Samfunnstryggleiksprisen 2015

, Nyhet


Eigersund kommune er tildelt Samfunnstryggleiksprisen for 2015.

- Samfunnstryggleiken i Noreg blir styrkt ved at kommunane er gode på beredskap. Alle hendingar oppstår i ein kommune, difor er det viktig at alle kommunar er godt førebudde på uønskte hendingar.

Med desse orda overrekte direktøren i DSB Samfunnstryggleiksprisen for 2015 til ordførar Odd Stangeland i Eigersund kommune. Overrekkinga skjedde på den årlege Samfunnstryggleikskonferansen til DSB i Oslo.

Ekstremvêret Synne, i byrjinga av desember 2015, var utfordrande i store delar av landet. Ei lang rekkje styresmakter og kommunar vart råka, og ein av desse kommunane utmerkte seg spesielt. Eigersund kommune handterte ekstremvêret Synne på ein svært god måte. Beredskapen var god; kommunen var godt førebudd på ekstremvêret.

- Eigersund står fram som eit beredskapsførebilete for andre kommunar, særleg fordi vi veit at ekstremvêr vil kome ofte i framtida, seier Cecilie Daae.

Tidlegare mottakarar av Samfunnstryggleiksprisen:

2012: 22. juli-kommisjonen
2013: Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF)
2014: 330-skvadron

Kontakt pressevakta til DSB på 992 52 000