Skredulykka på Svalbard skal evaluerast

, Nyhet


Justis- og beredskapsdepartementet har bede DSB evaluere skredulykka på Svalbard. - Det er naturleg å gå gjennom styresmaktene si handtering av ei så alvorleg ulykke, seier Cecilie Daae, direktør i DSB.

To personar omkom og fleire personar vart skadde då Longyearbyen vart råka av snøskred 19. desember i fjor. Ulykka mobiliserte eit heilt samfunn, og befolkninga gjorde ein stor og viktig innsats for å redde liv og ta vare på dei som vart råka. Likevel er det viktig å evaluere hendinga. 

- Ved å evaluere både det førebyggjande arbeidet og sjølve handteringa av ulykka, vil vi tileigne oss kunnskap om kva som fungerte og kva som eventuelt kunne vore gjort annleis. Det er slik vi lærer, blir flinkare og står endå betre rusta neste gong det oppstår ei liknande hending, seier Daae.

Det er allereie klart at Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og Politihøgskolen skal hjelpe i evalueringsarbeidet. I tillegg kan DSB trekkje inn dei ressursane som direktoratet meiner er naudsynte for å gjennomføre ei så god evaluering som mogleg.

- Eg kan love at vi skal setje saman ei evalueringsgruppe beståande av personar med lang erfaring og variert kunnskap, seier Daae.

For meir informasjon, ta kontakt med pressevakta til DSB: 992 52 000