Isolasjon og temperaturkontroll
- Trekk ut stikkontakten før du isolerer frysaren – aldri isoler medan straumen framleis er på.
- Unngå å opne lokket unødig for å halde kulda inne.
- Pakk frysaren inn i aviser, ullteppe, dyner eller liknande for å redusere varmetap.
- Senk temperaturen i rommet der frysaren står, dersom det lar seg gjera.
- Dersom straumbrot er varsla, kan du bruke mode «innfrysing» 1–2 døgn i forkant for å kjøle maten ned så mykje som mogleg.
Kor raskt stig temperaturen?
- For ein full fryseboks går temperaturen frå - 18 °C til - 12 °C på 10–30 timar, dersom straumen er vekke.
- Om frysaren har lite innhald, skjer temperaturauken raskare.
- Ved straumbrot over seks timar: ta grep for å redde matvarene før dei vert øydelagde.
Fryse maten på nytt?
- Dersom matvarene berre er delvis tint, kan dei frysast att.
- Er dei heilt tint, bør du behandle dei som ferskvarer: bruk dei raskt gjennom steiking eller koking før eventuell gjenfrysing.
- Du kan òg pakke inn, eller isolere, fryseboksen for at matvarene skal klare seg gjennom straumbrotet.
Ved langvarig krise
- Dersom eit straumbrot rammar store område over lengre tid, er det viktig å tenkje gjennom korleis ein kan få maten til å vare lengst mogleg.
- Det er då lurt å bruke mat med kort haldbarheit først – som kjøle- og frysevarer – før du tek tørrvarene som toler å stå lenge i romtemperatur.
- Dersom du har mykje mat i fryseboksen, kan du vurdere å invitere naboar, familie og vener til å ete opp maten før han blir dårleg. Les meir om beredskapsvener.
Usikker på om straumen har vore borte?
Dersom straumen har vore borte på hytta eller medan du har vore på ferie, kan det vere vanskeleg å vite kor lenge straumbrotet har vart. For å lettare kunne oppdage dette kan du bruke dette enkle trikset: Set eit glas med vatn i fryseboksen. Når vatnet har frose til is, legg du ein mynt på toppen. Dersom straumen går, vil mynten søkkje ned når isen smeltar. Slik får du ein peikepinn på kor lenge fryseboksen har vore utan straum.