Tilgang på vatn tek vi ofte for gitt. Me vaskar hendene fleire gonger om dagen, og ein dusj dagleg dusj er ein sjølvfølgje for mange. Men kva skjer om vatnet forsvinn over lengre tid?
Utan vatn vert personleg hygiene raskt ei utfordring. Dårleg hygiene aukar risikoen for sjukdom og smittespreiing - dette er noko som er viktig å planleggje for, særleg med omsyn til mat og matlaging.
Dersom vatnet vert borte over tid
- God handvask er viktig for å unngå sjukdom og bakteriar. Difor må du vere nøye med personleg hygiene, særleg etter bruk av toalettet og før du handterer mat.
- Hald bustaden rein og ryddig. Ved å kasta søppel og matrestar raskt, unngår du problem med bakteriar og skadedyr.
- Dersom toalettet ikkje fungerer, kan du lage eit naudtoalett: plasser ein dobbel plastpose rundt toalettsetet eller i ei bøtte, bind posane godt med dobbel knute, og kast dei i vanleg restavfall.
Vann fra varmtvassbehaldarar og andre kjelder
- Vatn frå varmtvassbehaldaren i bustaden kan nyttast i ein krise. Før du tappar vatn, trekk ut kontakten til behaldaren (ikkje la straumen vere tilkopla). Merk at dette vatnet ikkje bør drikkast.
- Du kan også vurdere å samle vatn frå tak, elvar eller ferskvatn til bruk til reinhald eller kroppsvask. Ved atomnedfall eller kjemiske utslepp, kan slike kjelder vere sterkt forureina og farlege - du bør først innhente informasjon frå myndigheitene.