Fidget spinnarar - desse reglane gjeld

, Nyhet


Fidget spinners, eller berre spinners, har blitt enormt populært blant barn verda over, også i Noreg. DSB minner om at den som skal produsere, importere og/eller selje slike spinnarar har ansvar for at produkta er sikre og i samsvar med gjeldande krav.

Krav til spinnarar

Ein fidget spinner er etter vurderinga til DSB eit leiketøy, meint for barn over tre år. Dette betyr at produktet må oppfylle krava i leiketøyforskrifta og relevante EN71-standardar. Det skal liggje føre teknisk dokumentasjon og samsvarserklæring, og produktet skal vere CE-merkt. Det skal også merkast med ei åtvaring om at produktet ikkje er eigna for barn under tre år.

Krav til produsent, importør og seljar:

Den store etterspurnaden etter fidget spinnarar gjer at mange ønskjer å produsere, importere og selje desse. Alle som skal produsere, importere og/eller selje fidget spinnarar på den norske marknaden har ansvar for at produkta er sikre og i samsvar med gjeldande krav. Barn er ei særleg sårbar forbrukargruppe, og det finst difor eige regelverk som skal førebyggje helseskade hos barn som følgje av bruk av farlege leiketøy. Til dømes er det krav om at leiketøy ikkje skal ha små, lause delar som kan føre til kveling. Leiketøyforskrifta gjev opp nærmare informasjon om pliktene til dei einskilde marknadsaktørane. DSB har i tillegg utarbeidd rettleiing til produsentar, importørar og distributørar av leiketøy:

Meld frå om farlege produkt

I samsvar med produktkontrollova § 6b har verksemder også ei sjølvstendig plikt til å melde frå til DSB om produkt som er farlege, og kva tiltak dei set i verk for å hindre skadar. Det skal meldast frå til DSB uavhengig av kva tiltak som setjast i verk.

>> Rettleiar om meldeplikt ved farlege produkt og skjema for å melde inn 

Kva gjer styresmaktene?


Når det blir oppdaga produkt som er farlege eller som ikkje oppfyller krava i regelverket kan DSB følgje opp og setje i verk tiltak, til dømes påleggje ansvarleg marknadsaktør omsetningsforbod, fatte vedtak om tilbaketrekking frå butikk og/eller tilbakekalle produktet frå forbrukar. DSB har per i dag ikkje motteke informasjon om at det har skjedd farlege eller uønskte hendingar med fidget spinnarar i Noreg.

Hånd med blå spinner leketøyFoto: Colourbox

Fakta om fidget spinners:

Ein fidget spinnar er ein slags snurrebass. Han har eit kulelager med lokk i midten, og rundt sit to-tre vekta armar. Brukaren held på kulelageret og snurrar spinnaren rundt og rundt. Dei kjem i mange utformingar og materiale, inkludert messing, koppar, rustfritt stål, titan, aluminium og plast. Kulelagra kan vere keramiske, av metall eller ei hybridløysing. Det varierer også kor lenge dei spinn og kva slags vibrasjonar og lyd dei gjev frå seg. Det kan vere store prisforskjellar mellom spinnarane, avhengig av kvalitet, materialval og design.