Ver førebudd på ekstremvêret Tor

, Nyhet


Uvêret er på veg innover store delar av Noreg. I tillegg til all beredskap og handtering som gjerast av styresmaktene på ulikt nivå, oppmodar DSB også privatpersonar til å ta førehaldsreglar.

- Kvar og ein av oss kan vurdere kva vi er avhengige av, kva som kan gå gale og kva grep vi kan ta for å redusere konsekvensane. Rett og slett gjere ei risiko- og sårbaranalyse for eigen kvardag, seier direktør Cecilie Daae i DSB.

- Til dømes er det viktig å førebu seg på at straumen kan falle bort i lengre periodar, og det er lurt å sikre store gjenstandar som står ute. Tenk også på om du har naboar, familie eller vener som treng eit handslag når ekstremvêret råkar.

- Noko av det mest farlege ein kan kome bort i er nedblåsne leidningar som blir liggjande på bakken eller tre og gjenstandar som har falle over leidningar. Ikkje prøv å rydje, dette er livsfarleg! Hald god avstand og ta kontakt med nettselskapet, så sikrar dei leidningar og ryd etter stormen.

Sivilforsvaret

Alle råka sivilforsvarsdistrikt er i dialog med fylkesmannen og andre relevante samvirkepartnarar. Distrikta har førehandsvarsla mannskapa, og Sivilforsvaret har sett stab og følgjer utviklinga gjennom kvelden og natta.

Forsterkning i form av aggregat, satellitt-telefonar og VHF-samband er sendt til distrikta Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Koordinering

DSB understøttar Justis- og beredskapsdepartementet med koordinering under omfattande hendingar som ekstremvêr. På bakgrunn av denne samordningsrolla, har DSB forsterka beredskapen sin og held jamlege møte med relevante direktorat. Vidare har DSB gått gjennom evalueringsrapportane etter ekstremvêret Dagmar og på bakgrunn av dette laga eit notat som samanfattar kva fylkesmenn og kommunar bør vere særleg merksame på i den pågåande situasjonen.

Informasjon til befolkninga

sikkerhverdag.no finn du råd og tips om korleis du kan førebu deg på storm og straumbortfall. På kriseinfo.no samlast informasjon frå styresmaktene om hendinga.