Læring av ulykker med farlege kjemikaliar

, Nyhet


Det er mykje lærdom å hente frå hendingar. Her er tre ulike publikasjonar der det er mange interessante erfaringar å hente frå ulykker med farlege kjemikaliar.

EUs Major Accidents Hazard Bureau (MAHB) har nyleg gjeve ut ei ny ”Lessons Learned Bulletin no. 8 ” - som tek for seg uhell som involverer eksplosiv, HSE har gjeve ut ein rapport om Buncefield – 10 år etter og US Chemical Safety and Hazard Investigation Board (CSB) har publisert sin rapport og ein film om eksplosjonen ved West Fertilizer Company Texas.

Buncefield – 10 år etter

Comah Strategic Forum har nyleg kome med ein rapport som reflekterer over kva endringar frå den store eksplosjonen ved Buncefield-terminalen i 2005 har ført til i Storbritannia.

Hendinga har vore ein katalysator for store endringar både med tanke på samarbeid mellom verksemder, organisasjonar og styresmakter. Vidare har hendinga ført til store forbetringar når det gjeld førebygging og kontroll av utstyr, leiarfokus på prosesstryggleik både for drivstofflager og andre anlegg som handsamar farlege kjemikaliar, og styresmaktene sitt tilsyn med slike anlegg.

Rapporten skildrar kort hendinga, og kva slags ulike granskingsrapportar som er utarbeidde og forbetringar som er gjort i kjølvatnet av desse. Rapporten finn du her.

West Fertilizer – rapport frå US Chemical Safety and Hazard Investigation Board (CSB)

17. april 2013 skjedde det ein eksplosjon i ammoniumnitrat ved West Fertilizer Company Texas, USA.

Det omkom 15 menneske i ulykka, 12 av desse frå brann/nødetatane, og meir enn 260 menneske vart skadde. Meir enn 150 bygningar vart heilt eller delvis øydelagde, under dette skolar, leilegheitsblokker og ein pleieheim.

CSB har no kome med rapporten sin etter hendinga, og har identifisert ei rekkje forbetringsområde for både verksemder og styresmakter som er nærmare omtalte i rapporten. Det konkluderast mellom anna med at det er manglar i regelverket både med omsyn til krav til verksemder og krav til arealplanlegging. Ammoniumnitrat var ikkje oppført på styresmaktene sine lister over farlege kjemikaliar. Vidare er det avdekt svake sider ved det offentlege si planlegging og øving av beredskap, opplæring av frivillige brannmannskap og i styresmaktene sitt tilsyn med slike verksemder. Verksemda hadde ikkje tilstrekkeleg kunnskap om risikoen i samband med eigen aktivitet. Heller ikkje forsikringsselskapa har gjort tilstrekkelege undersøkingar og tilsyn i samband med at dei inngjekk forsikringsavtale med verksemda. Detaljane finn du her.

Den uheldige lokalisering av verksemda i eit tettbygd område forverra konsekvensane av hendinga betydeleg. Då verksemda vart bygd låg ho for seg sjølv, men samfunnet har blitt bygd tettare og tettare innpå verksemda. CSB har utarbeidd ein film som omtaler ulykka og konklusjonane i rapporten, og som også viser utviklinga av samfunnet rundt verksemda frå ho vart etablert og fram til i dag.

Ny publikasjon frå EU om uhell som involverer eksplosiv

Som ein del av erfaringsoverføringa mellom EU- og EØS-land har EU sitt Major Accidents Hazard Bur (MAHB) nyleg gjeve ut ein ny publikasjon - «Lessons Learned Bulletin no. 8», som tek for seg uhell som har skjedd i samband med lagring og produksjon av fyrverkeri.

Sjølv om MAHB arbeider opp mot Sevesodirektivet og storulykker, skildrar publikasjonen erfaringar som er nyttige for alle verksemder.

Ei av hendingane skjedde i anlegg der det vart produsert og lagra fyrverkeri, og førte til at 5 menneske omkom. Det vart i granskinga av ulykka konkludert at manglande opplæring og ikkje tilfredsstillande lagring og handtering var medverkande årsaker til hendinga. Det var heller ikkje tilstrekkelege tryggleiksavstandar internt på anlegget og til omgjevnadene. Dei andre hendingane skildrar uhell under brenning av eksplosivavfall, og i ulike produksjonsprosessar.

Denne og andre publikasjonar som er utgjevne i denne serien kan du finne på desse lenkjene: