Rettleiar til beredskapsanalyse for brann- og redningsvesenet og naudmeldesentralane inkludert malar


Forskrift om organisering, bemanning og utrusting av brann- og redningsvesen og naudmeldesentralane (brann- og redningsvesenforskrifta) stiller eit tydelegare krav til at risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), førebyggjande analyse og beredskapsanalyse skal danne grunnlaget for korleis brann- og redningsvesenet og naudmeldetenesta skal vere organisert, bemanna og utrusta for å kunne skjøtte ansvaret sitt på ein best mogleg måte.

Veileder

Last ned PDF (941,5KB) Vis blabar PDF
ISBN-nummer
ISBN 978-82-7768-526-7 (PDF)
HR-nummer
2451
Utgitt

Rettleiaren viser korleis ein beredskapsanalyse kan gjennomførast, og set denne i samanheng med risiko- og sårbarheitsanalysen og den førebyggjande analysen. 

Rettleiaren gir ei generell beskriving av alle  analysetypane, men fokuset er på beredskapsanalysen og korleis denne skal gjennomførast. Metoden som blir beskriven her, er tilpassa til målgruppa. Som eit supplement til rettleiaren, er det utarbeidd skjema, malar og nokre døme på innhald i ein beredskapsanalyse. Det er ikkje obligatorisk å følgje metoden som står i rettleiaren, men denne vil bidra til å oppfylle analysekrava i brann- og redningsvesenforskrifta.

Rettleiaren er utarbeidd av DSB. Det er nytta ei referansegruppe med representantar frå brann- og redningsvesen, naudmeldetenesta og fagmiljøet ved Universitetet i Stavanger.

Vedlegg

Vedleggene i veilderen er tilgjenglig i bokmål og nynorsk og kan benyttes som et utgangspunkt for dokumentasjon.

Bokmål

 

Nynorsk