Kartlegg beredskap mot kulde
, Nyhet
Ekstrem kulde skaper utfordringar for mange menneske og for viktige samfunnsfunksjonar fleire stader i landet. DSB har no bede fylkesmennene hente inn oppdatert oversikt over kommunane sin beredskap og handtering av situasjonen.
- Ekstreme kuldeperiodar er noko kommunane skal ha teke høgde for i sine risiko- og sårbaranalysar. Likevel ønskjer vi no å forsikre oss om at befolkninga blir tekne hand om og at kritiske samfunnsfunksjonar ikkje stoppar opp, seier Per Brekke, avdelingsdirektør i DSB.
God beredskap dreier seg mellom anna om å syte for at heile befolkninga får tilstrekkeleg omsorg, oppfølging og informasjon og at kommunane kan handtere bortfall av elektrisk kraft i korte eller lengre periodar.
Kommunane er dessutan gjort kjende med kva slags kapasitetar Sivilforsvaret har for å hjelpe. DSB følgjer situasjonen og vurderer fortløpande om den lokale beredskapen og handteringa er tilfredsstillande.