Fakta om CE-merking

Med CE-merket erklærer produsenten overfor tilsynsstyresmaktene at dei grunnleggjande tryggleikskrava er oppfylte. Det betyr at produsenten forsikrar om at desse krava er varetekne, at produktet er trygt og at dokumentasjon for dette er tilgjengeleg.

CE-merket seier ikkje noko om kvalitetsaspekt ved produktet. Blant produkta som fell inn under krava om CE-merking, er elektriske hushaldningsapparat, leiketøy og personleg verneutstyr (sykkel- og andre hjelmar).

Kva betyr CE?


Bokstavkombinasjonen CE er ei forkorting av det franske namnet på den europeiske fellesskapen – la Communauté Européenne. Merkinga blir nytta på ei rekkje produkt i EØS-området, og er meint som informasjon til styresmaktene om at tryggleikskrava er oppfylte. Dermed kan produkta fritt sirkulere i dette området.

CE merket

CE-merket

Kven set på CE-merket?

Det er berre produsenten (eller ein representant for produsenten i EØS-området) som kan CE-merke eit produkt. Dersom du er importør eller detaljist, kan du ikkje CE-merke produkta du omset. Grunnen til dette er at det berre er produsenten eller ein representant for produsenten som har full oversikt over faktorane som påverkar tryggleiken til produktet (t.d. konstruksjon og produksjonsprosessar). Ein representant for produsenten er ein person eller eit firma som har fullmakt til å opptre på vegner av produsenten i EØS-området.

Merkinga skal vere synleg, leseleg og permanent på produktet. Dersom det ikkje er mogleg å merke sjølve produktet, kan merket setjast på emballasjen eller i dokument som følgjer med.

Kva skal CE-merkast?

Grunna variasjonar i innhaldet og oppbygginga av regelverket i EØS finst det også produkt som ikkje skal CE-merkast. Døme på produkt som ikkje skal CE-merkast, er leikeplassutstyr, barnevogner, sports- og fritidsprodukt pluss pluggar og stikkontaktar til bruk i bustader. Produsenten er ansvarleg for å vurdere alt regelverk som kan vere relevant for produktet, og krav til CE-merking.

Definisjonar og bruksområde kan vere til hjelp for å klassifisere eit produkt og dermed finne ut kva regelverk som gjeld, og om produkta skal CE-merkast eller ikkje.

For å finne ut nøyaktig kva krav som gjeld for CE-merking av eit konkret produkt eller ei bestemt produktgruppe, må ein gjere seg kjend med regelverket knytt til produkttryggleik. Tryggleikskrava er som regel formulerte som funksjonelle krav. Det vil seie at dei slår fast kva tryggleiksnivå som skal vere innfridd.

Utdjupande spesifikasjonar er å finne i harmoniserte standardar. Uavhengig av om eit produkt skal CE-merkast eller ikkje, må produsenten gjere ei heilskapsvurdering av risikoen og vurdere om den totale tryggleiken til produktet er god nok.

Kven sjekkar CE-merkinga?

Marknadskontroll er eit verkemiddel som tilsynsstyresmaktene nyttar for å redusere førekomsten av produkt som ikkje tilfredsstiller dei grunnleggjande tryggleikskrava. Det blir mellom anna kontrollert at CE-merket er påført rett og at produktinformasjonen er tilfredsstillande.

I EU blir det jobba med å generalisere CE-merket slik at det også gir informasjon til publikum om produkttryggleiken.

Last ned pdf


CE-merket (pdf)