Ny forskrift om brannførebygging

, Nyhet


Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fastsette forskrift om brannførebygging 17. desember 2015. Forskrifta tok til å gjelde 1. januar 2016.

Forskrifta finn du her.

Rettleiinga finn du her.

Vi får inn mange spørsmål om forskrift om brannførebygging. Du finn spørsmål og svar på nokre av dei her.

Har du fleire spørsmål om tolking av forskrift om brannførebygging? Send det inn til oss på epost .

Dei reviderte tilsynsmalane er henta frå «Rettleiing for styresmaktsutøving utført av brann- og feiarvesenet». Det er berre lov og forskriftstilvisingar som er retta i malane. Malane elles er uendra. Malen finn du her.

DSB gjennomfører i samarbeid med Norsk Brannbefals Landsforbund som teknisk arrangør dagseminar i forskrift om brannførebygging 12 stader i landet:

  • Buskerud, Vestfold og Telemark – 12. april
  • Hordaland – 27. april
  • Oslo og Akershus – 3. mai
  • Oppland og Hedmark – 4. mai
  • Agder – 11. mai
  • Polar (Troms og Finnmark) – 24. mai
  • Møre og Romsdal – 31. mai
  • Sogn og Fjordane – 2. juni
  • Nordland – 7. juni
  • Østfold – 14. juni
  • Trøndelag – 1. september
  • Rogaland – 6. september

Har du spørsmål til den nye forskrifta oppmodar vi deg til å sende inn desse på førehand, så skal vi prøve så svare på spørsmåla i løpet av dagen. Spørsmål sendast Postmottak@dsb.no. Merk emnefeltet med "Spørsmål til forskrift om brannførebygging" og kva slags brannbefalslag/stad du kjem på seminar til.

For meir informasjon om stad, tid og påmelding – gå til NBLF sin hjemmeside.