Beredskap mot drukningsulykker

, Nyhet


Dagens lokalisering av redningsdykkarberedskapen er for tilfeldig til at han kan kallast landsdekkjande. I tillegg til å vurdere forsterkning av dykkarberedskapen, meiner DSB at styrka evne til overflateredning og førebyggjande tiltak kan bidra til færre drukningsulykker.

Dei siste åra har det gjennomsnittleg omkome ca. 90 personar kvart år i Noreg som følgje av drukning. Redningsdykkarberedskapen er fordelt på 18 stader spreidde rundt i Noreg. 16 av desse er brann- og redningsvesen, medan to er frivillige aktørar.

Det finst ingen nasjonale krav om redningsdykkarberedskap. Den enkelte kommunen er pliktig til å gjennomføre risiko- og sårbaranalysar som også omfattar behovet for eventuell beredskap mot drukningsulykker.

- Vi er opptekne av at alle innbyggarar skal ha ein tilstrekkeleg tryggleik mot drukningsulykker. Det er likevel vanskeleg å konkludere med om det er føremålstenleg å etablere redningsdykkarberedskap i alle kommunane i landet, seier assisterande direktør Per K. Brekke i DSB.

Redningsdykking blir gjort av personell med kort responstid, som er opplærte til å rykkje ut med eit spesialtrena redningsdykkarteam til ein skadestad og dykke ned til 30 meter for å redde menneskeliv.

- For mange brann- og redningsvesen er det eit godt alternativ å etablere overflateredning, som både er rimelegare og i mange tilfelle tilstrekkeleg for å redde liv og helse. Vi meiner det er viktig å styrke evna brann- og redningsvesenet har til å drive overflateredning, seier Brekke.

DSB har på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet utarbeidd ein rapport om redningsdykkarberedskap. I tillegg til å peike på behovet for førebyggjande arbeid, meiner DSB at det er mogleg å gjere meir for å betre beredskapen knytt til drukningsulykker. Dette kan gjerast langs tre linjer:

  • Styrke brann- og redningsvesenet si evne til å drive overflateredning. Brannløftet vil bidra til dette, men det bør vurderast om det er behov for meir. Det bør utgreiast nærmare om det er behov for å påleggje alle kommunar å tilby overflateredningsberedskap. Dette kan gjerast gjennom ein revisjon av Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen, som uansett er naudsynt som ei oppfølging av omstruktureringa av brann- og redningsvesenet.
  • Vurdere om redningsdykkarberedskapen kan styrkast gjennom Redningsselskapet sine skøyter og dykkarar, inn i den totale beredskapen. Det bør utgreiast nærmare om korleis ein kan styrke samarbeidet mellom kommunane, Redningsselskapet og andre frivillige aktørar for redningsdykking. Det vil kunne inkludere formalisering av frivillige aktørar til ein integrert del av redningsdykkarberedskapen langs kysten. Vidare vil ein slik prosess innehalde ei avklaring av eventuelle statlege bidrag til etablering og oppretthalding av redningsdykkarberedskapen og kostnadsdekking ved utrykking og innsats. Her bør ein også sjå på kva kommunane sjølv meiner og tilhøvet til den kommunale beredskapsplikta.
  • Vurdere ein gjennomgang av om transportstøtta til redningsdykkarane per i dag er optimalisert for å sikre raskast mogleg transport av redningsdykkarar til dit drukningsulykka har skjedd. Under dette bør det også avklarast spørsmål om kostnadsdekking for slike tenester.

>> Redningsdykkerberedskap (pdf)