Går eltryggleiksområdet etter i saumane

, Nyhet


DSB har gjennomført ein grundig gjennomgang av arbeidet sitt med eltryggleik for å synleggjere utfordringar og forbetringspunkt.

Arbeidet skal danne grunnlag for ein mest mogleg rasjonell og effektiv verkemiddelbruk i møte med ny teknologi, endringar i risikobiletet, nye aktørar, nye energikjelder og nye forbruksmønster.

Liv, helse og materielle verdiar

Elektrisitet spelar ei avgjerande rolle i samfunnet i dag. Kvart år seljast det elektrisk installasjonsmateriell og produkt for over 60 milliardar kroner, og det blir investert i nye elektriske installasjonar for godt over 100 milliardar kroner innanfor transport, offshore, industri, kraftforsyning og bygningar.

Samstundes har elektrisitet alltid vore sett i samband med potensiell fare for liv, helse og materielle verdiar. - Mange har mista heimen sin eller sine kjære etter brannar med elektrisk årsak, og menneske har også mista livet eller fått alvorlege skadar som følgje av mellom anna straumgjennomgang under arbeid, fritid og leik, seier Cecilie Daae, direktør i DSB. Føremålet med gjennomgangen av eltryggleiksområdet er å synleggjere utfordringane og finne forbetringspunkt i arbeidet som gjerast med eltryggleik i Noreg.

Arbeidet, som har involvert bransjen, andre styresmakter og interne ressursar i DSB, har munna ut i ein sluttrapport. - Rapporten er grundig og gjev ei god faktaskildring av dagens situasjon og utfordringane innanfor eltryggleiksområdet i framtida, seier Daae.

Auka bruk og avhengigheit av elektrisitet Eit viktig område rapporten tek for seg, er kor avhengige vi menneske er av elektrisitet og at det blir ein stadig viktigare del av samfunnstryggleiken.

- Eltryggleik i transportsektor og kritisk infrastruktur betyr mykje for folk flest og det er ein føresetnad at dette er på plass, slik at vi ikkje blir ståande igjen på perrongen - bokstaveleg talt, seier Daae. Auka bruk av elektrisitet er også ein viktig del av «det grøne skiftet». Investeringar i solceller aukar, det er historisk høg investering i kraftforsyninga og det utviklast stadig betre lagringsteknologiar. Transportsektoren skal også elektrifiserast. Vi får smarte hus og avansert styring av høgteknologisk elektrisk utstyr. - Auka klimapåkjenningar er ei utfordring for kraftforsyninga. Sårbarheit i straumforsyning og EKOM-nett blir stadig meir samfunnskritisk. Vi blir meir avhengige av helse- og velferdsteknologi når eldre skal bu heime.  Elektriske apparat blir meir avanserte og må vere kopla opp mot internett for å fungere som dei skal. I framtida vil vi krevje 100 prosent oppetid både på straumforsyning og internett, seier Daae.

Vil hindre ulykker

Daae ønskjer å fortsetje det gode arbeidet med å redusere talet på ulykker med elektrisk årsak, men er likevel ikkje fornøgd med talet på ulykker knytte til elektromedisinsk utstyr og talet på yrkesrelaterte ulykker blant elektrofagfolk. - Talet på brannar med elektrisk årsak er også for høgt, seier ho. DSB ønskjer no innspel og vurderingar rundt innhald og framlegg til tiltak i rapporten. Rapporten er også sendt ut til bransjen, grenseflatestyresmakter som er omtalte i rapporten, samt til diverse brukarorganisasjonar. Innspel og vurderingar rundt innhaldet i rapporten sendast til postmottak@dsb.no innan 22. mars.

Vedlegg:

>> Elsikkerhetsprosjektet sluttrapport (pdf)

>> Elsikkerhetsprosjektet sluttrapport (blabar pdf)

>> Samfunnsøkonomisk analyse av elsikkerhetsområde (pdf)