- Sivilbefolkninga har krav på vern - frå forsterkning til totalforsvar

, Nyhet


Tilfluktsrom, tyfonvarsling og evakueringsplanar er framleis relevante tiltak for å verne befolkninga i krise og krig. Det er likevel naudsynt med store investeringar for å oppgradere og modernisere til dagen krav og trugsmålsbilete.

FFI har på oppdrag frå DSB utarbeidd ein rapport som vurderer samfunnet sine behov for sivile vernetiltak. Rapporten er gradert, men det ligg føre eit ugradert samandrag som no presenterast.

- Vi står overfor ein heilt ny tryggleikspolitisk situasjon og eit endra risiko- og sårbarbilete. Rapporten frå FFI gjev oss viktige innspel i arbeidet med å vurdere korleis vi skal gje befolkninga den tryggleiken og det vernet dei har krav på også i åra som kjem, seier Cecilie Daae, direktør i DSB.

Hovudtilrådinga til FFI er å byggje vidare på dagens vernekonsept:

  • Vidareføring av tilfluktsrom basert på eit sonekonsept og oppdaterte ROS-analysar.
  • Vidareføring av tyfonvarslarane, supplert med ei SMS-løysing for befolkningsvarsling
  • Utarbeiding av planverk for evakuering som Sivilforsvaret skal leie.

I rapporten rår FFI til at det gjennomførast ei samfunnsøkonomisk og beredskapsfagleg konsekvensutgreiing av dei ulike ambisjonsnivåa ein kan leggje seg på.

- Ei vidareføring og modernisering av tilfluktsrom og varsling vil krevje store økonomiske investeringar. Det må vedtakast kva slags ambisjonsnivå og kva slags dekningsgrad ein skal leggje seg på. Sivilbefolkninga har krav på vern ved krig og store krisar, DSB har gjeve ei vurdering til Justis- og beredskapsdepartementet. Til sjuande og sist er det eit politisk ansvar å vedta innretning, prioritering og finansiering av sivile vernetiltak, seier Daae.

- I dag har tilfluktsromma kapasitet til om lag 50 prosent av befolkninga, og like mange bur slik til at dei kan høyre signala frå eit varslingsanlegg. Det vil vere svært kostbart å auke dekningsgraden. Om vi skal ha landsdekkjande tyfonvarsling vil det koste mellom 150 og 200 millionar kroner. Kvar plass i eit tilfluktsrom kostar 22 000 kroner. Om vi skal auke dekningsgraden med éin prosent, kostar det rundt ein milliard kroner.

Daae viser også til at DSB har utgreidd eit nasjonalt system for mobiltelefonbasert system for varsling av befolkninga, som eit supplement til tyfonane. Dette ligg til vurdering i Justis- og beredskapsdepartementet.

Det er Sivilforsvaret som har ansvar for mellom anna drift av tilfluktsrom og tyfonvarslingsanlegg. DSB er også opptekne av at Noreg har eit sivilforsvar med den innretninga, kompetansen, volumet og organisering som krevjast for å møte framtidas behov og utfordringar. Difor er det gjennomført ei konseptutgreiing for framtidas sivilforsvar.

Ei styrking og vidareutvikling av totalforsvaret vil også føre med seg behov for styrking av Sivilforsvaret for å ta vare på heile oppgåvespekteret i fred, krise og krig. Det vil krevje ei dreiing frå fokus på rolla som forsterkningsressurs til vidareutvikling av oppdrag omkring sivile vernetiltak.

- Eg oppmodar alle som er opptekne av sivil beredskap og tryggleiken til befolkninga til å lese utgreiinga og gje innspel i høyringa som no skjer, seier Daae.

>> Samandrag – vurdering av samfunnet sine behov for sivile vernetiltak (pdf)