Norsk ebolainnsats i Liberia

, Nyhet


Tjoflaat er knytt til ei gruppe med norske ekspertar som har gått kurs i EU-systemet, og som kan sendast ut på oppdrag med DSB som arbeidsgjevar. Oppdraget vart lyst ut gjennom EU sin samordningsmekanisme for sivil beredskap og krisehandtering, og det er EU sitt generaldirektorat for humanitær bistand og sivil beredskap (DG ECHO) som er oppdragsgjevar.

Etter nokre dagar på jobb i Monrovia, hovudstaden i Liberia, byrjar ho å venne seg til alle forholdsreglane i kvardagen.

- Eg blir nok aldri van til å desinfisere hendene mine kvar gong eg går inn i ei bygning, enten det er ein supermarknad, ein kafé, hotellet eller kontoret. Samstundes beundrar ho kor velorganisert den delen av vernesystemet er.

Tjoflaat jobbar som Inter Cluster Coordination-ekspert. Det betyr at ho vil leggje til rette for godt samarbeid mellom dei ulike innsatsane til FN og NGO i kampen mot ebola. Ho har tidlegare jobba for FN-kontoret for samordning av humanitært arbeid (OCHA), Redd Barna og UNICEF, og har vore på fleire oppdrag i ulike afrikanske land.

Dette oppdraget er likevel annleis enn dei ho har delteke i. For i det heile teke å kome inn på kontoret, blir temperaturen hennar målt. Tjoflaat samanliknar det med ein metalldetektor, sjølv om ein denne gongen jaktar på virus og ikkje eit fysisk trugsmål som våpen.

- Eg tek meg sjølv i å vise at eg er nykomar fleire gongar om dagen. Det går rett nok betre no enn då eg kom, men eg strekkjer framleis fram handa for å helse. Ein gest som straks viser at eg ikkje har vore her så lenge. Handhelsing er ut. Enten helsar du med ein lett olboge-til-olboge-dult, eller så gjev ein kvarandre eit lett klapp på ryggen, fortel Tjoflaat.

Alternativ tekst

Ho var knapt på plass i Monrovia, før det var rett i elden.

- Det er inga tid å miste. Inter Cluster-koordinering er ein arbeidsmetode innanfor humanitært arbeid, og meininga er å sikre best utnytting av avgrensa ressursar på tvers av sektorane, som helse, vatn, ernæring, vern og utnytting av logistiske ressursar. Det handlar om å hindre tunnelsyn hos enkeltorganisasjonar og sektorar, identifisere fellesmål og jobbe saman mot dei på eit operasjonelt nivå, fortel Tjoflaat.

Oppdraget til Inger Johanne Tjoflaat varar i tre veker. Tidleg i november er ho tilbake i Noreg.

- Vi registrerer med glede at det kjem og skal kome fleire utanlandske helsearbeidarar hit for å støtte kampen mot fortsett spreiing av ebola. Styresmaktene får utanlandsk hjelp til vidareutdanning av lokalt helsepersonell, slik at dei kan ta på seg meir krevjande oppgåver, og fleire ressursar i form av medisinsk og helserelatert utstyr er på veg, held ho fram.

- Men behovet er også stort for fleire personar som kan hjelpe i den administrative delen av operasjonen. Med så mange krevjande, pågåande kriser i verda i dag, rapporterast det om eit generelt underskot på tilgjengeleg humanitært personell for operasjonell leiing og støtte. Dette i kombinasjon med frykta for ebola understrekar kor viktig det er å gje god og riktig informasjon om ebola, avsluttar Tjoflaat.

Relevante saker