Læringspunkt etter sprengingsuhell på Geilo, 3. september 2014.

, Nyhet


DSB har hjelpt politiet i deira etterforsking med to personar på ulykkesstaden, samt teknisk og juridisk hjelp i ettertid.

Dei tekniske undersøkingane i saka tyder på at sprengstoff i spyleholet på ei borstong var årsaka til sprengingsulykka på Geilo 3.9.2014. Onsdag 3. september 2014 ca. kl. 12.30 skjedde det ein eksplosjon på eit veganlegg i samband med bygging av ny jernbaneundergang ved Trøo på riksveg 7 ved Geilo i Hol kommune. Tre personar som heldt på med sprengingsarbeidet omkom i ulykka.

Politiet har lagt vekk saka. DSB tek bortlegginga til etterretning og er no oppteke av at bransjen får relevant informasjon om korleis hendinga gjekk føre seg og dei læringspunkta som kan trekkast ut av hendinga. Det er ei forventning at bransjen går grundig igjennom læringspunkta og brukar desse både med tanke på planlegging og utføring av sprengingsarbeid.

DSB involvering i etterforskinga til politiet

DSB har hjelpt politiet i deira etterforsking med to personar på ulykkesstaden, samt teknisk og juridisk hjelp i ettertid.

DSB har i tillegg utøvd fag- og tilsynsrolla si gjennom tilsyn med de involverte verksemdene. Desse tilsyna er avslutta og DSB avdekte avvik med tanke på dokumentasjonen av risikovurderingane til verksemdene, som skal liggje til grunn for dei risikoreduserande tiltaka. Det er også avdekt enkelte avvik frå vilkår i eksplosivforskrifta om utarbeiding og kontroll med dei planane som skal liggje til grunn ved utføring av sprengingsarbeid.

Tekniske observasjonar

Det var bora opp eitt større område som skulle sprengast på prosjektet, det vil seie at det var bora fleire hol enn det som skulle sprengast i ei enkelt salve. Nokre salver var skotne før ulykka. Dette førte til enkelte tette hol som følgje av bakbryting. Sprengingsfirmaet brukte ein borerigg for å opne dei tette hola. Boreriggen var køyrt vekk frå salva før ladinga vart starta på.

Etter ulykka vart likevel boreriggen observert framme på salva, i tett nærleik til detonasjonsstaden.

Tekniske undersøkingar av boreriggen saman med produsenten viste at nedste del av borstonga (ca. 40 cm) var borte og gjenståande del var rivna innanfrå. Vidare undersøkingar viste at det ikkje var skade på matewire eller materbjelke, borstonga var heller ikkje bøygd.

I samband med undersøking av skadestaden vart det funne delar av borstonga, det vart heller ikkje observert steinsprut frå eksplosjonen.

Desse observasjonane underbyggjer at det ikkje har vore detonasjon i boreholet.

Sprengstoff i detonasjonen

Om morgonen på ulykkesdagen tok verksemda ut ca. 650 kg patronert sprengstoff frå lager. I køyretøy parkert på anleggsstaden vart det funne ca. 490 kg. Det betyr at ca. 160 kg var ført fram til salva for lading. Det vart funne fire ferdig lada hol med ca. 8-9 kg patronert sprengstoff per hol. Det er seinare funne ytterlegare lada hol.

DSB går ut frå at det var ca. 100-120 kg patronert sprengstoff som detonerte i ulykka.

Konklusjon

På bakgrunn av dei tekniske undersøkingane av boreriggen/borstonga, funn av borstongbitar og det faktum at det ikkje har vore steinsprut gjer at det ikkje kan vere snakk om ein detonasjon nede i eit borhol.

DSB meiner dei tekniske undersøkingane viser at det har vore sprengstoff i spyleholet på borstonga, og at det er dette sprengstoffet som har detonert. Dette har hatt som konsekvens at splintar frå borstonga har initiert detonasjon i det patronerte sprengstoffet som var ført fram til salve for lading.

Dei tekniske undersøkingane kan ikkje seie noko heilt sikkert om korleis sprengstoffet har kome inn i spyleholet, eller dei konkrete hendingane som leidde fram til at sprengstoffet i spyleholet detonerte.

DSB si vurdering og læringspunkt

Det er nærliggjande å gå ut frå at boreriggen er ført fram til salva for å opne eit tett hol, og at det har vore sprengstoff i det tette holet.

På bakgrunn av dette meiner DSB at det spesielt skal fokuserast på følgjande punkt etter uhellet:

  • Bruk av borerigg etter at ein har byrja å lade salve.
  • Før ein tek fram borerigg til påbyrja lada salve skal det gjerast nye risikovurderingar.
  • Som eit minimum skal sprengstoff som ligg på salva fjernast.
  • Minimer bemanning slik at færrast mogleg er eksponerte ved eit eventuelt uhell.
  • Borerigg skal ikkje brukast til å stake opp borehol.

Om salva krev ytterlegare borehol skal dette gjerast som skildra i eksplosivforskrifta, dvs. at boring må ikkje gjerast nærmare lada hol enn minst halvparten av lengda av boreholet, og aldri nærmare enn to meter.

Konsekvensen av uhellet kunne også vore redusert dersom boring av tette hol ikkje vart gjort i nærleiken av det sprengstoffet som var ført fram for lading, samt at talet på personar som var involverte ikkje var fleire enn det som var naudsynt.

  • Praksis med boring av fleire borehol enn det som skal sprengast i ei salve.

Om ein vel ei driftsform der ein borar «fleire påfølgjande salver» er det viktig at ein vurderer risikoen ei slik arbeidsform fører med seg mellom anna med tanke på ei eventuell bakbryting.

Det skal vere rutinar for å kontrollere at alle hol er opne før lading og det skal vere prosedyrar for kva ein gjer om borehol av ulike årsaker ikkje let seg lade.