Velg språk:

Korleis snakke med barn og unge om krise og krig?

Barn og unge er særleg utsette i kriser og når dei møter usikkerheit. Ta deg tid til å lytte til bekymringane deira. Forsøk å gi ærleg, men ikkje skremmande informasjon.

Ei ung ung jente pratar med ein vaksen i ei stue.
Foto: Johnér

Utdanningsdirektoratet har samla gode råd om korleis du kan snakke med barn og unge om krig og frykt.

Når ein tek opp vanskelege tema, er det viktig å ikkje overlate barn og unge til fantasien sin. Å unngå visse spørsmål eller gi mangelfulle svar kan føre til unødvendig angst og forvirring. Vaksne bør skape eit trygt rom der barn og unge kan stille spørsmål og gi uttrykk for kjenslene sine. Vaksne bør svare ærleg og direkte på alle spørsmål, men òg vere opne om at ein ikkje har alle svara.

Les meir på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.