Sivilforsvaret sin nye spydspiss ved store hendingar

, Nyhet


Sivilforsvaret etablerer seks mobile forsterkningseiningar som kan sendast rundt i heile landet og ved store og komplekse hendingar.

Foto av MFEOPPSTILLING: 49 mannskap stilte seg opp etter demonstrasjonen av kva den nye spydspissen er god for.

Tysdag 10. mars demonstrerte 48 kvinner og menn kva Sivilforsvaret si nye mobile forsterkningseining (MFE) er god for. På éin time vart alt frå køyretøy, pumper, samband, straumforsyning og telt viste fram.

- Desse 48 er operative frå og med i dag, sa Distriktssjef Ole Kristian Aagaard i SIV Sør-Trøndelag med ei rungande røyst til gjestar og pressa som hadde møtt opp på Granåsen i Trondheim.

- Vi har stor tru på konseptet og mannskapa kjem til å vere eit viktig bidrag ved store brannar, flaumar, leiteaksjonar, ekstremvêr og naturkatastrofar, seier Arnstein Pedersen, som er fungerande sjef for Sivilforsvaret i Noreg.

Sivilforsvarsavdelinga i DSB har tidlegare gjort framlegg om å styrke kapasiteten for å stå best mogleg rusta til innsats ved store og komplekse hendingar i framtida. Og i 2014 fekk Sivilforsvaret 5,4 millionar kroner av Justis- og beredskapsdepartementet til å etablere ordninga.

Foto av MFESPESIALISTAR: MFE spesialiserer seg mellom anna på transport utanfor veg.

For eit halvt år sidan bestemte Sivilforsvaret at det skulle etablerast seks mobile forsterkningseiningar i Trondheim, Tromsø, Bergen, Oppland, Kristiansand og Bodø i perioden 2015-2017. Først ut er Trondheim.

- Etableringa ved Sør-Trøndelag sivilforsvarsdistrikt i Trondheim er eit pilotprosjekt, og dei er operative frå 10. mars. Avdelinga har stor kapasitet og materiellet skal brukast av handplukka og spesialtrena mannskap, seier Pedersen.

Fjoråret var prega av mange store hendingar. Mellom anna storbrannar på Frøya, Flatanger, i Lærdal og flaumen på Vestlandet. 2014 var eit rekordår for Sivilforsvaret. I moderne tid har dei aldri vore involverte i fleire innsatsar. Alle hendingane i 2014 kravde 67 180 innsatstimar mot 24 033 året før.

- Innsatsane i 2014 har vara lengre og vore meir omfattande enn tidlegare. Klimaet er årsak til mange av innsatsane. Vi rykkjer også ut til fleire hendingar fordi dei som treng hjelp veit at Sivilforsvaret er ein påliteleg ressurs som er føreseieleg. Vi kjem med trena og organiserte mannskap, seier Pedersen.

Foto av MFEDei mobile forsterkningseiningane er sette opp med to avdelingar. Den eine avdelinga spesialiserer seg på telt, lys, varme, samband og straum, medan den andre avdelinga spesialiserer seg på stor pumpekapasitet for brannsløkking, lensing og transport utanfor veg.

Kvar avdeling er sett opp med 24 tenestepliktige. Avdelingane er ein del av den ordinære sivilforsvarsstyrken på 8 000 tenestepliktige og 250 fast tilsette.