Beredskap på skoleskyting

, Nyhet


I rapporten Nasjonalt Risikobilete 2015 har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) analysert mellom anna risikoen for skoleskyting.

- Analysen peikar på at systematisk jobbing med eit inkluderande læringsmiljø, førebygging mot mobbing, gode psykososiale tenester og samarbeid om lokale beredskapsplanar, er med på å redusere risikoen for skoleskyting her i landet, seier direktør i DSB Cecilie Daae.

Tiltak: I Noreg har skolar, helsevesen og politi sett i inn tiltak mot skoleskyting.

- Basert på analysen vår, ser eg for meg fleire tiltak for å redusere risikoen for skoleskyting. Til dømes er det viktig at instansane som følgjer opp den enkelte elev, er koordinerte. Skolane må ha ein beredskapsplan for skoleskyting, og den må øvast på. Det er også viktig at lærarar, skolehelsetenesta og andre relevante aktørar får naudsynt kunnskap om skoleskyting og den typiske gjerningsmannen, seier Daae.

Forsking: Risikoanalysen for skoleskyting er basert på informasjon frå forsking, granskingsrapportar og medieomtale av skoleskytingar i andre land. Representantar frå departement, direktorat og lokale styresmakter har bidrege i arbeidet.

Matboren smitte: Det andre nye scenarioet som er analysert i Nasjonalt Risikobilete 2015, er risikoen for matboren smitte. Begge delrapportane kan lesast her:

>> Delrapport skoleskyting
>> Delrapport matboren smitte

For meir informasjon, ring pressevakta til DSB: 992 52 000