Velg språk:

Dette betyr flyalarmen

I Noreg har vi 1250 anlegg for å varsle befolkninga om akutt fare. Her kan du lese om når varslingsanlegga blir tekne i bruk, og kva signala tyder.

Varslingsanlegg i forgrunnen, og en by i bakgrunnen.
Foto: Stian Olberg / DSB

Varslingsanlegga blir ofte kalla flyalarm og tyfonar. Dei kan brukast både i fred og i krig for å varsle befolkninga når det er akutt fare. I fredstid er det politiet som avgjer om varsling skal utløysast. Dette kan til dømes vere aktuelt ved ein gasslekkasje frå industrien eller dambrot i vassmagasin. I krig kan Sivilforsvaret aktivere varslingsanlegga når det er fare for flyangrep.

Det finst om lag 1250 anlegg i Noreg. Dei fleste av desse er plasserte i byar og tettstader, og signala vil kunne høyrast av over halvparten av befolkninga.

Varslingstestar

Sivilforsvaret held ein landsomfattande test av varslingsanlegga to gonger i året, for å forsikre at tyfonane fungerer og er klare til bruk. Testane skjer klokka 12 den andre onsdagen i januar og juni. Signalet som blir testa då er «Viktig melding – søk informasjon» 

Hvem har ansvar for hva

DSB/Sivilforsvaret

har ansvaret for varslingsanlegga. Kort sagt inneber dette å sørgje for at tyfonane verkar og er klare til bruk. Sivilforsvaret gjennomfører ei landsomfattande varslingsprøve to gongar i året – i januar og juni.

Politiet

har ansvar for å trykkje på knappen og utløysa varslingsanlegga dersom det er behov for å varsle befolkninga. Ved krig kan også Sivilforsvaret utløysa signalet.

NRK

har ansvar for å sende styresmaktene sine beredskapsmeldingar og viktig informasjon på radio. Det er òg NRK sitt ansvar å sørgje for at meldingane kan nå fram – det vil seie at dekninga til NRK sitt DAB-sendenett er så god at befolkninga har høve til å ta imot meldingane på sine DAB-radioar.

Statens vegvesen

har ansvar for DAB-signal i tunnelar, slik at dei som oppheld seg i ein tunnel når beredskapsmeldinga blir sendt på radio, òg høyrer meldinga. I tunnelar med DAB-sendarar vil meldingane kome på alle kanalar, ikkje berre NRK P1. Skilt med radiosymbol vil lyse opp for å fortelje bilistane at dei må skru på radioen.