Fleire betalingsalternativ kan avgrense konsekvensane dersom du ikkje lenger kan betale slik du brukar.
Her er Norges Bank sine råd om eigenberedskap for betalingar:
Ha fleire betalingskort
Du bør ha fleire og ulike betalingskort tilgjengelege. I tilfelle éi kortløysing ikkje fungerer, vil du kunne betale med ei av dei andre. Ulike kortløysingar som er vanlege i Noreg, er til dømes BankAxept, Visa og Mastercard.
Du bør òg ha eit fysisk BankAxept-kort tilgjengeleg. Grunnen til det er at enkelte av dagens beredskapsløysingar for kortbetaling berre fungerer for denne typen kort. Betalingskort i appar på mobiltelefon eller andre digitale einingar vil ikkje nødvendigvis fungere i ein beredskapssituasjon.
Fysiske betalingskort er òg god beredskap ved tilfelle som tapt mobiltelefon eller tomt batteri.
Ha nokre kontantar
Kontantar kan brukast sjølv om dei elektroniske løysingane ikkje fungerer, men i enkelte situasjonar kan det vere vanskeleg å få tak i kontantar. Noregs Bank tilrår difor at du har noko kontantar tilgjengeleg, i ulike og gjerne mindre valørar. Vurder kor stort beløp du treng, med tanke på kva du har av naudsyntvarer, og kva du kan trenge å kjøpe i ein beredskapssituasjon.
Ha konto i fleire bankar
Du bør ha konto i meir enn éin bank og noko innskot på kvar konto. Det gjer at du kan betale sjølv om systema til den primære banken din er utilgjengelege.