Tidenes lågaste tal for omkomne i brann

, Nyhet


I snitt har det etter kvart år omkome 64 personar i brann sidan 1979. I 2015 har det omkome 35 personar når det står att to dagar av året. Det er det lågaste talet sidan ein byrja registrering av omkomne i 1979.

Dei lågaste tala som er registrerte til no er 41 omkomne i 2012, og 46 i 2011.

- Kvar enkelt omkomne er sjølvsagt éin for mykje, men dette er oppsiktsvekkjande lågt tal. Dette inspirerer DSB og heilt sikkert også førebyggjarane i brannvesena og i eltilsynet til forsterka innsats vidare, seier avdelingsleiar Hans Kristian Madsen i DSB.

Det har vore ein nedgang i både talet på brannar og talet på omkomne over tid, sjølv om enkelte år skil seg ut i negativ retning.

- Målretta førebyggjande arbeid og brannvernkampanjar utførte av brannvesen, lokale eltilsyn, forsikringsbransjen, Norsk brannvernforening og DSB kan vere ei medverkande årsak til desse gode tala. Vi jobbar også medvite med tiltak retta mot risikogruppene, seier Madsen.

Det er i stor grad personar som tilhøyrer risikoutsette grupper som omkjem i brann. Særleg gjeld dette eldre menneske. Personar over 70 år har fire til fem gongar høgare risiko for å omkome i brann samanlikna med resten av befolkninga.

- Delen eldre vil auke kraftig i åra som kjem, og mange av desse vil ikkje fullt ut vere i stand til å ta hand om eigen branntryggleik. Pårørande er difor ein svært viktig ressurs i det brannførebyggjande arbeidet, seier avdelingsleiaren.

Dei fleste dødsbrannar skjer i dei kalde månadene i året. Helgene er mest utsette, særleg på natta når dei fleste søv.

- Bustadbrannar som tek liv skjer som regel om natta. All erfaring viser at det er tidleg varsling ved hjelp av røykvarslarar, som reddar flest liv, seier Madsen.