om humanitær bistand frå EU, FN eller NATO, og har lang erfaring med denne type oppdrag gjennom Norwegian Support Team. At EMT kan utnytte erfaringa til DSB med å etablere internasjonal bistandslogistikk og feltmessig infrastruktur, er ein stor fordel.

Denne veka trenar det første EMT-teamet i Noreg på Akershus festning i Oslo. Øvinga gjer at teamet får den naudsynte godkjenninga til innsats frå FN og EU, og såleis er klare til å rykkje ut på kort varsel. Temaet, på totalt 20 personar, består av legar, sjukepleiarar, ambulansepersonell og logistikkpersonell. Det skal utdannast til saman tre norske team. Kompetansen er sett saman slik at dei kan handtere alt frå enklare skadar, til fødslar og stabilisering av alvorlege tilstandar.

Seinast 48 timar etter varslinga, skal lettfeltsjukehuset vere reist og i drift, same kva land i verda som treng hjelp. Noregs EMT er det første teamet i verda som også er utstyrt for å kunne operere i kalde og arktiske klima. - Sjølv om det er naturleg å tenkje at teamet først og fremst får oppdrag i utlandet, kan teamet også mobiliserast om ein katastrofe råkar Noreg. Dette vil såleis vere med på å styrke beredskapen vesentleg også ved hendingar i Noreg og i nærområda våre, seier direktør Cecilie Daae i DSB.

Noregs EMT har ein kapasitet på 100 pasientar i døgnet, og føresett at vatn og drivstoff er tilgjengeleg, er teamet sjølvforsynte i seks veker. Hendingar som jordskjelv, andre naturkatastrofar og alvorlege sjukdomsutbrot er nokre døme på kva teamet kan tenkjast å rykkje ut på, om FN eller EU bed om hjelp.

Teamet som no sertifiserast, er eit resultat av eit godt samarbeid mellom DSB og Helsedirektoratet. DSB skal forvalte ordninga og ha den operasjonelle leiinga ved innsatsar på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet. - Eg er veldig glad og stolt over at vi har fått godkjent eit slikt team. Med dette bidreg Noreg til at fleire menneske kan få rask og god helsehjelp når krisa råkar, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Prosjektet er i hovudsak finansiert av Utanriksdepartementet.

 

.