Velg språk:

Slik lagar du mat i ei krise

Ein moderne komfyr og rennande vatn i springen tek vi som sjølvsagde i kvardagen, men plutseleg kan tilgangen på både straum og vatn forsvinne. Med litt planlegging kan du lage gode og mettande måltid òg i ei krise.

Turutstyr og eit glas med linser ute på ein balkong.
Ivar Kvaal / DSB

Det er ikkje alltid lett å lage eit måltid av det du tilfeldigvis har i skapet. I råda om eigenberedskap blir det tilrådd å lagre fleire ulike varer som knekkebrød, hermetikk, bønner og ris – men kva kan du eigentleg lage av det? 

Les òg: Mat du bør ha i hus i tilfelle krise

Måltid utan varme og vatn

Om du plutseleg ikkje har tilgang til varme og vatn, er det smart å ha ein plan for kva du kan eta. Her er nokre forslag:

Knekkebrød med pålegg

Dette er enkelt å lagre og lett å lage. Knekkebrød med makrell i tomat, leverpostei, syltetøy eller anna langtidshaldbart pålegg er eit godt val som mettar. Det krev verken varme eller vatn, og kan etast direkte frå lageret.

Linse- og bønnesalat

Ein næringsrik salat som kan varierast etter smak og kva ferske og lagra ingrediensar du har. Bland hermetiske kokte linser, bønner eller kikerter med bogskinke eller tunfisk, soltørka tomatar, raudlauk og tørka urter. Cashewnøtter og kapers gir ekstra smak. Har du olivenolje, honning, sennep og sitron på flaske, kan du lage enkel dressing.

Måltid med varme og vatn

Om du har lagra vatn og har tilgang til grill eller kokeapparat, får du fleire moglegheiter. Sørg for at du har nok brensel (gass, kol, sprit) og matalternativ som kan lagast med det utstyret du har. Her er nokre forslag:

Havregraut med tilbehøyr

Havregraut krev få ingrediensar, kan lagast med relativt lite brensel, og kan varierast med ulike smakstilsetjingar. Ein porsjon kan for eksempel serverast med eplesyltetøy og kanel eller nøtter og rosiner.

Lapskaus med flatbrød og tyttebærsyltetøy

Lapskaus på boks er ei praktisk løysing når du treng eit varmt måltid raskt. Varm opp lapskausen i ei kjele på kokeapparatet, og server med flatbrød og tyttebærsyltetøy for ein tradisjonell og mettande middag.

Tacogryte

Dersom du saknar fredagstacoen, kan du lage ei enkel tacogryte med langtidshaldbare varer. Bruk ingrediensar som kikerter, tacokrydder, lauk, tomatpuré, mais, hermetiske tomatar, ris og vatn, og lag ei smaksrik gryte. 
Uansett kva du planlegg å lage, er det lurt og jamleg teste at utstyret fungerer som det skal, og at du har nok brensel. Jo betre førebudd du er, desto enklare blir det å handtere ei krise.