Om personvernerklæringa

Denne personvernerklæringa gjev informasjon om korleis DSB samlar inn og brukar personopplysningar, og dei rettane du har når vi behandlar personopplysningar om deg. Erklæringa vil bli oppdatert fortløpande.

1. Kva er ei personopplysning?

Personopplysningar er informasjon som kan fortelje noko om ein enkeltperson, slik som namn og kontaktinformasjon, åtferdsmønster, interesser, vurderingar, samtalereferat, fotografi av enkeltpersonar, registreringsnummeret på ein bil, IP-adresse, helseopplysningar og mykje meir. Det avgjerande er om informasjonen kan knytast til eller identifisere ein enkeltperson.

2. Kva meiner vi med behandling av personopplysningar?

Behandling er ei sekkenemning for alt som er mogleg å gjere med ei personopplysning, det vere seg alt frå å samle inn, lagre, analysere, samanstille, endre eller slette ei personopplysning, med meir. Ei og same behandling vil normalt omfatte fleire slike operasjonar.

3. Ansvarleg for behandlinga av personopplysningar i DSB

DSB ved direktør Cecilie Daae har det overordna ansvaret for all behandling av personopplysningar som skjer innanfor verksemda. Det er DSB ved direktøren som bestemmer føremålet med behandlinga og kva hjelpemiddel som skal brukast. Det daglege ansvaret for behandlinga er likevel delegert til andre i underliggjande avdelingar og seksjonar.

DSB har følgjande kontaktinformasjon: Rambergvegen 9, 3115 Tønsberg. Postboks 2014, 3115 Tønsberg. Telefon sentralbord: 33 41 25 00 Faks: 33 31 06 60. E-post: postmottak@dsb.no. Organisasjonsnummer 974 760 983.

4. Personvernombodet i DSB

DSB har eit eige personvernombod med ansvar for å sjå til at verksemda behandlar personopplysningar i tråd med regelverket. Personvernombodet har ei særleg uavhengig rolle, og kan ikkje ta imot instruksar om utføringa av dei lovpålagde oppgåvene sine.
Personvernombodet i DSB heiter Lotte Alexandra Bjørnefjell. Du kan rådføre deg med personvernombodet om spørsmål knytt til DSB si behandling av personopplysningar, eller for å utøve rettane dine, ved å sende ein e-post til Lotte.Bjornefjell@dsb.no. Les meir om rettane dine nedanfor.

5. I kva tilfelle behandlar DSB personopplysningar?

Ved tilsynsoppgåver og anna offentleg styresmaktsutøving

DSB er fag- og tilsynsmakt innanfor produktkontrollova, brann- og eksplosjonsvernlova, el-tilsynslova og sivilvernelova. I denne samanhengen behandlar DSB mellom anna personopplysningar for føremål knytte til tilsyn og søknadsbehandling, innrapportering og meldingar, koordinering, rådgjeving og utarbeiding av statistikk. Behandling av personopplysningar er ein føresetnad for at DSB skal kunne utføre samfunnsoppdraget sitt.

Grunnlaget for behandlinga er heimla i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), som tillet behandling av personopplysningar når dette er naudsynt for offentleg styresmaktsutøving. Om opplysningane inneheld særlege kategoriar av personopplysningar, til dømes opplysningar om helse, er behandlinga heimla i personvernforordninga artikkel 9 nr. 2 g).

Føremål som skyldast rettslege plikter

I ulike samanhengar må DSB behandle personopplysningar for å oppfylle ei rettsleg plikt som verksemda er pålagd. DSB er mellom anna plikta til å føre ein offentleg tilgjengeleg journal over alle inngåande og utgåande saksdokument, jf. offentlegforskrifta § 6. Andre rettslege plikter som føreset behandling av personopplysningar kjem mellom anna fram av folketrygdlova, rekneskapslova og skattelova.

Behandlingsgrunnlaget er i denne samanhengen personvernforordninga i artikkel 6 nr. 1 c), som tillet behandling av personopplysningar når behandlinga er naudsynt for å oppfylle ei rettsleg plikt.

Behandling av personopplysningar i andre samanhengar

I samsvar med vedtak gjort av Stortinget har DSB ansvar for nødnettet, med kjernebrukarar innanfor nødetatane brann, politi og helse. I samband med det behandlast personopplysningar om brukarane sin identitet og deira kommunikasjon. Behandlinga er naudsynt for at DSB skal kunne levere tenesta.

Den rettslege heimelen er her personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), som tillet behandling av personopplysningar når det er naudsynt for å utføre ei oppgåve i allmenn interesse, og artikkel 6 nr. 1 b), som tillet behandling som er naudsynt for å oppfylle ein avtale.

Personopplysningar behandlast også i andre samanhengar, til dømes i tilfelle der du deltek på eit kurs eller er med på ei frivillig undersøking. Behandlinga er avgrensa til det som er naudsynt for å administrere/gjennomføre, eventuelt ta betaling for dei aktuelle aktivitetane.

Behandlingsgrunnlaget er her personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 a), som tillet behandling når den registrerte har gjeve sitt samtykke.

6. Kva slags kategoriar av personopplysningar blir behandla?

Kva slags personopplysningar som behandlast avheng av føremålet med behandlinga. Dette vil difor variere. Ofte brukte personopplysningar er opplysningar om identitet, slik som namn, kjønn og fødselsdato, og kontaktopplysningar, slik som telefonnummer, e-postadresse og bustadadresse.

Andre personopplysningar som behandlast kan vere brev, e-postar og annan kommunikasjon, opplysningar om lovbrot, sertifisering, arbeidstilhøve og helse.

Du kan kva tid som helst be om innsyn i eigne personopplysningar, sjå meir om dette nedanfor.

7. Kvar hentast opplysningane inn frå, og kven delast dei med?

Normalt blir personopplysningane henta inn direkte frå deg, men dei kan også stamme frå andre offentlege styresmakter eller offentleg tilgjengelege register.

Av og til delast personopplysningane med andre, som oftast med andre offentlege styresmakter, men ikkje avgrensa til dette. Mottakarane må ha eit eige rettsleg grunnlag for å behandle personopplysningane.

8. Kor lenge lagrast personopplysningane?

Personopplysningar skal normalt ikkje lagrast ut over det som er naudsynt for å oppnå eitt eller fleire spesifikke føremål. Personopplysningar som det ikkje lenger er behov for, vil difor bli sletta, med mindre anna følgjer av andre regelverk.

Som offentleg styresmakt er DSB underlagt omfattande arkivplikt. Saksdokument og andre opplysningar som er arkivpliktige vil difor bli lagra i høve til arkivlova med forskrifter, og kan difor ikkje slettast på vanleg måte.

9. Opplysningar om arbeidssøkarar

Om du søkjer på ei stilling i DSB, vil arbeidsgjevar samle inn og behandle ei rekkje personopplysningar om deg, slik som namn og kontaktopplysningar, søknad, CV og andre opplysningar som har noko å seie for vurderinga av søknaden.

Dette nemnt over er ein naudsynt føresetnad for å inngå ein eventuell arbeidsavtale med deg. Behandlingsgrunnlaget er personvernforordninga artikkel 6. nr. 1 b), som tillet behandling som er naudsynt for å inngå ein avtale eller oppfylle tiltak på førespurnad frå den registrerte før ein inngår ein avtale.

10. Opplysningar om tilsette i DSB

DSB behandlar personopplysningar om eigne tilsette for å administrere og leggje til rette arbeidstilhøvet, og for å oppfylle andre plikter etter arbeidsavtalen. Behandlinga omfattar mellom anna namn og kontaktopplysningar, CV, arbeidsavtale, løns- og betalingsinformasjon, skattekort, ferie- og fråværsoversikt, fagforeiningsmedlemskap, opplysningar om nærmaste pårørande, talet på barn og deira namn, eventuelle åtvaringar, samt helseopplysningar innanfor ramma av arbeidsmiljølova.

Behandlinga av opplysningane nemnte over er naudsynt for å oppfylle arbeidsavtalen med den tilsette. Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 b). Der behandlinga omfattar særlege kategoriar av opplysningar er den rettslege heimelen for behandlinga artikkel 9 nr. 2 b).

DSB behandlar også opplysningar om tilsette si inn- og ut-registrering på arbeidsplassen. Behandlinga gjerast på bakgrunn av ei interesseavveging etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f), idet omsynet til arbeidsgjevar sitt behov for tryggleik og kontroll av bygninga veg tyngst.
Personopplysningar om dei tilsette behandlast vidare i tilfelle der behandlinga er naudsynt for å oppfylle rettslege plikter som følgjer av mellom anna folketrygdlova, rekneskapslova og skattelova. Behandlingsgrunnlaget er i denne samanhengen personvernforordninga i artikkel 6 nr. 1 c).

11. Rettane dine

Du har rett til å vite kva slags personopplysningar DSB behandlar om deg, og til å få ein kopi av personopplysningane. Du kan også be om informasjon om kvifor vi behandlar personopplysningane, namn på eventuelle mottakarar, informasjon om kor lenge opplysningane er venta å bli behandla og kvar personopplysningane stammar frå.

Korrigering av personopplysningar

Om personopplysningane dine er feil eller ufullstendige kan du be om å få opplysningane korrigerte eller supplerte med ytterlegare opplysningar.
Sletting av personopplysningar
I nokre tilfelle kan du krevje at DSB slettar personopplysningar om deg. Som følgje av mellom anna arkivplikta etter arkivlova med forskrifter, vil denne retten likevel vere noko avgrensa i offentleg sektor.

Rett til å trekkje tilbake samtykke

I tilfelle der behandlinga skjer på bakgrunn av samtykke frå deg, har du kva tid som helst høve til å trekkje samtykket tilbake. Behandlinga vil då normalt måtte opphøyre. Dette påverkar likevel ikkje kor vidt den behandlinga som allereie har skjedd er lovleg eller ikkje.

Det skal vere like lett å trekkje tilbake som å gje eit samtykke.

Avgrensing av behandling

I visse tilfelle kan du krevje at behandlinga avgrensast. Dette gjeld der du har nekta for at personopplysningane er riktige, der behandlinga er ulovleg eller ikkje lenger er naudsynt, eller der du har protestert mot den aktuelle behandlinga.

Protestere mot behandling

I nokre tilfelle kan du protestere mot ei behandling. Dette er avgrensa til å gjelde i tilfelle der DSB behandlar personopplysningane dine som ledd i offentleg styresmaktsutøving, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), eller når behandlinga skjer på bakgrunn av ei interesseavveging etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f).

Protesten må grunngjevast i din særlege situasjon. Det vil då vere opp til DSB å avgjere om behandlinga kan fortsetje.

Dataportabilitet

Om DSB behandlar personopplysningane dine på bakgrunn av samtykket ditt eller ein avtale med deg, kan du be om å få overført opplysningane til ein annan behandlingsansvarleg, om det finst eit reelt val mellom fleire tenestetilbydarar/behandlingsansvarlege.

Rett til å klage

Om DSB behandlar personopplysningar om deg, har du rett til å klage over behandlinga. Klagen rettast til Datatilsynet.

Om du meiner at DSB ikkje følgjer personvernreglane, ønskjer vi at du tek kontakt med personvernombodet.

Ønskjer du meir informasjon om rettane dine?

På heimesida til datatilsynet kan du lese meir om rettane dine: https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/den-registrertes-rettigheter/

Lukk