Kontroll av elektriske anlegg på mindre skip

Her finn du informasjon om ordninga med kontroll av det elektriske anlegget om bord i mindre skip.

Det føreligg krav i forskrift om maritime elektriske anlegg om at det elektriske anlegget i fiske- og fangstfartøy, samt laste- og passasjerskip med største lengd under 15 meter, skal gjennomgå ein kontroll. Denne kontrollen skal gjennomførast av elektroverksemder som er godkjende av DSB. Det er reiar som har ansvar for å sørgje for at det elektriske anlegget vert kontrollert.

Informasjon til reiarar

Om lag 65 elektroverksemder langs kysten er aksepterte for å utføre slik kontroll. Ei oversikt over desse verksemdene finn du i Elvirksomhetsregisteret.  

  • For å finne desse elektroverksemdene i registeret, gjer du følgjande: Vel «Vis detaljert søk»
  • Legg inn kommunenamn og arbeidsoppgåve: kontroll av fiske- og fangstfartøy og lasteskip < 15 meter

Informasjon til elektroverksemder

Elektroverksemder kan søkje om å bli aksepterte av DSB. Kriteria for godkjenning er skildra i vedlegget til avtalen. Alle relevante dokument er tilgjengelege i PDF-format og kan fyllast ut elektronisk i dei blå felta. Søknaden skal sendast til det regionkontoret som dekkjer den geografiske plasseringa til elektroverksemda.

DSB har utarbeidd eit eige kontrollskjema med tilhøyrande rettleiing som skal nyttast ved kontrollen