Tilsyn med det systematiske arbeidet til storulykkeverksemdene og status ny storulykkeforskrift

, Nyhet


Tilsyn er eit av dei viktigaste verkemidla til styresmaktene, og vi informerer i denne artikkelen om tema for tilsyn med storulykkeverksemder i 2016, resultat frå dette tilsynet i 2015, og kort om status for fastsetjing av ny storulykkeforskrift.

Dei fem tilsynsstyresmaktene som forvaltar storulykkeforskrifta gjennomfører kvart år tilsyn med korleis norske verksemder underlagde storulykkeforskrifta tek hand om det systematiske helse-, miljø og tryggleiksarbeidet som forskrifta krev.

Storulykkeforskrifta stiller krav om at verksemdene skal arbeide systematisk for å førebyggje og avgrense konsekvensane av storulykker. Verksemdene skal ha eit styringssystem som tek vare på dette gjennom gode strukturar, rutinar og prosedyrar for arbeidet sitt, mellom anna innanfor områda opplæring, risikostyring, driftskontroll, styring av endringar og beredskap.

Tilsynet i 2016

I årets tilsyn med storulykkeverksemdene sjekkar dei fem tilsynsstyresmaktene ut korleis verksemdene samarbeider og samordnar med andre verksemder som ligg i same område, korleis verksemda samordnar, informerer og følgjer opp underleverandørar og kontraktørar. I tillegg undersøkast korleis verksemdene arbeider med eksplosjonsvern.

Styresmaktene sjekkar ut korleis dette arbeidet er forstått og følgt opp i ulike nivå i organisasjonen til verksemda. I tillegg vil også dei enkelte tilsynsstyresmaktene følgje opp:

  • relevante krav i eige fagregelverk
  • korleis verksemdene har tekne hand om tilhøve som vart påpeikte under førre tilsyn

Resultat frå tilsynet i 2015

På grunn av overgangen til ny forskrift vart det vedteke at styresmaktene sjølv skulle prioritere obligatoriske tema for tilsynet med storulykkeverksemder i 2015, og at dei i tilsynet skulle sjekke ut korleis valt tema er forankra i det systematiske arbeidet til verksemda.

Som vanleg var det også obligatorisk å følgje opp verksemda sine tiltak etter førre storulykketilsyn. Dei samla tilsynsresultata viser ei interessant utvikling:

  • samla nedgang i gjennomsnittleg tal på avvik og merknader
  • ved ti tilsyn vart det ikkje gjeve avvik eller merknader (i 2014 var talet fire)
  • ved 15 tilsyn vart det ikkje avdekt avvik, berre merknader (i 2014 var talet fem)

Det er framleis fleire funn hos meldepliktige verksemder som har sjeldnare tilsyn enn hos tryggleiksrapportpliktige verksemder. Dei fleste meldepliktige verksemder har sjeldnare tilsyn, og vi meiner at omfanget av manglar som finst hos desse styresmaktene har ein viss samanheng med kor ofte ein har tilsyn.

Status ny storulykkeforskrift

Det ligg an til at ny storulykkeforskrift tek til å gjelde 1. juni. Sluttbehandlinga i departementa skjer i desse dagar og ho skal fastsetjast i statsråd fordi det er ei fellesforskrift. Vi vil leggje ut informasjon på nettsidene våre så snart vi har meir informasjon.

Sevesokonferansen 2016

Sevesokonferansen arrangerast annakvart år, og vil vere i Tønsberg 21. september. Vi er no i ferd med å konkludere programmet, og invitasjon vil bli sendt ut og lagt på nettsidene våre i andre halvdel av juni.

Fakta om Storulykkeforskrifta:

  • Storulykkeforskrifta skildrar tiltak for å førebyggje og avgrense konsekvensar av storulykker som involverer farlege kjemikaliar.
  • Verksemder som lagrar farlege kjemikaliar over nærmare oppgjevne mengder, er omfatta av storulykkeforskrifta. Desse verksemdene skal arbeide systematisk for å hindre at det skjer storulykker. Dei skal også ha beredskap som reduserer skadeverknadene om ei ulykke skulle hende.
  • Arbeidstilsynet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Miljødirektoratet, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO) og Petroleumstilsynet (Ptil) fører tilsyn med verksemdene som er omfatta av storulykkeforskrifta.
  • Dei fem styresmaktene samarbeider om forvaltninga av forskrifta gjennom Koordineringsgruppa for storulykkeforskrifta (KFS).

Spørsmål kan rettast til:

  • Arbeidstilsynet: 815 48 222 (kontaktperson: Ingar Andersen)
  • DSB: 33 41 25 00 (kontaktperson: Ragnhild Gjøstein Larsen)
  • Miljødirektoratet: (03400) (kontaktperson: Lars Drolshammer)
  • NSO: 90 100 333 (kontaktperson: Bjørn Egil Jacobsen)
  • Ptil: 51 87 32 00 (kontaktperson: Arne Johan Thorsen)