Innleiing

Rettleiing for myndigheitsbruk ved tilsyn utført av brann- og feiarvesen (Tilsynsrettleiinga) er utarbeidd med føremål å auke kvaliteten på tilsynsarbeidet gjennom å sikre korrekt, systematisk, einskapleg og trygg myndigheitsforvaltning.

Målet med Tilsynsrettleiinga er at førebyggjande avdelingar i brann- og feiarvesenet kan ta den i bruk som eit fast arbeidsverkty, og at den kan innarbeidast i lokale internkontroll- og saksbehandlingssystem. Rettleiinga er utarbeidd av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) til bruk for kommunale tilsynsmyndigheiter og tilsynspersonell som gjer kontraktutsett tilsyn. Rettleiinga vil også vere til nytte for eigarar, forvaltarar, verksemder og brukarar av brannobjekt.

Utgjevinga av rettleiinga inneber ingen endringar i Brann- og eksplosjonsvernlova med tilhøyrande forskrifter. Rettleiinga har likevel som føremål å endre fokus frå å avdekkje konkrete avvik til ei meir systemorientert tilsynsform. I den grad verksemda kan ansvarleggjerast, bør Internkontrollforskrifta leggjast til grunn for tilsynet. Forebyggjandeforskrifta bør i samband med dette nyttast som eit nivå for akseptabel branntryggleik. I tilfelle der eigar/brukar er privatperson/forbrukar, vil det berre vere høve til å leggje krava i Forebyggjandeforskrifta til grunn.

Ved å nytte seg av det erfaringsmaterialet som er innbakt i Tilsynsrettleiinga når ein den graden av kvalitet og tryggleik som følgjer av forskriftene. Det vert likevel føresett at innhaldet i rettleiingane til Internkontrollforskrifta og Forebyggjandeforskrifta er godt kjent for brukarane.

Tilsynsrettleiinga gir ikkje bindande reglar og kan derfor ikkje brukast som heimel for pålegg ved tilsyn. Tekst frå rettleiingane kan eventuelt nyttast som grunngjeving for kvifor pålegg er ilagt.

Dei modale hjelpeverba i rettleiinga er normalt brukt slik:

skal: angir krav i relasjon til forskrifta
bør: er ei tilråding
må: angir ei følgje/konsekvens av noko
vil: angir ein hypotese
kan: angir valfridom

1. Føremål og verkeområde

Føremål og verkeområde Tilsynsrettleiinga med prosedyrar og sakshandsamingsmalar viser prinsipp og formell framgangsmåte som kan følgjast for å tilfredsstille lovverket sine krav til myndigheitsbruk. Det gjeld tilsyn ved fyringsanlegg, tilsyn med særskilte brannobjekt og tilsyn med andre brannobjekt som lovverket kjem inn på. Bestemmelser om myndigheitsbruk er gitt i eller i medhald av lov av 14. juni 2002 nr 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (Brann- og eksplosjonsvernloven).

Innhaldet i rettleiinga
Rettleiinga inneheld prosedyrar og saksbehandlingsmalar for myndigheitsbruk ved tilsyn utført av brann- og feiarvesenet.

I prosedyrane er det linkar til saksbehandlingsmalar som dekkjer områda: heimelsgrunnlag for å føre tilsyn, prosedyrar for varsel, prosedyrar for gjennomføring og prosedyrar for oppfølging og reaksjon. Styrande dokument for tilsyn og Forvaltningslovens bestemmelser er lagt til grunn for utarbeidinga.

Saksbehandlingsmalane tek utgangspunkt i regelverket og er gode eksempel på korleis ein kan oppnå korrekt myndigheitsbruk. Sjølv om malane gjev gode løysingsdøme for dei enkelte problemstillingane, er det viktig å presisere at tilsynsmyndigheitene gjer sjølvstendige vurderingar. Malane skal tilpassast sakstilhøva og ikkje omvendt.

I tillegg til malane har rettleiinga fleire vedlegg.

Omgrep og definisjonar
Rettleiinga nyttar dei same omgrep og definisjonar som er innarbeidd i brann- og eksplosjonsvernloven, Forebyggendeforskriften og veiledningsutgaven til den. Dette gjeld også omgrepa brukt i Plan- og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter.

Det er likevel nødvendig med følgjande presiseringar:

Ansvarleg etter delegasjon (e.f.)
Leiar av brann- og feiarvesenet (brannsjefen) som gjennom kommunane sine delegeringsvedtak har fått fullmakt til å gjere enkeltvedtak.

Myndigheit kan vere delegert vidare til seksjonsleiar eller avdelingsleiar for tilsyns- eller feiarseksjon/avdeling/eining, avdelingsleiar for førebyggjande avdeling eller liknande.

Brukar
Den som i eigenskap av eigar, eller i høve til avtale med eigar har total eller partiell bruksrett til eit brannobjekt, og har teke over bruksretten. Brukar kan vere eigar sjølv, leigetakar for heile eller delar av brannobjektet, eller vere leiar av verksemda.

Eigar
Den som har grunnboksheimel til eit brannobjekt. Kan vere eit personleg eigarskap eller ein juridisk person. Ved juridisk person er det dagleg leiar eller styret som representerer selskapet. Eigars plikt etter lov og forskrifter kan ikkje fråskrivast gjennom avtale.

Fyringsanlegg
Eldstad, sentralvarmekjel eller varmluftaggregat der varme vert produsert ved forbrenning av fast, flytande eller gassformig brensel.

Eldstad
Mindre varmeproduserande eining for lokal  oppvarming. T.d. frittståande vedomn, peis, peisinnsats, parafinkamin der dagtank er montert i same branncelle, kombinerte ved- og parafinkaminar, open eldstad eller peisomn for lokal oppvarming og gassbrennarar som vert mata med flaske.

Representant for eigar
Den personen som etter fullmakt eller avtale opptrer på vegne av eigar med grunnboksheimel.

Risikoanalyse
Systematisk framgangsmåte for å forklare og/eller rekne med risiko. Risikoanalysen vert utført ved kartlegging av uønskte hendingar og årsaker til og konsekvensar av desse, sjå Internkontrollforskriften § 5 andre ledd pkt 6. Sjå også Norsk Standard – www.standard.no: NS 5814 ”Krav til risikoanalyser”, NS 3901 ”Risikoanalyse av brann i byggverk”  med rettleiingar, og anna litteratur om risikoanalyse. Enkelt sagt dreiar det seg om følgjande:

• Kva kan gå gale?
• Kva er gjort og kva meir kan gjerast for å hindre dette?
• Kva er gjort og kva meir kan gjerast for å redusere konsekvensane dersom noko skjer?

Risikovurdering
Samanlikning av resultat frå risikoanalyse med akseptkriterium for risiko og andre slutningskriteria.

Styrande dokument for tilsyn
Etter at forskrift om internkontroll trådde i kraft 1.1.1992, og etter fastsetjing av forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften) av 6.desember 1996, har dei fire tilsynsetatane Arbeidstilsynet, Statens Forurensingstilsyn, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap samarbeida om ein einskapleg tilsynspraksis. Styrande dokument for tilsyn er etatane sin felles framstilling av dette.

Verksemd
Verksemd betyr alle offentlege og private føretak, om føretaket er etablert med tanke på forretningsdrift eller ikkje. Ref. brann- og eksplosjonsvernloven § 4,f og internkontrollforskriften §§ 2 og 4 med veiledning.

Verksemd kan vere eigar sjølv eller eit føretak som har total eller partiell bruksrett til eit brannobjekt.

Aktuelt lovverk for tilsyn
1) Brann- og eksplosjonsvernloven
2) Veiledning til forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn
3) Internkontrollforskriften
4) Styrende dokumenter for tilsyn
5) Forskrift om brannfarlig vare
6) Forskrift om brannfarlig eller trykkfast stoff

Andre lover, forskrifter, publikasjoner:
7) Plan og bygningslov med tilhøyrande forskrifter og rettleiingar
8) Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker - Forvaltningsloven

Nokre linkar til myndigheitsområde:

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap: www.dsb.no
Statens
Bygningstekniske etat: www.be.no
HMS-etatene
: www.hmsetatene.no

2. Rettleiing for myndigheitsbruk av tilsyn

Innleiing I veiledningen til dimensjoneringsforskriften (s. 13 og 14) vert det gjort greie for kva ein meiner med delegasjon, kommunen sin plikt til å delegere og korleis delegasjon faktisk skal gjenomførast. Sjå i samband med dette også dimensjoneringsforskriften § 2-2. Det er viktig at kapittelet om delegasjon i rettleiing til dimensjoneringsforskrifta vert lese i samanheng med denne tilsynsrettleiinga.

Det er viktig å skilje mellom delegasjon av offentleg myndigheitsbruk og andre beredskapsoppgåver som brannvesenet har. Dette skuldast at det berre er offfentleg myndigheitsbruk som reiser forvaltningsspørsmål i høve til delegasjon. Med offentleg myndigheitsbruk vert det her sikta til vedtak som regulerer rettar og plikter for privatpersonar (enkeltvedtak og forskrifter).

Så lenge kommunen sjølv er medeigar i det interkommunale selskapet vil delegasjon av myndigheit kunne skje på same måte som når det vert delegert til administrasjonen. Kommunen beheld då sitt formelle forvaltningsansvar og instruksjonsmyndigheit gjennom å delta i representantskapet, eventuelt i styret. I tilfelle der kommunen ikkje er medeigar i selskapet, men berre ønskjer å leige inn beredskapstenester til oppgåver etter loven, må det etablerast ordningar som ivaretek at all myndigheitsbruk skjer  under kommunens formelle ansvar. Det vil i samband med dette berre vere sjølve vedtakskompetansen som finst i kommunen. Gjennomføring av kontroll, tilsynsrapportar og førebuing av eventuelle enkeltvedtak kan utførast av det interkommunale selskapet.

Det vil ikkje vere høve til å delegere myndigheit til å vedta lokale forskrifter, som t.d. når ein skal regulere tilsyn i byggverk som ikkje er særskilde brannobjekt. Ordlyden i Brann- og eksplosjonsvernloven § 13 fjerde ledd må tolkast slik at det er ei delegasjonssperre, jf.uttrykket: ”kommunestyret selv”. Dette inneber at det berre er kommunestyret som kan vedta lokale forskrifter.

Delegasjon der kommunen er medeigar i selskapet
Dersom fleire komunar ønskjer å gå saman om å organisere brannvesenet i eit interkommunalt selskap, er den formelle linja følgjande:

1. Kommunestyret vedtar selskapsavtalen og stiftar selskapet, jf. Lov om interkommunale selskaper. I samband med dette er det viktig at det samstundes vert gjort delegasjonsvedtak der det går klart fram kva for myndigheitsoppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova som kan utførast av det interkommunale selskapet. Eit slikt klageorgan må bestå av representantar frå alle samarbeidskommunar slik at myndigheitsbruk er underlagt kontroll av dei respektive kommunane.Grunna dette er det naturleg å leggje klagekompetansen å la represenentantskapet vere klageorgan og myndigheita som organet har må framgå tydeleg av alle delegasjonsvedtak.
2. Øvste myndigheit i selskapet er representantskapet, som består av representantar for alle deltakarane (kommunane).

3. Selskapet vert forvalta av styret, som er valt av representantskapet.

4. Dagleg leiar av selskapet er brannsjefen.

Det bør dannast eit særskilt klageorgan for enkeltvedtak gjort av det interkommunale selskapet. Det vil vere naturleg at representantskapet fungerer som klageorgan. Hvis det ikkje er etablert eit slikt felles klageorgan, må eventuelle klager behandlast av den kommunen tilsynsobjektet har adresse i, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 41 andre ledd og forvaltningsloven § 28 andre ledd. Dette er eit tungvint system, og kan i nokre høve føre til at det oppstår forskjellig praksis innanfor mydigheitsområdet til eit interkommunalt selskap.

Når det gjeld lokale forskrifter i medhald av brann- og eksplosjonsvernloven § 13 fjerde ledd må vedtaka gjerast av dei respektive kommunestyra. Det er ingenting i vegen for at vedtaka vert førebudd av det interkommunale selskapet. Dersom det er ønskjeleg å ha same forskrifta for alle samarbeidskommunene, må det liggje føre identiske forskriftsvedtak frå alle kommunestyre. Då slepp brannvesenet å halde seg til forskjellige regelverk i dei ulike samarbeidskommunane. Ved etablering av felles brannvesen som eit IKS bør ein gjennomgå alle eksisterande forskrifter og vurdere dei i lys av samarbeidet.

Tilfelle der kommunen ikkje er medeigar i det interkommunale selskapet
I tilfelle der kommunen ikkje er medeigar i det interkommunale selskapet, er det ikkje høve til å delegere bruk av myndigheit til selskapet. Kommunen er her heilt uavhengig av det interkommunalet selskapet, og det må etablerast ordningar slik at vedtaka kan gjerast av kommunestyret sjølv eller eit organ som er underlagt kommuneloven, t.d. administrasjonen. I slike tilfelle vil det vere praktisk at kommuneadministrasjonen har ein person som har ansvaret for det førebyggjande brannvernarbeidet i kommunen. Myndigheita må avgrensast til sjølve vedtakskompetansen, slik at det å gjennomføre kontroll, skrive tilsynsrapportar og førebu eventuelle enkeltvedtak kan gjerast av det interkommunale selskapet. Eventuelle klager vil kunne behandlast som normalt i kommunens klageorganar (kommunestyret).

Kontraktsutsett feiing
Når det gjeld kontraktsutsett feiing, må høve til å delegere avgrensast på same måten som i  tilfelle der ein kommune leiger tenester frå eit interkommunalt selskap. Dette inneber at all myndigheit (vedtakskompetanse) må gjerast av kommunens formelle organ. Tilsyn, tilsynsrapportar og førebuing av enkeltvedtak kan gjerast av det private feieselskapet.

Kva er enkeltvedtak
Definisjonen av enkeltvedtak følgjer av forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b: ”et vedtak som gjelder rettigheter eller plikter til en eller flere bestemte personer”. I praksis vil avgjersla om pålegg og forbod mot bruk etter brann- og eksplosjonsvernloven § 37 vere enkeltvedtak. Andre eksempel på enkeltvedtak er avgjersler om tvangsmulkt, tvangsgjennomføring, tilbakekalling av produkt, o.l.

Prosessleiande avgjersler er ikkje enkeltvedtak. Med dette meiner ein avgjersler som berre betyr noko for saksbehandlinga, og ikkje har konsekvensar for realiteten i saka, t.d. avgjersler knytt til utsett iverksetjing inntil klagen er ferdigbehandla, jf. forvaltningsloven § 42. Det er ikkje klagerett på slike avgjersler. Sjå teksta nedanfor.

Saksførebuing ved enkeltvedtak

Førehandsvarsling

Forvaltningsloven § 16 stiller krav om at adressaten for eit enkeltvedtak (parten) skal varslast på førehand, og gjevast høve til å uttale seg innan angitt frist.

Førehandsvarsling er spesielt viktig ved enkeltvedtak som fører med seg plikter eller sanksjonar for ein person eller verksemd. Slike sanksjonar kan vere pålegg, forbod mot bruk, tvangsmulkt, tvangsgjennomføring, o.l. Kravet om førehandsvarsling heng saman med bestemmelsen i forvaltningsloven § 17 om at tilsynsmyndigheita må sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før vedtak vert gjort.

Ved oppfølging av avvik hender det ofte at kommunen må vedta fleire sanksjonar (enkeltvedtak) i prosessen. Dersom den ansvarlege ikkje følgjer oppmodingar i tilsynsrapporten, vert det gjerne ilagt eit pålegg om å lukke avviket, og dersom pålegget ikkje vert følgt opp, vert det gjerne ilagt ei tvangsmulkt. Den ansvarlege må varslast særskilt om kvart av enkeltvedtaka (sanksjonane). Det kan likevel vere nyttig å førehandsvarsle heile kjeden av sanksjonar (enkeltvedtak) som vil kunne bli aktuelle i førkant av prosessen, t.d. i tilsynsrapporten. Parten vil då få eit samla oversyn over kva som kan ventast dersom avviket ikkje vert lukka, og han kan uttale seg i høve til eit samla sett av reaksjonar. Ein slik framgangsmåte skaper tryggheit og kan til ein viss grad også ha ein prevantiv effekt. I tillegg vil førehandsvarsling av heile prosessen føre til ein meir effektiv saksgang der ein unngår unødvendig tidstap ved fortløpande varsling mellom sanksjonsvedtaka, spesielt då i høve til eventuelle høyringsfristar. Ei slik varsling føreset tett oppfølging av tilsynssaka.

Dersom tilsynsmyndigheitene under tilsynet finn grunnlag for umiddelbar stenging som følgje av overhangande fare, vil førehandsvarsling ikkje vere nødvendig, jf.forvaltningsloven § 16 tredje ledd og brann- og eksplosjonsvernloven § 37 tredje ledd.

Formelle krav til sjølve vedtaket

Skriftleg vedtak
Enkeltvedtak skal vere skriftlege, jf. forvaltningsloven § 23. Enkeltvedtak knytt til stenging ved overhangande fare kan gjerast muntleg på tilsynstidspunktet. Den muntlege nektinga må så snart som mogleg følgjast opp med skriftleg vedtak av tilsynsmyndigheiten.

Heimel
I høve til legalitetsprinsippet i forvaltningen må enkeltvedtak ha heimel i lov eller forskrift, og det må visast til dei aktuelle bestemmelsane i vedtaket. Dette er spesielt viktig dersom enkeltvedtaket fører med seg plikter eller byrder for parten, t.d. pålegg, vedtak om stenging, tvangsmulkt, o.l. Det må visast til dei aktuelle bestemmelsane i brann- og eksplosjonsvernloven i høve til plikter, med mindre pliktene følgjer direkte av forskriftsteksten, t.d. i forebyggendeforskriften.

Grunngjeving
Det framgår av forvaltningsloven § 24 at enkeltvedtak skal grunngjevast. Dersom avviket er eit brot på funksjonsbaserte forskrifter, er det viktig at tilsynsmyndigheita konkretiserer kva avviket inneber. I nokre høve er dette enkelt, t.d. når bygningen ikkje er oppført i samsvar med opphavleg byggjeløyve. Meir komplisert blir det dersom det er avvik i høve til føresetnadene ved byggjeløyvet, t.d. når ei analyseløysing ikkje vert sett på som tilfredsstillande. Som nemnt i kapittelet om pålegg skal ikkje tilsynsmyndigheitene skissere løysingsframlegg overfor den ansvarlege, men det må klart gå fram i enkeltvedtaket kvifor objektet eller verksemda ikkje tilfredsstiller krava i lovverket.

Underretning
Det går fram av forvaltningsloven § 27 at tilsynsmyndigheitene pliktar å passe på at ”partene underrettes om vedtaket så snart som mulig”. Underretninga skal vere skriftleg. Det er høve til å nytte e-post dersom mottakaren uttrykkjeleg har godteke dette og samstundes har oppgitt e-postadressa. I heilt spesielle høve kan enkeltvedtaket formidlast muntleg, t.d. ved sterkt hastverk. Det kan vere aktuelt når tilsynsmyndigheita finn det nødvendig å stengje bygningen som følgje av overhangande brannfare, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 37 tredje ledd. I slike høve er det viktig å opplyse parten om at vedtaket kan stadfestast skriftleg i ettertid.

Underretninga skal sendast til partane. Dette er i praksis bygningseigar, men i mange høve vil også brukar av eller verksemda i bygningen vere partar. Dersom det er fleire partar, skal alle ha underretning. Kopi bør også sendast til brannvernleiar, jf. forebyggendeforskriften § 3-2.

I underretninga må det opplysast om klagerett, klagefrist, kven som er klageinstans, og kvar eventuell klage skal sendast (underinstansen). Dersom gjennomføringa av vedtaket kan tenkjast å vere til skade for ein part, må det opplysast om retten til å be om utsett iverksetjing inntil klagesaka er avgjort, jf. forvaltningsloven § 42 første ledd. Underretning om dette kan gjerast i felles brev med vedtak eller separat.

Verknader av eventuelle saksbehandlingsfeil - forvaltningsloven § 41
Saksbehandlingsfeil  betyr at tilsynsmyndigheita ikkje har overhalde dei saksbehandlingsreglane for enkeltvedtak som er skissert over. Eventuelle saksbehandlingsfeil vert gjerne avdekt i ei klagebehandling, anten av under- eller klageinstansen.

Det er ikkje slik at alle feil som vert avdekt vil føre til at vedtaket må kjennast ugyldig. Det er berre i dei høve der feilen kan ha påverka resultatet (vedtakets materielle innhald) at vedtaket må kjennast ugyldig. Se forvaltningsloven § 41. Bestemmelsen har følgjande ordlyd:

”Er reglene om behandlingsmåten i denne lov eller forskrifter gitt i medhold av loven ikke overholdt ved behandlingen av en sak som gjelder enkeltvedtak, er vedtaket likevel gyldig når det er grunn til å regne med at feilen ikke kan ha virket bestemmende på vedtakets innhold.”

Føremålet med saksbehandlingsreglane er først og fremst å ta riktige avgjerder, og det ville vere ”flisespikkeri” dersom ubetydelege feil skulle føre til at eit vedtak vert kjent ugyldig. Bestemmelsen må likevel ikkje brukast ukritisk. Det er ikkje eit absolutt krav at feilen faktisk skal ha påverka resultatet. Det er tilstrekkjeleg at det ligg føre sjanse for at feilen kan ha verka inn på innhaldet i vedtaket.

Som ein ”tommelfingerregel” kan ein seie at dess meir omfattande eit vedtak er, dess grovare feilen er, er det større grunn til å kjenne eit vedtak ugyldig, sjølv når det er lite sannsynleg at feilen kan ha påverka resultatet. Vedtak gjort av tilsynsmyndigheita påfører stort sett plikter for adressaten og vil grunna dette ofte bli oppfatta som inngripande. Det er viktig at tilsynsmyndigheita legg dette til grunn når kriteria i forvaltningslova § 41 skal vurderast.

Enkelte typer saksbehandlingsfeil fører som regel alltid til ugyldigheit. Manglande eller mangelfull førehandsvarsling er ein feil som lett kan verke inn på resultatet, jf. forvaltningsloven § 16. Parten har då ikkje fått høve til å uttale seg om dei pliktene/byrdene som følgjer av eit eventuelt pålegg, vedtak om stans-/stengingsvedtak eller tvangsmulkt. I slike høve vil heller ikkje saka vere tilstrekkeleg opplyst i høve til forvaltningslova § 17.

Saksbehandlingsfeil som ein vanskeleg kan sjå har verka inn på resultatet, vil t.d. kunne vere ei rein forgløyming ved at det ikkje er vist til heimel når det elles er tydeleg at forholdet har tilstrekkeleg heimel. Slike feil vil som regel ikkje kunne påverke innhaldet i vedtaket så lenge vurderingane bygg på riktige føresetnader i lovverket og kan rettast opp ved at parten får skriftleg melding om riktig heimel i ettertid eller i ei eventuell klagebehandling.

Likeeins vil feil i samband med underretninga av vedtaket vanskeleg kunne ha innverknad på innhaldet i avgjersla. Slike feil vil som regel kunne få verknad i høve til klagefristar.

Dersom tilsynsmyndigheita kjem til at enkeltvedtaket lid av ein saksbehandlingsfeil, og det ikkje kan utelukkast at feilen kan ha påverka resultatet, er vedtaket ugyldig. Ugyldige vedtak om sanksjonar vil som hovudregel vere nullitetar. Ein meiner med dette at parten kan sjå bort frå sanksjonen. Dersom vedtaket vert kjent ugyldig etter klage, må klageinstansen presisere dette i vedtaket sitt. I andre høve bør tilsynsmyndigheita informere om at vedkomande kan sjå bort frå sanksjonen i eit særskilt brev. Parten skal innformerast om retten til å krevje saksomkostningar dekt for vesentlege utgifter som har vore nødvendig i høve til endringa, jf. forvaltningsloven § 36.

Klage og omgjering

Kven som har klagerett
Det går fram av forvaltningsloven § 28 første ledd at ”parter og andre som har rettslig klageinteresse i saken” kan klage på enkeltvedtaket. Kven som er å rekne som part, er nærare definert i forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav e: ”person som en avgjørelse retter seg mot eller som saken ellers direkte gjelder”. Det er som regel ikkje vanskeleg å definere kven som er part. Det vil vere huseigar, verksemd (etter HMS-lovgivningen) eller andre adressatar for enkeltvedtaket.

Det er vanskelegare å definere kven som kan ha ”rettslig klageinteresse”. Omgrepet er henta frå tvistemålsloven, og er likestilt med kven som har søksmålskompetanse, jf. tvistemåksloven § 54. For å ha ”rettslig klageinteresse” må ein ha ei viss tilknyting til saka. Det kan dreie seg om fleire tilknytingsforhold. Vedtaket må ikkje nødvendigvis ha rettslege konsekvensar for klagaren. Det som må vurderast er om interessa til vedkomande er av ein slik karakter (art og tyngde) at det er rimeleg at han vert gitt høve til å få ein rettsleg og faktisk overprøving av vedtaket. Det kan her dreie seg om interesseorganisasjonar, velforeiningar, o.l.

Kva for avgjersler som kan klagast på
Det går fram av forvaltningsloven § 28 første ledd at det berre er enkeltvedtak som kan klagast på, sjå om enkeltvedtak ovanfor. I praksis er dei fleste avgjerslene som vert gjort av tilsynsmyndigheitene enkeltvedtak, og vil såleis kunne klagast på. Avgjerd om å imøtekomme eller avslå oppmodingar om utsett iverksetjing er ikkje enkeltvedtak, og det er ikkje klagerett på slike avgjersler.

Det er klagerett på enkeltvedtak om tilsyn i bygningar som ikkje er særskilde brannobjekt, men det vil ikkje vere klagerett dersom tilsynet er heimla i ei lokal forskrift, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 13. Avgjersler som framgår direkte av forskrifter, og som ikkje fører til nokon sjølvstendig vurdering, vil ikkje kunne påklagast.

Til slutt må det presiserast at det ikkje er klagerett på avgjerda til klageinstansen. Avgjerda som klageinstansen har kome fram til er endeleg og det er ingen vidare ankemoglegheit. Eventuell vidare forfølging av vedtaket må bringast inn for domstolen ved søksmål.

Klagefrist

Fristens utgangspunkt
Det går fram av forvaltningsloven § 29 første ledd at klagefristen er tre veker. Denne fristen er i utgangspunktet absolutt. Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga har kome fram til adressaten. I praksis vil dette vere når brevet ligg i postkassa eller når e-posten er tilgjengeleg i e-postboksen. Det at parten ikkje har faktisk kunnskap om vedtaket er ikkje avgjerande så lenge vedkomande har hatt høve til å gjere seg kjent med det.

Dersom vedtaket unntaksvis er formidla muntleg, gjeld fristen frå tidspunktet det vart sagt. Parten vert informert om retten til å krevja skriftleg melding i ettertid. Dersom nokon ber om ei skriftleg melding, må klagefristen reknast frå tidspunktet ei slik melding har kome fram til adressaten.

Som tidlegare nemnt kan også personar som ikkje har vore partar, og derfor ikkje har fått melding, ha klagerett (rettsleg klageinteresse). Det kan også hende at melding ved ein feil ikkje vert sendt, eller ikkje kjem fram. I slike høve gjeld klagefristen frå det tidspunktet vedkomande har fått eller burde ha fått kjennskap til vedtaket, jf. forvaltningsloven § 29 annet ledd. Det er ein absolutt frist på tre månader frå vedtakstidspunktet (dato). Klager som er innkomne etter dette, skal avvisast, jf. bestemmelsens siste punktum.

Når klagen må vere framsett
Når det gjeld tidspunktet for når klagen må vere framsett, er det tilstrekkeleg at brevet har kome inn til postoperatør. I praksis inneber dette at så lenge datostemplinga på frimerket er innanfor fristen, må klagen vurderast til å vere komen inn i rett tid. I tillegg er det tilstrekkeleg at meldinga er overlevert offentleg tenestemann som har fullmakt til å ta imot klagen (brannvesen) eller at meldinga har kome fram til den elektroniske adressa til tilsynsmyndigheita. Alt dette er nærare gjort greie for i forvaltningsloven § 30.

Overskriding av klagefristen
I forvaltningsloven § 31 første ledd vert det opna for at klagefristen kan overskridast i visse høve.

I dette ligg at tilsynsmyndigheita har høve til å forskyve klagefristen dersom konkrete vilkår i bestemmelsen er oppfylt. Det første vilkåret er at parten ikkje kan lastast for å ha overskride klagefristen eller for å ha drygd etterpå. Konkrete døme på slike vilkår er feil i meldinga i høve til opplysning om klagerett, sjukdom og liknande. Dersom parten eller fullmektigen hans (advokat) kan lastast for at fristen vert overskriden, er det berre lov til å gje oppreising når det av ”særlige grunner” er rimeleg at klagen vert prøvd. Tilsynsmyndigheita har ikkje plikt til å gje oppreising sjølv om vilkåra er oppfylt, jf. ordet ”kan”.

Når det vert vurdert om oppreising skal gjevast, må det leggjast vekt på om dette vil føre til skade eller ulempe for andre partar eller andre personar. Sidan tilsynsmyndigheitene sine enkeltvedtak stort sett fører med seg byrder for partane vil dette normalt ikkje vere eit vurderingstema i våre saker.

Det er vanskeleg å finne konkrete eksempel på at andre vert påført ulempe når tilsynsmyndigheitene gjev oppreising. Samfunnsinteresser (branntryggleik) kan likevel tale for at brannvesenet bør vere restriktive med å gje oppreising på klagefristen.

Klageinstans
Kven som er klageinstans er nærare regulert i brann- og eksplosjonsvernloven § 41 annet ledd, første punktum. Det går fram her at sentral tilsynsmyndigheit (DSB) er klageinstans der kommunestyret har gjort vedtak. Dette gjeld enkeltvedtak som kommunen har gjort i førsteinstans. I praksis gjeld det tilfelle der kommunestyret ikkje har delegert myndigheita si til administrasjonen (brannvesenet).

For alle andre vedtak gjeld forvaltningslovens generelle reglar om klageinstans i ein kommune, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 41 annet ledd annet punktum og forvaltningsloven § 28 annet ledd. Dette inneber at kommunestyret eller anna særskilt oppnemnd klageorgan vil vere klageinstans når vedtaksmyndigheita er delegert til administrasjonen (brannvesenet). Sistnemnde vil då vere underinstans.

Underinstansens behandling av klagen – forvaltningsloven § 33
Det følgjer av forvaltningsloven § 32 at klagen skal leggjast fram for det organet som har gjort enkeltvedtaket (underinstansen).

Forvaltningsloven § 33 framstiller underinstansens (tilsynsmyndigheita) sine plikter ved behandling av klagen. For det første må underinstansen ta stilling til om vilkåra for å klage er til stades. Det må her vurderast om vedkomande har klagerett, om avgjersla er eit enkeltvedtak, at klagefristar er haldne, etc.

Det er viktig å presisere at underinstansen (tilsynsmyndigheita) skal avvise klagen dersom vilkåra ikkje er oppfylt. Avvising er ikkje det same som å avslå klagen. Dersom klagen vert avvist, har tilsynsmyndigheita ikkje teke stilling til det materielle innhaldet i klagen. Avvising er eit enkeltvedtak som det igjen kan klagast på. Når ei klage vert avvist, er det derfor viktig at reglane i forvaltningslova om saksbehandling vert følgd, jf. krav om skriftleg melding, grunngjeving og melding med opplysning om klagerett, etc. Sjå nærare om dette ovanfor. Når det vert gjort eit vedtak om avvising, vert klagebehandlinga avslutta og saka skal ikkje sendast til klageinstansen.

Når underinstansen (tilsynsmyndigheita) har vurdert vilkåra og funne at klagen kan takast opp til behandling, skal grunnlaget for klagen undersøkjast og det må vurderast om vedtaket bør endrast, opphevast eller om det må vurderast å vera ein nullitet. Dersom tilsynsmyndigheita har endra oppfatning, bør vedtaket endrast og ikkje overlatast til klageinstansen.

Dersom det må gjerast eit nytt enkeltvedtak, må avgjersla inn under forvaltningslovens saksbehandlingsreglar med skriftlighet, grunngjeving, melding, etc. Det vil dermed også vere klagerett på endringsvedtaket. Dette er praktisk viktig der enkeltvedtaket har fleire som dette tangerer og med ulike interesser, t.d. velforeiningar og andre som vert råka av vedtaket. Dersom klagen gjeld vedtak om pålegg eller tvangsmulkt (verknader som er til skade for adressaten), og underinstansen finn å ta klagen til følgje, vil vedtaket vere en nullitet. Dette innber at adressaten kan sjå bort frå rettsverknadene. Ei slik endring er ikkje eit enkeltvedtak og har ingen formelle krav. Adressaten bør likevel få melding om utfallet av klagesaka.

Dersom underinstansen ikkje ønskjer å endre oppfatning, skal klagen sendast klageinstansen for endeleg avgjerd. Klageinstans er som nemnd ovanfor kommunestyret eller særskilt oppnemnd klageorgan dersom vedtaket er gjort på delegasjon (frå kommunestyret). I tilfelle  der kommunestyret har gjort enkeltvedtak i førsteinstans, er sentral tilsynsmyndigheit (DSB) klageinstans.

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt:
Se mal 17 a – Klagen tas til følge – nytt vedtak
Se mal 17 b – Klagen avvises – enkeltvedtak
Se mal 17 c – Klagen tas til følge – nullitet

Viser til malar for tilsyn med fyringsanlegg: Se mal 11 a – Klagen tas til følge – nytt vedtak
Se mal 11 b – Klagen avvises – enkeltvedtak
Se mal 11 c – Klagen tas til følge – nullitet

Klageinstansens behandling – forvaltningsloven § 34
Pliktene til klageinstansen er nærare definert i forvaltningsloven § 34 første ledd første punktum. Det må gjerast ei uavhengig vurdering av om vilkåra for å klage er til stades, og dersom vilkåra ikkje er oppfylt, har klageinstansen plikt til å avvise. Dersom klageinstansen finn grunnlag for å avvise, endre, oppheve eller at vedtaket må vurderast til å verre ein nullitet, gjeld same prosedyre som for underinstansen, jf. ovanfor.

Dersom klagen vert teke opp til behandling, kan klageinstansen prøve alle sider av saka, også tilhøve som ikkje er nemnd i klagen eller kome inn på i vedtaket. Klageinstansens vedtak i saka er endeleg og kan ikkje påklagast. Det er berre opna for ei totrinns behandling i forvaltningssystemet. Det er viktig å presisere at klageinstansen ikkje skal sende saka tilbake dersom ein finn at underinstansen ikkje hadde heimel til å gjere påklaga vedtak eller at ein er ueinig i skjønnsvurderingar. Saka skal berre sendast tilbake til underinstansen ved saksbehandlingsfeil som det er grunn til å rekne med kan ha verka inn på utfallet av saka. Dette er feil som kan reparerast dersom underinstansen framleis ønskjer å forfølgje saka.

Ved behandling av klager på avvisingsvedtak skal klageinstansen berre ta stilling til om det var riktig å avvise klagen.

Når det gjeld klager på avvisingsvedtak, gjeld spesielle reglar i forvaltningsloven § 28 tredje ledd siste punktum. Det går mellom anna her fram at det eksisterer ein vidare klagerett i tilfelle der avvisingsspørsmålet ikkje er vurdert av underinstansen (administrasjonen – brannvesenet). Då vil eventuelt sentral tilsynsmyndigheit (DSB) vere klageinstans, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 41 annet ledd første punktum. Det vil i samband med dette vere tilstrekkeleg at underinstansen viser til forholdet i klagebehandlinga, men at ein finn at vilkåra likevel er oppfylt. Grunnen til at avvisingsvedtak frå klageinstansen kan påklagast, i høve der underinstansen ikkje har vurdert dette spørsmålet, er omsynet til at alle skal få høve til ei totrinns behandling i forvaltningssystemet.

Utsett iverksetjing – forvaltningsloven § 42
Det er vanleg forvaltningsrettsleg prinsipp at enkeltvedtak som hovudregel har umiddelbar rettsverknad. Dette gjeld uavhengig av om det ligg føre ein klage. Eventuelle fristar for gjennomføring av pålegg eller oppfølgjande vedtak om tvangsmulkt vert ikkje påverka av at nokon klagar på avgjerda.

Det er likevel eit unntak frå dette hovudprinsippet i forvaltningsloven § 42. Det går fram her at underinstansen eller klageinstansen (kommunen) på alle tidspunkt i klagebehandlinga ”kan” gje utsett iverksetjing for vedtaket inntil klagen er ferdigbehandla. Dette betyr at vedtaket ikkje blir sett ut i livet før klagesaka er endeleg avgjort.

Slik det går fram av ordlyden er det opp til tilsynsmyndigheita (under- og klageinstans) om påklaga vedtak skal få utsett iverksetjing. Dette kjem av ei skjønnsmessig vurdering (fritt skjønn). I vurderinga bør det leggjast vekt på kva for konsekvensar ei umiddelbar gjennomføring har for den enkelte, vege opp mot kva for konsekvensar ei utsetjing eventuelt vil ha for samfunnet. Det kan også leggjast vekt på om det er mykje sannsynleg at klaga når fram. Det må likevel presiserast at hovudregelen er at rettsverknadene ikkje skal utsetjast.

Utan omsyn til dette er vurderingskriteriane av skjønnsmessig art for kommunen, og avgjersla er derfor ikkje eit enkeltvedtak med dei krav som det inneber i høve til skriftlegheit, grunngjeving, melding, etc. Det er heller ikkje klagerett på avgjersler om utsett verknad.

Det er som nemnd over viktig at tilsynsmyndigheita varslar (i meldinga om vedtaket) om retten til å krevje utsett iverksetjing ved ein eventuell klage.

Dekning av sakskostnader
Forvaltningsloven opnar for at det kan tilkjennast saksomkostningar (på gjevne vilkår) dersom eit vedtak vert endra til gunst for ein part. Retten til å kunne krevja dekning av saksomkostningar er avgrensa av følgjande vilkår:

For det første må vedtaket vere ”endret til gunst” for ein part. I dette utsagnet ligg to kriterium. Det eine er at tilsynsmyndigheita må ha gjort ei endring i høve til opprinneleg vedtak. Det ligg ikkje føre nokon avgrensingar for kor små endringane kan vere, og bestemmelsen må ein forstå slik at kvar (liten) endring vil kunne gje rett til dekning av saksomkostningar. Oppheving av vedtaket vil også vere ei endring. Det same gjeld ugyldige vedtak der rettsverknadene må vurderast som falne bort (nullitetar). Sjå om dette ovanfor.

Det andre kriteriet er at endringa må vere ”til gunst” for ein part eller klagar. Uttrykket ”til gunst” betyr at vedkomande har fått en fordel av endringa, t.d. at eit pålegg fell bort som følgje av ugyldigheit. Bygningseigaren har heilt klart ein fordel av at pålegget ikkje kan gjerast gjeldande. Eit anna døme vil vere at tilsynsmyndigheita set ned tvangmulkta etter klage.

Eit naturleg spørsmål å stille i denne samanheng er om bestemmelsen opnar for å tilkjenne saksomkostningar ved mellombels fordelar. Dette er spesielt aktuelt når eit vedtak vert kjent ugyldig som ei følgje av ein saksbehandlingsfeil. I slike høve står tilsynsmyndigheita framleis overfor eit avvik frå regelverket, og det vert gjerne vedteke eit nytt pålegg der saksbehandlingsfeilen(-ane) vert retta opp.

I høve til bygningseigaren har fordelen av å få kjent vedtaket ugyldig berre vore av mellombels karakter, og det har ikkje ført til nokon realitetsendring, berre ei utsetjing. Bestemmelsen må likevel forståast slik at også mellombels fordelar er omfatta av omgrepet ”endret til gunst”.

Dersom vedtaket ”er endret til gunst” , har bestemmelsen også avgrensingar i høve til kva kostnader som kan krevjast dekt. Det vert berre opna for at ein kan få dekt ”vesentlige kostnader som har vore nødvendige for å få endret vedtaket”. Kva som ligg i uttrykket ”vesentlige kostnader” må ikkje trekkjast for langt. Utgifter til advokat eller annan sakkunnig vil som hovudregel alltid ligge innanfor vesentlegheitskriteriet. Dersom samla kostnader er vesentlege, vil ein kunne få dekt alle utgiftene, t.d. reiseutgifter, kopiering, gebyr, etc.

I tillegg er det ein føresetnad at kostnadene har vore ”nødvendige for å få endret vedtaket”. Det må dermed vere ein årsakssamanheng mellom utgiftene og det forhold at vedtaket vart endra. I dette ligg m.a. ei avgrensing i høve til kva som må vurderast som forsvarleg normal timebruk frå advokat/fullmektig i høve til den aktuelle problemstillinga og omfanget på saka.

Det er viktig å presisere at eigen arbeidsinnsats ikkje kan definerast som kostnader. Dette vil også gjelde dersom parten/klagaren er advokat sjølv. Det er berre konkrete utgifter som kan krevjast dekt.

Generelle saksbehandlingsreglar for forskrifter

Kva er ei forskrift
Definisjonen av forskrift er nedfelt i forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav c: ”et vedtak som gjelder rettigheter eller plikter til et ubestemt antall eller en ubestemt krets av personer.” Definisjonen er til dels samanfallande med definisjonen for enkeltvedtak. Forskjellen er at enkeltvedtak gjeld individuelle pliktsubjekt (må konkretiserast) medan forskrifter er generelle. Saksbehandlingsreglane knytt til forskrift vil vere relevante i høve til å regulere tilsyn i byggverk m.m. som ikkje er registrert som særskilde brannobjekt (lokal forskrift),jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 13 fjerde ledd.

Førebuing av forskrift
Forskrifter vert regulert av forvaltningsloven kap. VII.

Tilsynsmyndigheita skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg, jf. forvaltningsloven § 37 første ledd.

Alle som har interesse i saka har krav på å bli førehandsvarsla og skal få høve til å uttale seg før ei forskrift blir vedteke, endra eller oppheva jf. § 37 annet ledd. Korleis tilsynsmyndigheita løyser informasjonsplikta er opp til kvar enkelt kommune. I høve der forskrifta påverkar mange interessenter kan det vere nyttig å kunngjere i lokale aviser.

Forskrifta bør ta stilling til kor ofte tilsyn skal gjennomførast då dette er svært viktig i høve til kva for ressursar som må avsetjast. Det er også viktig å presisere at verkeområde vert avgrensa til bygningar med ein bestemt type risiko, t.d. omsorgsbustader, asylmottak, etc. Det er ikkje høve til å opne for tilsyn generelt i bustader, næringsbygg, område m.m. I slike høve må tilsynsmyndigheita i staden gjere enkeltvedtak.

• Se vedlegg 01 – Forslag til lokal forskrift om tilsyn i brannobjekter

Heimelsgrunnlag for å gjennomføre tilsyn

Særskilt brannobjekt
Heimel til å foreta tilsyn i særskilde brannobjekt går fram av Brann- og eksplosjonsvernloven § 13 andre ledd, og vert vidareført i Forebyggendeforskriften § 6-2.

Fyringsanlegg
Tilsyn med fyringsanlegg vert heimla i Brann- og eksplosjonsvernloven § 6 og vert vidareført i Forebyggendeforskriften § 7-3.

Andre brannobjekt
I utgangspunktet skal ikkje kommunen føre tilsyn med andre byggverk enn særskilde brannobjekt. Dersom brannvesenet etter ei risikovurdering likevel finn behov for å gjennomføre tilsyn, må kommunestyret enten vedta ei lokal forskrift som opnar for tilsyn i ei bestemt type byggverk eller gjere eit enkeltvedtak, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 13 fjerde ledd.

I samband med dette er det viktig å peike på at vedtak skal førehandsvarslast, sjå kapitlet om generelle saksbehandlingsreglar for forskrifter og for enkeltvedtak.

• Se vedlegg 01 – Forslag til lokal forskrift om tilsyn i brannobjekter
• Se vedlegg 02 – Forslag til enkeltvedtak om tilsyn i brannobjekter

Særskilde brannobjekt

Registrering
Brann- og eksplosjonloven § 13 set krav om utvelging og registrering av særskilde brannobjekt og om at kommunen skal føre tilsyn med desse. Registrering er eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b.

Kategoriseringa av objekta i ulike grupper inneber at det vert gjort prioriteringar med omsyn til kva objekt det skal førast tilsyn med og kor ofte det skal følgjast opp. For alle dei særskilde brannobjekta er det viktig at brannvesenet gjennom regelmessig tilsyn sikrar at eigar tek ansvar og oppfyller dei krava som vert sett til branntryggleiken.

Forskrifta deler inn særskilde brannobjekt i følgjande kategoriar:
a. bygningar og område der brann kan føre til tap av mange liv
b. bygningar, anlegg, opplag, tunnelar og liknande som er slik laga eller den verksemda som går føre seg der, kan medføre særleg brannfare eller fare for stor brann, eller at brann kan føre til store konsekvensar for samfunnet
c. viktige kulturhistoriske bygningar og anlegg.

Det er ein føresetnad at kommunen gjennomfører ei risikovurdering av alle aktuelle objekt og vurderer om desse fell inn under nokon av kategoriane. Kategorivalet er førande for kor ofte tilsyn skal gjennomførast, jf. Forebyggendeforskriften § 6-3. Der objektet kan registrerast i meir enn ein kategori bør brannvesenet også vurdere kor stort behovet er for å vere pådrivar for brannvernet gjennom tilsynet.

Det er viktig at brannvesenet opprettar god kommunikasjon med plan- og bygningsvesenet i kommunen slik at brannvesenet m.a. vert varsla når nye bygg, som vert vurdert til å bli særskilde brannobjekt, vert tekne i bruk.

Førehandsvarsel om registrering av særskilde brannobjekt
Kommunen (brannvesenet) har ansvar for registrering og klassifisering av særskilde brannobjekt. Som nemnd over er denne registreringa eit enkeltvedtak, og partar som dette gjeld må varslast i samhøve med forvaltningsloven § 16. Det vert i samband med dette vist til kapitlet om generelle saksbehandlingsregler for enkeltvedtak.

Saman med førehandsvarselet vert vedlagte skjema tilrådd mal 01b ”Grunnlagsdata for registrering av særskilte brannobjekt”. Skjemaet utgjer eit viktig grunnlag ved risikovurderinga. Eigar har normalt 3 vekers frist til å komme med merknader eller kommentarar.

Førehandsvarselet skal skrivast under av ansvarleg person etter delegering.
• Se mal 01a – Forhåndsvarsel om registrering som særskilt brannobjekt
• Se mal 01b – Grunnlagsdata for registrering av særskilte brannobjekter
• Se vedlegg 06 – Orientering til eiere av særskilte objekter

Uttale frå eigar på førehandsvarsel om registrering
Eventuelle kommentarar eller vurderingar frå eigar/verksemd/brukar vert teke med i den samla vurderinga av om det framleis er aktuelt å registrere objektet som særskilt brannobjekt

Vedtak om registrering som særskilt brannobjekt
Dersom det framleis er aktuelt å registrere objektet som særskilt brannobjekt, må det gjerast eit enkeltvedtak. Sjå i samband med dette generelle saksbehandlingsregler for enkeltvedtak.

Se mal 02 – Registrering som særskilt brannobjekt

Vedtaket vert påklaga
Vert vedtaket påklaga innan tidsfristen skal ansvarleg saksbehandlar (underinstansen) vurdere klagen og behandle den etter forvaltningslovens bestemmelser.

Se klage og omgjøring under kapitlet om generelle saksbehandlingsregler for enkeltvedtak

Avgjersle ved klage
Avgjersle frå ankeinstansen er endeleg.

Se klage og omgjøring under kapitlet om generelle saksbehandlingsregler for enkeltvedtak

Vedtak om avregistrering som særskilt brannobjekt
Dersom eit særskilt brannobjekt ikkje lenger ligg innanfor ramma av det lovverket krev skal objektet avregistrerast. Tilsynsmyndigheita har ansvaret for den faglege vurderinga.

Se klage og omgjøring under kapitlet om generelle saksbehandlingsregler for enkeltvedtak

Se mal 03 – Avregistrering som særskilt brannobjekt

Klage på avregistrering som særskilt brannobjekt
Eigar kan klage på vedtaket om avregistrering som særskilt brannobjekt. Sjå avsnitt under generelle saksbehandlingsreglar.

Se klage og omgjøring under kapitlet om generelle saksbehandlingsregler for enkeltvedtak.

Forsvarets bygningsmasse
Forsvarets bygg og anlegg må behandlast etter lov om forebyggende sikkerhetstjeneste (sikkerhetsloven) når det gjeld opplysningar og identitet. Graderte bygg og anlegg bør derfor ikkje inngå i kommunens lister over særskilde brannobjekt. Dersom tilsynsmyndigheita får gradert materiale frå Forsvaret, skal sikkerhetsloven med forskrifter følgjast. Forsvaret vil ev. lage eigne retningsliner for dette.

Tunnelar
Ein tunnel er eit objekt der brann fort kan få alvorlege konsekvensar i form av mange omkomne. Normalt har ein tilrådd å registrere vegtunnelar over ei viss lengde (500 meter) som særskilde brannobjekt under kategori a. I veiledningen til forebyggendeforskriften har ein likevel valt å gå bort frå å angi meter og i staden sagt at det må leggjast ei risikovurdering til grunn for å registrere ein tunnel som eit særskilt brannobjekt. Dette er likevel ikkje eit signal om å redusere aktsemda mot desse objekta. Risikovurderinga må basere seg på lengda på tunnelen, trafikkarbeid, tilstand og tilgjenge for innsatsmannskap. Eigars risikoanalysar og vurderingar bør leggjast til grunn for myndigheitsvurderinga.

Når det gjeld registrering av jernbane- og banetunnelar så kan desse registrerast som særskilde brannobjekt fordi det jamt vil opphalde seg mange menneske der.

Det vil også her vere nyttig for kommunen å gjere seg kjent med eigaren sine vurderingar av tryggleiken i tunnelen før registreringsavgjerda. Det vert her vist til utdrag frå ”Jernbaneverkets tekniske regelverk for tunneler”.

Tunnelanlegg som omfattar stasjonsområde eller publikumsområde kan registrerast som eitt eller fleire særskilde brannobjekt. Ved inndeling i fleire særskilde brannobjekt må det også lagast dokumentasjon som viser total branntryggleik for alle brannobjekt.

Det vert framheva at det er kommunen som har avgjerslemyndigheit i å velje ut og registrere særskilde brannobjekt, uavhengig av kva for risikoanalyse eigar måtte ha gjort. Avgjersla er prosessuell, men vert behandla som eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven.

”Fredede bygninger og områder med verneverdig tett trehusbebyggelse”

Særskilt brannobjekt
Freda bygningar og registrerte område med verneverdig tett trehusbusetnad med fare for områdebrann er utpeika som ”uerstattelige nasjonale kulturverdier”, og fell dermed inn under nullvisjonen i St.m. nr. 41 (2000 – 2001). Dermed ser vi det også som naturleg at tilsynsmyndigheita på brannsida nyttar seg av tilsyn som verkemiddel for å medverke til at det ikkje skjer tap av denne typen objekt som følgje av brann. Regelverket for tilsyn er, slik det i dag er, berre mynta på tilsyn retta mot enkeltobjekt med ein eller eit fåtal eigarar. Derfor møter vi praktiske og formelle problem når vi skal utføre tilsyn i særskilde brannobjekt som består av mange einingar med ulike og mange eigarar slik det er i område med verneverdig tett trehusbusetnad. Vi vil derfor ikkje tilrå å heimle tilsynet i tett trehusbusetnad gjennom å registrere området som særskilt brannobjekt, men i staden avgjere tilsyn gjennom å etablere ei lokal forskrift som heimlar tilsynet.

Gjennomføring av tilsyn i område med verneverdig tett trehusbusetnad
Tilsyn skal etter brann- og eksplosjonsvernloven § 13 andre ledd ”omfatte alle forhold av betydning for brannsikkerheten, herunder bygningsmessige, tekniske, utstyrsmessige og organisatoriske brannsikringstiltak og forhold av betydning for gjennomføring av brannbekjempelse og øvrig redningsinnsats”.  Praktisk gjennomføring av tilsyn er forklart i forebyggendeforskriften kap. 6.

Vi møter ei utfordring først og fremst når det gjeld organisatoriske tilhøve knytt til område med verneverdig tett trehusbusetnad. I forebyggendeforskrifens kap. 3 kjem det fram krav til organisatoriske tiltak i særskilde objekt som går på dokumentasjon av tryggleik (§ 3-1), brannvernleiar (§ 3-2), opplæring og brannøvingar (§ 3-3) og instruksar og planar m.v. (§ 3-4)

Dokumentasjonskravet er for så vidt overkommeleg. Forskrifta seier at dokumentasjonen skal innehalde ordensreglar og instruksar som regulerer brannforebyggjande og brannhindrande tiltak, og også i spesielle høve rednings- og beredskapsplanar. Vi meiner dette må sjåast i samanheng med behovet for å utarbeide ein fullstendig brannsikringsplan for området. Kravet om instruksar og planar er også uproblematisk dersom ein også ser dette i samanheng med ei fullstendig brannvernplan.

Utfordringa dukkar likevel opp når vi snakkar om utpeiking av brannvernleiar og også når vi ser dette i samanheng med eigaransvaret. Dette er vel og bra så lenge vi snakkar om ein dedikert eigar som har ansvaret for eit brannobjekt, men her er det mange eigearar som har eit kollektivt og gjensidig ansvar for branntryggleiken i eit område.

Det er også her vi møter utfordringa i gjennomføring og ikkje minst oppfølging av tilsyn. Kven skal tilsynsmyndigheita vende seg til både i varsling og ikkje minst kven er det som skal få rapport og eventuelt pålegg etter eit tilsyn?

Innrett tilsynet mot brannsikringsplanen
Føremålet med brannsikringsplanen i verneverdig tett trehusbusetnad er primært ikkje persontryggleik eller verdisikring. Det er for å unngå områdebrann der eit heilt bygningsmiljø kan verte øydelagt. Som oftast er dei fleste bygningane bustader der bebuarane er sikra gjennom dei vanlege sikringstiltak i denne typen bygningar, nemleg gjennom røykvarslar og brannsløkkingsutstyr og krav til frie rømmingsvegar. Tilsvarande er enkeltobjekta sett på som tilstrekkeleg sikra mot verditapet som følgje av brann. Innretninga på tilsynet må derfor bli informasjon om generelle brannførebyggjande tiltak og faren for brannsmitte mellom dei einskilde bygningane.

Det er derfor vår tilråding å sjå tilsynet ut frå høvet til å kunne gjere ein sløkkjeinnsats i området og om det er mogleg å avgrense spreiinga av ein brann. I så måte vert dette på mange måtar å sjå på som eit objektsyn. Behovet for tiltak for å auke sjansen til å kunne gjere ein målretta innsats i og rundt eit objekt kan då relaterast til det enkelte objekt og gjerast kjent for den einskilte objekteigar.                                                                                                        

Reint formelt er det vel tvilsamt om ein kan seie at manglande brannsikringstiltak for å hindre brannsmitte og områdebrann kan seiast å vere brot på regelverket i høve til det enkelte objektet. Vi vil derfor sterkt tilrå at tilsynsmyndigheita heller må prøve å komme til løysingar med objektseigar ved å motivere til at det er viktig at den enkelte bidrar til å sikre både seg og sine naboar frå tap som følgje av brann (jf. også forebyggendeforskriftens § 5.3 om brannvesenets plikt til å gjennomføre motivasjons- og informasjonstiltak).

Kommunen bør samtidig sjå på eit slikt tilsyn som eit ledd i si eiga kartlegging av risikoområde i eigen kommune m.a. med sikte på å byggje opp ein tilstrekkeleg beredskap (kartleggje moglegheiter og truslar basert på tenkte scenarier) og å sikre tilstrekkeleg vassforsyning i området (Jfr. forebyggendeforskriftens § 5-4).

Skulle ein likevel ønskje å nytte maktmidlar må ein med heimel i forebyggendeforskriften  § 2-1 argumentere for at objektet i dag ikkje er bygd og utstyrt i samsvar med gjeldande regelverk. Det betyr i praksis at bygget er ulovleg  og må oppgraderast. Då skal det køyrast ei ny byggjesak der sannsynlegvis preaksepterte løysingar ikkje er aktuelle slik at det må utarbeidast ein analyse som viser kva som må til for å kunne seie at branntryggleiken er ivareteken. Det bør også vurderast om brann- og eksplosjonsvernlovens § 14 ”Ytterligere sikringstiltak og beredskap” skal brukast.

Brannvesenet skal gjennomføre informasjons- og motivasjonstiltak også i område med verneverdig tett trehusbusetnad. Vi ser det som naturleg at dette kan sjåast i samanheng med tilsynsaktivitetane nemnt ovanfor.

Kommunen sitt ansvar
Det er lett å peike på kommunen som den som burde ta ansvar for å lage brannsikringsplan for eit område. Dei som meiner kommunen har eit ansvar peikar på at

• Dei eig delar av området, for eksempel gater, friareal etc.

• Dei eig infrastruktur på m.a. vatn og avløp

• Dei representerer brukarane av området (dei som ikkje bor der men som ferdast der)

• Dei har ei rolle som serviceleverandør til innbyggjarane sine (for eksempel brannsløkking)

• Dei har eit overordna ansvar for samfunnstryggleiken i eigen kommune

• Kommunen har i sin tid godkjent etablering av desse områda

Det er likevel tvilsamt om kommunen kan peikast ut som pliktsubjekt i høve til brannvernlovgjevinga. Her er det eigaransvaret, og til ein viss grad brukaransvaret, som kjem fram. Likevel bør kommunen få eit medansvar. Det viser seg også i praksis at det er på stader der kommunen har involvert seg i branntryggingsarbeidet at ein har klart å finne fram til dei gode løysingane.

Det er fort gjort for kommunen å peike på brannvesenet når nokon i kommunen skal utpeikast til å ta ansvar for brannsikring av desse områda. I den grad brannvesenet er kommunalt tilsette er det fritt opp til kommunen korleis dei vil nytte ressursane så lenge det ikkje går ut over dei lovpålagde oppgåvene, og det er også utan tvil slik at brannvesenet har ein viktig kompetanse. DSB åtvarar likevel mot å trekkje brannvesenet for sterkt inn i sjølve brannsikringsarbeidet og val av løysingar då dette kan skape problem i høve til brannvesenet si frie rolle som tilsynsmyndigheit.

Gjenomføring av tilsyn i enkeltobjekt
Freda enkeltobjekt er alt frå enkle stabbur til kompliserte bygningar. Ut frå visjonen om at innen av desse skal gå tapt som følgje av brann vert det venta at alle desse objekta vert registrert som særskilde brannobjekt. Innretninga av tilsynet kan kan likevel variere. Vi viser her til forebyggendeforskriftens § 6 – 2 om gjennomføring av tilsyn og saksbehandling. Her viser det at vanleg tilsyn kan erstattast med eigenmelding frå objekteigar når det er dokumentert at branntryggleiken i objektet er tilfredsstillande og det ikkje har skjedd vesentlege endringar sidan førre tilsyn. Dette bør vurderast ved enkle objekt.

Tilsyn med andre objekt med basis i lokal forskrift
For objekt med meir enn alminneleg risiko, men som ikkje naturleg fell inn under definisjonen særskilde brannobjekt, kan kommunen fastsetje ei lokal forskrift om tilsyn med andre brannobjekt. Hyppigheit og omfang av tilsyn bør gå fram av forskrifta. Det bør i samband med dette avklarast om det er føremålstenleg å leggje til grunn krava for tilsyn i særskilde brannobjekt, jf. forebyggendeforskriften § 6-2.

Se vedlegg 01 – Forslag til lokal forskrift om tilsyn i brannobjekter

Omsorgsbustader og andre satsingsområde
Ein omsorgsbustad vert definert som ein bustad som er tilpassa orienterings- og rørslehemma og fysisk tilrettelagt slik at dei som bur der etter behov skal kunne ta imot heildøgns pleie og omsorg, og der kommunen har tildelingsplikt. Dei som bur i desse bustadane er ofte utsett for brann, og må ofte ha hjelp for å komme seg i sikkerheit. Det er derfor viktig at brannvesenet har fokus på desse bustadene.

Etter brann- og eksplosjonsvernloven er det eigaren av bygningen som har ansvaret for at bygningen har tilfredsstillande branntryggleik i høve til kva bygget skal brukast til. Det er derfor eigaren som må gjere ei risiko-/heilheitsvurdering av branntryggleiken, og eigaren må også gjere nødvendige tekniske og organisatoriske tiltak i bygningane.

Omsorgsbustader fell normalt ikkje inn under særskilde brannobjekt. Dersom det skal gjennomførast tilsyn i bygningar med definerte omsorgsbustader, er det krav om at kommunestyret vedtek ei lokal forskrift som gjev heimelsgrunnlag og definerer innhald og omfang av tilsynet. Alternativt kan kommunestyret, til vanleg bransjefen gjennom delegert myndigheit, gjere enkeltvedtak om tilsyn i dei einskilde omsorgsbustadane. Direktoratet tilrår å bruke lokal forskrift.

Lokal satsing på auka branntryggleik i omsorgsbustader krev i tillegg eit tverrfagleg samarbeid med kommuneleiinga og etatane innan pleie- og omsorg, eigedomsforvalting, byggjesak og tilhøyrande politiske organ. Eit breitt lokalt engasjement der brann- og feiarvesenet er aktive bidragsytarar og pådrivarar, kan innehalde følgjande tiltak/aktivitetar:

• Bistå ved kartlegging av branntryggleiken i definerte omsorgsbustader i kommunen, gjennom m.a. å innarbeide brann- tryggleiksvurderingar i kartlegginga av omsorgsbehovet.

• Gjennomføre brannvernopplæring for dei tilsette i pleie- og omsorgssektoren.

• I samarbeid med pleie- og omsorgstenesta påverke eigarar til å rette/utbetre påviste avvik ved branntryggleiken.

• Påverke bygningsmyndigheitene i kommunen til å vedta ein høgare tryggleiksstandard ved etablering av nye bygg, anlegg som vert planlagt nytta til omsorgsbustader, og/eller ved endra føresetnader i eksisterande bygg.

• Gjennomføre branntilsyn i definerte omsorgsbustader for kartlegging av status. Prioritere avdekte avvik saman med eigar og kommunen, som tildeler omsorga, og elles påverke til utbetring/retting.

• Stille krav om iverksetjing av tekniske og/eller organisatoriske brannverntiltak ved alvorlege avvik.

• Fange opp eventuelle endringar i risikotilhøva ved eksisterande bustader, gjennom kartlegging, opplæring og tilsynsverksemd, i samarbeid med pleie- og omsorgsdelen.

• I samarbeid med alle involverte partar gjennomgå eit eller fleire uhellsscenarier, såkalla skrivebordsøving, både for å avdekkje utfordringar, planleggje og leggje til rette for å kunne bistå betre ved ei reell hending. Dette kan igjen leie fram til ein beredskapsplan for bygningen og ein innsatsplan for brannvesenet.

Når tilsynspersonell møter heimebuande pleie- og omsorgstrengande bør ein nytte høvet til å bruke nokre ekstra minutt for å informere om brannførebyggjande tiltak generelt. Til dømes kan eigenutvikla ”eldrepakke” med materiell delast ut. Ei slik pakke kan ein t.d. lage i samarbeid med ergoterapeuten i kommunen, og pakken kan m.a. innehalde orientering om tilgjengelege hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen.

Fyringsanlegg

Kontraktsutsett tilsyn med fyringsanlegg
Kommunen kan overlate alle eller enkelte av forskriftens oppgåver, etter Forebyggendeforskriften § 7-4, til feiarmeister. Dette må sjåast i samanheng med kapitlet om delegasjon av myndigheit.

Innhaldet i kontrakta
Kommunar som inngår kontrakt med feiarmeister, bør likevel vurdere å halde oppe funksjonar som tek vare på motivasjons- og informasjonstiltak i kommunen, i tillegg til det som vert kontraktsfesta.

Feiar, som vil inngå kontrakt om oppgåver i samhøve med forskrifta, må ha anten  meisterbrev eller tilsvarande tilleggskvalifikasjonar som må dokumenterast. Sjå då på krava i EØS-avtalen. Kravet til fagleg kompetanse er sett for å sikre tilstrekkeleg kvalitet i den private delen av feiarverksemda. Kravet gjeld sjølv om det er inngått kontrakt om avgrensa delar av oppgåva etter forskrifta, t.d. feiing.

Sjølv om oppgåvene vert lagt til ein feiarmeister, vil det framleis vere tilsynsmyndigheita/kommunen som har myndigheit til å gje pålegg og andre sanksjonar.

Kommunen/brannsjefen må også innarbeide eit system for kvalitetssikring av feie- og tilsynstenesta, slik som rutinar for feiing, tilsyn og informasjon. Av årsmeldinga skal det gå fram kva for kvalitetstryggleikssystem som er etablert og korleis det er følgd opp. Kommunen/brannsjefens oppfølgingsansvar for dette inngår i Direktoratets tilsyn med kommunen.

Samordna tilsyn med andre HMS-myndigheiter
Dei fire HMS-etatane: Arbeidstilsynet, Statens forurensningstilsyn, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har inngått ein avtale om å samarbeide på HMS-området når det gjeld m.a. tilsyn, informasjon, regelverk, forsking og utvikling. Link til HMS-etatane: www.hmsetatene.no

Dei overordna måla for tilsynssamarbeid både sentralt, regionalt og lokalt er å:

- gjere tilsynsetatane til mest mogleg effektive aktørar i HMS-arbeidet 

- fremje heilheitstenking hos HMS-myndigheitene og andre aktørar på området

- nytte dei samla ressursane som tilsynsetatane brukar på HMS-området så effektivt  som mogleg Det meste av HMS-etatane sine tilsyn vert gjennomført av dei regionale og lokale tilsynsetatane. Derfor er det viktig at også brannvernmyndigheitene tek del i eit samordna tilsyn saman med dei andre HMS-etatane i sin region/sin kommune.

I dei fleste fylke er det oppretta lokale/regionale samordningsgrupper under leiing av Arbeidstilsynet. Oppgåva til gruppene er å koordinere og samordne tilsynsaktivitetane lokalt. I det regionale samarbeidet inngår Arbeidstilsynets distrikt, fylkesmennenes miljøvernavdelingar, aktuelle DSB-regionar, dei lokale el-tilsyna ved e-verka (DLE) og kommunale brannvernmyndigheiter.

Samordninga kan skje gjennom:

• Utveksling av tilsynsplanar for tilsyn med enkeltverksemder/objekt og aksjonar og kampanjar mot spesifikke bransjar eller grupper av verksemder/objekt

• Gjennomføring av felles aksjonar og kampanjar der fleire etatar har ein felles målgruppe

• Justering av eigne tilsynsplanar ut frå kunnskap om innsatsen til andre tilsynsetatar, dvs. at ein søkjer å spre tilsynsressursane på HMS-området

• Innhenting av informasjon om tilsynsobjekt frå andre etatar

• Gjennomføring av samtidig og/eller koordinert tilsyn

HMS-etatane ønskjer i framtida å fokusere meir på samordning mot felles målgrupper. Målgruppene kan vere yrkesgrupper, bransjar, temaområde eller regionar som myndigheitene ønskjer å rette innsats mot.

Utveksling av tilsynsplanar og samarbeid i planleggingsfasen sentralt og regionalt/lokalt kan avdekkje felles målgrupper. Dei fire HMS-etatane har forutan å ha etablert ein felles nettstad www.hmsetatene.no, også utvikla ein felles tilsynsdatabase (FTD).

Felles tilsynsdatabase (FTD) inneheld opplysningar om etatane sine planlagte og gjennomførte tilsyn i verksemdene. Føremålet med FTD er å kunne samordne og koordinere den samla tilsynsverksemda til HMS-etatane endå betre. Basen inneheld opplysningar om tidspunkt for tilsynet, tema for tilsynet og om eventuelle reaksjonar er opne eller lukka. Det er også mogleg å sjå tilsynsrapporten som er laga for det enkelte objektet.

FTD er også register over verksemder som er meldepliktige eller rapporteringspliktige etter storulykkeforskriften § 6 og § 9. All informasjon om selskaper og foretak er henta frå Enhetsregisteret og vert jamt oppdatert.

Brannvesena i landet vert no gjeve tilgang til denne basen for registrering av tilsynsrapportar og registeringa kan skje direkte frå Web-sida. Dette vil bidra til at dei lokale tilsynsetatane kan utveksle opplysningar om planlagte satsingsområde og erfaringar etter gjennomførte tilsyn. Ein kan også fokusere på felles problemområde og bidra til vidare kvalitetsutvikling av utføring og rapportering.

Eit slikt verkty i bruk vil kunne gje eit fundament også for systemretta tilsyn overfor større eigedomsselskap, kjeder og liknande som kan gjerast i eit samarbeid mellom brannvesen regionalt og/eller sentralt.

Prosedyre for varsel

Varsel om tilsyn med særskilde brannobjekt
Tilsyn skal som hovudregel vere meldt på førehand. Umeldt tilsyn kan gjerast ved behov. Det går fram av brann- og eksplosjonsvernloven § 34 tredje ledd at eigar, brukar, arbeidsgjevar eller representant for desse har rett til, og kan verte pålagt, å vere til stades under kontrollen. Ved meldt tilsyn i særskilde brannobjekt skal brannvernleiar (representant for eigar og brukar) delta, jf. forebyggendeforskriften § 6-1. I samband med dette er det naturleg at varselet vert sendt til brannvernleiar, som då varslar eigar, verksemd(er), brukar(ar). Tilsynspersonellet kan avgjere at retten til å vere til stades ikkje skal gjelde ved intervju av arbeidstakar eller dersom slikt nærvære ikkje kan gjennomførast utan vesentleg ulempe eller utan at føremålet med kontrollen vert sett i fare.

Som hovudregel tek ein først kontakt per telefon for å avtale tid for tilsynet, før skriftleg varsel stadfestar avtalen. Ein tilrår at skjemaet: mal 04b ”Opplysningsskjema ved tilsyn” vert sendt saman med varselet. Det er eit kartleggingsskjema der brannvernleiar vert beden om å gje ei nærare forklaring av brannobjektet, også eventuelle endra forhold. Status vert lagt fram/gjennomgått under tilsynet. Dersom brannvernleiar ikkje møter som avtalt, vil det vere naturleg å ta kontakt med vedkomande, og eventuelt avtale eit nytt tilsyn. Dersom det ser ut som om brannvernleiar bevisst unngår å møte på tilsynet, kan det vere aktuelt å forfølgje avviket med passande reaksjonsform. Mest naturleg vil då vere å påleggje brannvernleiaren å møte i medhald av brann- og eksplosjonsvernloven § 37. Dette må i så fall komme av ei konkret vurdering av tilgjengelege ressursar og antatt risikotilhøve i objektet. Tilsynet kan også gjerast utan at brannvernleiar er til stades. Det kan innhentast bistand frå politiet for å få tilgang til objektet, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 34 første ledd.

Se mal 04a - Varsel om ordinært tilsyn

Se mal 04b - Opplysningsskjema ved tilsyn

Varsel om tilsyn med andre objekt
Prosedyrer for varsling av tilsyn med andre brannobjekt er i hovudsak lik varsel om tilsyn med særskilde brannobjekt. Det er likevel ingen krav om at brannvernleiar koordinerer brannvernarbeidet i slike byggverk. Eigar eller representant for byggverket skal varslast om tilsynet.

Varsel om tematilsyn, satsingsområde
Rutinar ved varsling av eit tematilsyn innanfor eit satsingsområde følgjer i hovudsak dei same rutinar som ved varsling av ordinært tilsyn. I varslingsbrevet må det leggjast vekt på kva temaområde tilsynet gjeld for, kva omfang tilsynet skal ha og kven som skal delta under tilsynet. Døme på temaområde er sprinkling, rømmingsvegar, brannvernopplæring og øvingar, etc. Sjå i samband med dette veiledning til forebyggendeforskriften s. 65.

Se mal 05 – Varsel om tematilsyn

Avtale om tilsyn utført ved eigenmelding
Eigenmelding vert føresett nytta for objekt der det er dokumentert at branntryggleiken er tilfredsstillande og det ikkje er skjedd vesentlege endringar sidan siste tilsyn. Ei eigenmelding inneber at eigaren gjennom meldinga dokumenterer systematisk internkontroll. Vesentlege føresetnader for at objekt får høve til å nytte eigenmelding er at:

• Tilsynsrapporten frå siste tilsyn er utan avvik frå branntryggleikskrava, eller eventuelle krav til fleire sikringstiltak.

• Internkontrollen på brannvernområdet fungerer

• Det er stabile eigar- og brukartilhøve

• Det ikkje er oppstått andre tilhøve som endrar brannrisikoen i objektet, (t.d. ombyggingar eller bruksendringar).

Se mal 06a – Varsel om tilsyn utført ved egenmelding

Se mal 06b – Egenmeldingsskjema

Varsel om tilsyn med fyringsanlegg
Eigar eller representant for eigar av fyringsanlegget skal varslast innan rimeleg tid før tilsyn, og eigar kan påleggjast å varsle andre brukarar av vedkomande bygning, jf. forebyggendeforskriften § 7-1. Som rimeleg tid reknar ein med to til fem dagar.

Varselet kan gjerast kjent ved melding i postkasse, som oppslag eller på annan tenleg måte. Varselet skal innehalde opplysningar om heimelsgrunnlag, tilsynsomfang og eventuelle dokument som eigar/brukar skal leggje fram under tilsynet. I tillegg kan varselet innehalde informasjon og rettleiing om branntryggleik generelt.

Dersom tidspunktet ikkje passar, vil det kunne avtalast ny tid for tilsynet.

Se mal 01a – varsel om tilsyn med fyringsanlegg

Se mal 01b – andre gangs varsling om tilsyn med fyringsanlegg

Prosedyre for gjennomføring
Med tilsyn meiner ein i dette dokumentet å påsjå at bestemmelser gitt i eller i medhald av brann- og eksplosjonsvernloven vert følgd. Eit tilsyn består av kontroll og eventuell reaksjon, og det skal gjennomførast i samhøve med relevante delar av Styrende dokumenter for tilsyn og Forvaltningslovens bestemmelser. Innanfor respektive tilsynsområde skal eit tilsyn omfatte kontroll av alle forhold som har innverknad på branntryggleiken, også tilhøve som har verknad for gjennomføring av brannsløkking og redningsinnsats elles. Ved alle former for tilsyn er første granskingspunkt å sjekke om tidlegare avvik er følgd opp og lukka.

Under tilsyn med verksemder er det viktig å få slege fast om spesifiserte planar og tiltak vert etterlevd i praksis. Verifikasjon av ulike risikoområde, kombinert med intervju av brukarar vert nytta for å avdekkje eventuelle manglar mellom plan og praksis.

Tilsynet skal avdekkje om eigar/verksemd/brukar etterlever krava i brann- og eksplosjonsvernloven, med tilhørende forskrifter, herunder internkontrollforskriftens krav til systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid.

Tilsynet skal til vanleg vere systemretta (HMS), med objektive stikkontrollar. Det er også viktig at tilsynet er motivasjons- og informasjonsretta.

Utviklinga mot meir systemretta tilsyn innanfor spesielle satsingsområde, tematilsyn, og samordna tilsyn er ei nødvendig og ønskt utvikling av tilsynsarbeidet. Som eit ledd i dette vert det tilrådd å gjere systemretta tilsyn (ikkje fullstendige revisjonar) med t.d. eigedomsselskap (offentlege og private), landsomfattande selskap/kjeder, transportselskap og liknande. Samtidig med at systemretta tilsyn vert gjort ved administrasjonen eller hovudkontor for aktuell objekt/selskap/ eining vert det gjennomført eit verifikasjonstilsyn ved eit av selskapa sine verksemder. Med basis i systemtilsynet og verifikasjonstilsynet skal ein vurdere alle tilhøve som kan påverke risikoen for brann og om dei tiltak som er gjort for å avgrense konsekvensane ved ein eventuell brann er tilstrekkelege.

Fleire av nemnde objekt/selskap/einingar/ gjennomfører HMS-tilsyn/-revisjon av eigne verksemder. Eit forbetringspotensial for tilsynsverksemda i brannvesenet er å medverke til å implantere branntryggleiksspørsmål i verksemda sin eigen HMS-revisjon, eventuelt vere deltakar under slike revisjonar.

Om brannvesenet gjer slike systemtilsyn eller deltek fullt ut i systemrevisjon saman med andre tilsynsetatar i samhøve med Styrande dokumenter for tilsyn, er desse tilsyna likestilt med tilsyn etter forebyggendeforskriften § 6-1 og eigenmelding eller tematilsyn etter § 6-2 annet og tredje ledd.

Ein etablert praksis med denne tilsynsforma vil kunne frigjere ressursar til andre satsingsområde og tilsynsformer.

Tilsynet skal leggjast opp til å vere:

Objektivt
• Avdekkje dei faktiske tilhøve, avvik og merknader.

Systemretta
• Flytte fokus frå oppramsing av enkeltavvik til å granske underliggjande årsaker til at avviket(a) oppstår.

• Vurdere om systemet lukkar avvika.

• Vurdere om systemet hindrar at nye avvik oppstår i framtida.

Motivasjons- og informasjonsretta
• Informasjon og rettleiing overfor eigar/verksemd/brukar om innhald og forståing av regelverket og dei avdekte forhold.

• Konsekvensar ved eventuelt manglande tryggleiksforhold, ansvarsforhold for utføring, vise til sakkunnig bistand m.v.

Arbeidet med systematisk helse-, miljø og sikkerhetsarbeid kan gjennomførast etter         PUSH- modellen.

Planlagt (P)
• HMS-mål, planar tiltak, medverking

• Klargjort føresetnader og avgrensingar

• Planlagt opplæring og øvingar • Klargjort avtalar, ansvarstilhøve og oppgåver

Utført (U)
• Risikovurdering/-analysar

• Internkontrollsystem tilpassa typen verksemd, aktivitetar, risiko og storleik

• Handlingsplan, rutinar, instruksar

Studert (S)
• Laga handlingsplan vedk. kontroll, ettersyn og vedlikehald av anlegg, utstyr

• Gjennomført planlagt opplæring og øvingar

• Studert/evaluert på ulike nivå resultat av systematisk internkontrollarbeid

Handla (H) (lært av erfaringane)
• Retta opp kartlagte avvika

• Gjort forbetringsarbeidet til ein naturleg del av dagleg drift

• Teke jamn gjennomgang av internkontrollsystem m/tiltak vurdert opp imot fastsette mål, tiltak og planar

Viktige forhold å vurdere ved tilsyn
• Oppfølging av førre tilsyn

• At ansvarstilhøva på brannvernområdet er klart definert (gjeld også tilhøvet mellom objekteigar og eigar av verksemda/brukar)

• Gjennomgang av eigaren/verksemda sine dokumentasjonar som:

- Risikovurderingar
- Eigne rutinar for øvingar, oppfølging/kontroll av rømmingsvegar, svekking i branncelleavgrensa bygningsdelar, tekniske anlegg m.v.
- Endringar i bruk eller forhold i bygningen sidan førre tilsyn (system for å fange opp variabel risiko)
- Oppfølging av avviksbehandling på brannvernområdet eller av funn etter brannrunder for å sjå om verksemda oppnår forbetringar
- Konkrete granskingar i objektet/verksemda, kontroll av utvalte risikoområde i objektet/verksemda

• Samtalar med relevante personar (brannvernleiar, leiarar, verneombod, nytilsette,  vikarar med fleire) Tilsynet vert avslutta med ei oppsymmering og evaluering, der det m.a. er viktig å komme fram til ei felles forståing av eventuelle avvik og merknader. Dersom partane ikkje vert einige, må dette komme fram i tilsynsrapporten.

Tematilsyn (tilsyn med satsingsområde)
Tilsyn skal vere risikobasert. Særskilde brannobjekt er valt ut fordi dei representerer høg risiko, anten for liv, helse, miljø eller materielle verdiar. Innanfor dei einskilde objekttypene kan det  verte avdekt spesielle risikotilhøve som ein anten sentralt eller lokalt vil rette spesiell innsats mot. For brannvesenet er det no høve til å gjennomføre kampanjar og annan målretta innsats på bestemte område eller i typer objekt. Ved det einskilte tilsynet er det då nødvendig å avgrense innhaldet.

Føresetnaden for tematilsynet er at det er ein del av eit større informasjons- og motivasjonstiltak brannvesenet gjennomfører mot ei førehandsbestemt objektgruppe. Dersom det initieres satsingsområde frå sentralt hald, må brannvesenet lokalt vurdere om dei lokale risikotilhøva er slik at det er interessant å delta.

Typiske satsingsområde for tematilsyn er:
• Kontroll, ettersyn og vedlikehald av branntekniske installasjonar og anlegg. Også tilsyn med sprinkleranlegg er eit satsingsområde. Det vert her vist til Opplysningskontoret for sprinkleranlegg (OFS) som har gitt ut eige detaljblad for tilsyn med sprinkleranlegg.

• Rømmingsvegar i restaurantar, idrettshallar eller varehus (forsamlingslokale)

• Publikumstal i forsamlingslokale, besøk (tilsyn) under bruk

• Om risikoanalysar er gjennomført i brannobjekt

• Korridorpasientar

• Oppfølging av øvingar i sjukehus og sjukeheimar

• Brannvern i omsorgsbustader

• Dokumentasjon (eks. rutinar for førebyggjande brannvernoppfølging)

• Brannvernleiar og oppfølging av ansvar og rutinar

• Instruksar/prosedyrar

• Tilrettelegging av sløkkjeberedskapen og vassforsyninga  for brannvesenet

Umeldt tilsyn
I nokre høve kan det gjerast tilsyn utan førehandsvarsel. Den tilsynsforma vert brukt i høve der ein ønskjer å sjå korleis branntryggleiken vert ivareteken under normale driftstilhøve til ulike tider. Dette vert oftast brukt for å kontrollere restaurantar, nattklubbar og liknande  på tidspunkt når verksemdene er i full drift.

Ein føresetnad for tilsyn med desse objekta, som ofte ikkje er særskilde brannobjekt, er at det er heimel (i forskrift og enkeltvedtak) til å gjere tilsynet.

Tilsyn med fyringsanlegg
Tilsynet skal avdekkje om eigar etterlever brann- og eksplosjonsvernloven og forskrifter gitt i medhald av loven. Under tilsynet skal feiaren vurdere tilhøve ved fyringsanlegget som har konsekvens for  branntryggleiken eller tilgjenget for feiing.

Det skal førast tilsyn med at fyringsanlegget for oppvarming av rom og bygningar er intakt, fungerer som føresett og ikkje vert årsak til brann eller annan skade.

Det er viktig å peike på at kravet til behovsprøvd feiing og tilsyn ikkje omfattar busetnad som berre vert brukt korte delar av året. Kommunen kan likevel vedta ei lokal forskrift der også slik busetnad vert omfatta av kravet om behovsprøvd feiing og tilsyn. Sjå i samband med dette tilhøvet mellom forebyggendeforskriften § 7-3 første og femte ledd.

Tilsynet skal leggjast opp til å vere:

Objektivt
• Avdekkje dei faktiske tilhøve, avvik og merknader

Motivasjons- og orienteringsretta
Informasjon og rettleiing til eigar eller representant for eigar skal gjevast prioritert. Det er svært viktig at det vert oppnådd ein god dialog mellom eigar og tilsynspersonellet når det gjeld:

• Generell brannverninformasjon

• Riktig fyringsteknikk

• Oppførsel ved ein eventuell brann i bygningen og fyringsanlegget

• Vedlikehald av fyringsanlegget

• Informasjon om minimumskrava i regelverket

• Konsekvensar av eventuelt manglande tryggleikstilhøve

• Ansvarsforholdet for utføring

• Informasjon om utføring og vising til sakkunnig hjelp m.v.

For tilsyn med fyringsanlegg ved burettslag og verksemder er det krav til dokumentasjon, jf. Internkontrollforskriftens bestemmelser.

Innhald
Tilsyn med fyringsanlegg inneber ikkje eit generelt branntilsyn ved bustaden. Feil eller manglar ved andre branntryggleikstilhøve enn fyringsanlegg, t.d. sløkkjeutstyr, røykvarslar/alarmanlegg, rømmingsvegar vert ikkje ført opp som eventuelle avvik eller merknader. Det vert tilrådd at feiaren gjev god informasjon om førebyggjande brannvern, td. orientere om at det er viktig med røykvarslarar og handsløkkjeutstyr.

Under gjennomføring av tilsynet bør følgjande registrerast:
• Eigar/brukar.
• Oppfølging/lukking av eventuelle tidlegare avvik.
• Type fyringsanlegg og installasjonstidspunkt.
• Plassering av fyringsanlegget – heile anlegget inkludert ev. lagertank.
• Fyringsmønster, art og omfang.
• Avklare om eigar har gjort feiing sjølv, om det er avdekt eventuelle avvik eller merknader som må følgjast opp i tilsynsrapporten.
• Avvik ved skorstein, eldstad, røykrør, tilgjenge, brenselslagring og liknande.
• Eventulle fyringsforbod, pålegg, frist for tilbakemelding, retting, gjennomføring. Tilsynet vert avslutta med ei oppsummering og evaluering der det skal leggjast vekt på å verte einige om eventuelle avvik og merknader som er avdekt. Dersom ein ikkje har blitt einige, skal ueinigheita presiserast i tilsynsrapporten.

Avvik vil i hovudsak vere brot på krava i forskrifta om at fyringsanlegget skal vere:
• Tilfredsstillande bygd eller montert, jf. forebyggendeforskriften § 2-1.
• Tilfredsstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde, jf. forebyggendeforskriften § 2-4.
• Meldt til kommunen (feiarvesenet) når ny eldstad er installert eller det er gjort vesentlege endringar ved eksisterande fyringsanlegg, jf. forebyggendeforskriften § 2-4, tredje ledd.
• Tilfredsstillande tilgjenge til fyringsanlegget, jf. forebyggendeforskriften § 2-6.

Se vedlegg 04 – Meldeplikt ved montering av ildsted – kvalifisert kontroll

Se vedlegg 05 – Krav til kontroll, ettersyn og vedlikehold av fyringsanlegg

Avgjersle om ein mangel ved fyringsanlegget er eit avvik eller ein merknad, må byggje på fagleg vurdering av kva som er tilfredsstillande i høve til forskriftskrava og dei risiko- tilhøva som ein ser.

Se vedlegg 03 – Sjekkliste for tilsyn med fyringsanlegg med gassformig brensel

Funn av avvik skal om nødvendig følgjast opp med reksjonsmidlar. Det bør likevel presiserast at tilsynsmyndigheita kan bruke skjønn når det vert vurdert kva for reaksjonsform som er føremålstenleg og tidspunkt for eit eventuelt enkeltvedtak.

Merknader er ikkje direkte brot på regelverket, men det peikar på tilhøve som seinare kan få verknader for branntryggleiken. Slike forhold skal eigar innformerast om, og dei skal registrerast i tilsynsrapporten som merknader for seinare oppfølging.

Eigar er representant for eigar har sjølvstendig ansvar for å finne løysingar på korleis eit eventuelt avvik skal rettast og skal melde tilbake at avviket er lukka.

Finn tilsynsmyndigheita avvik som openbert kan føre til brann, eller at persontryggleiken er trua, kan det gjevast fyringsforbod eller forbod mot bruk.

Kontroll etter brann ved fyringsanlegget
Kontroll med fyringsanlegg etter brann eller ekplosjon vil i praksis innebere at det vert gjort ei koknkret vurdering av om fyringsanlegget er intakt og verkar som føresett. Skorstein eller eldstad må ikkje ha sprekker eller andre avvik som betyr noko for branntryggleiken og funksjonen ved vidare bruk.

Prosedyre for oppfølging og reaksjon

Tilsynsrapport
Etter at tilsynet er gjort, skal det skrivast tilsynsrapport. Den bør lagast og sendast så snart som mogleg. Rapporten skal forklare dei faktiske forhold som vart avdekt under tilsynet, og den skal gje ein tidsfrist for tilbakemelding (normalt fire veker) med framdriftsplan for lukking/retting av eventuelle avvik.

Dersom tidlegare avvik ikkje er lukka, skal tilsynsmyndigheita vidareføre saksgangen ut frå tidlegare oppfølging (førre tilsyn). Det inneber at forholdet vert omtala i den nye tilsynsrapporten og at avviket vert følgd opp som eigen sak. Vidare reaksjonsformer bør ha preg av at eigar/verksemd/brukar har hatt rikeleg tid til å få lukka avviket.

Dersom det ikkje er avvik, er tilsynet formelt avslutta når tilsynsrapporten vert sendt.

For særskilde brannobjekt skal rapporten helst sendast til brannvernleiar med kopi til eigar, eventuelle verksemder, brukarar og hovudverneombod/verneombod. Ved verksemder der det er krav om verneombod, skal verneombodet ha kopi.

Tilsynsrapport etter tilsyn med fyringsanlegg skal sendast eigar eller representant for eigar. Eigar/verksemd/brukar bør få tilbakemelding sjølv om det ikkje er funne avvik eller merknader ved fyringsanlegget. Dette kan t.d. gjerast ved at ein etter tilsyn legg igjen ei melding. For å spare tid kan meldinga standardiserast.

Det kan vere nyttig å inkludere eit bygningsopplysningsfelt i tilsynsrapporten som viser  tekniske og organisatoriske forhold ved objektet.

Ved tilsyn med verksemder skal prosedyrane i styrende dokumenter for tilsyn leggjast til grunn.

Følgjebrev
I samhøve med styrande dokument skal det vere med eit følgjebrev til tilsynsrapporten der eigar vert gjort merksam på plikta til å rette opp avvik. I følgjebrevet vert det sett ein frist for tilbakemelding med framdriftsplan for lukking av avvik.

Det vert tilrådd at tilsynsmyndigheita i følgjebrevet førehandsvarslar heile kjeda av sanksjonar (enkeltvedtak) som vil vere aktuelle på førehand av prosessen. Parten vil då få eit samla oversyn over kva som kan ventast dersom avviket ikkje vert lukka, og han kan uttale seg i høve til eit samla sett av reaksjonar. Ein slik framgangsmåte skaper tryggheit, og kan til ein viss grad også ha ein preventiv effekt. I tillegg vil førehandsvarsling av heile prosessen føre til ein meir effektiv saksgang der ein unngår unødvendig tidstap ved fortløpande varsling mellom saksjonsvedtaka, spesielt i høve til eventuelle høyringsfristar.

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt: Se mal 07a – Tilsynsrapport

Se mal 07b – Følgebrev – reaksjonsdokument

Se mal 08 – Tilsynsrapport – tematilsyn

Viser til malar for tilsyn med fyringsanlegg: Se mal 02a – Tilsynsrapport

Se mal 02b – Følgebrev – reaksjonsdokument

Se mal 02c – Tilsynsrapport – ingen avdekkede forhold

Rapportering om ulovlege forhold til bygningsmyndigheitene
Vert det avdekt forhold som synest å vere i strid med plan- og bygningsloven, har tilsynsmyndigheita meldeplikt til bygningsmyndigheitene, jf. Plan- og bygningsloven § 108.

Døme på slike forhold kan vere:

- Byggverk m.m. som er (opprinneleg) ulovleg oppført

- Søknads- eller meldepliktige tiltak som er utført i strid med plan- og bygningslova

- Fyringsanlegg som ikkje er kontrollert av kvalifisert kontrollør i samhøve med byggjesaksreglane

Rapportering skjer ved meldingsbrev der bygningsmyndigheitene vert bedt om å følgje opp saka. Tilsynsrapporten skal leggjast ved som dokumentasjon. Det er viktig at bygningseigar får ein kopi. I tillegg er det viktig at tilsynsmyndigheita følgjer opp avviket etter brann- og eksplosjonsvernloven.

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt: Se mal 09
– Underretning om ulovlige forhold til bygningsmyndighetene

Viser til malar for tilsyn med fyringsanlegg: Se mal 03
– Underretning om ulovlige forhold til bygningsmyndighetene

Melding til andre myndigheiter
Kommunen skal syte for at tilsynsmyndigheita samarbeider med andre aktuelle myndigheiter slik at lover og forskrifter som er gitt for å kontrollere brannrisikoen vert brukt samordna, jf. forebyggende forskriften § 5-1. Ein viser spesielt til el-myndigheitene.

Det må i samband med dette presiserast at det ikkje skal førast tilsyn med forhold som vert regulert av andre lovverk, og at samordningsplikta berre omhandlar klart synlege og alvorlege avvik. Tilsynsmyndigheita skal derfor ikkje leite etter slike feil.

Tilfredsstillande tilbakemelding om retting av avvik
Dersom innhaldet i framdriftsplanen og tidsrammer og retting av avvik er i samsvar med tilsynsrapporten, vert det gjeve skriftleg aksept og stadfesting på at tilsynet formelt er avslutta. Tilsynsmyndigheita kan sjølv velje korleis rettinga vert verifisert, anten ved neste tilsyn, ved dokumentasjon frå eigar/verksemd/brukar eller stikkontrollar.

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt:
Se mal 10 – Tilfredsstillende tilbakemelding på tilsynsrapport

Viser til malar for tilsyn med fyringsanlegg:
Se mal 04 – Tilfredsstillende tilbakemelding på tilsynsrapport

Manglande tilbakemelding om retting av avvik Dersom fristen for tilbakemelding ikkje vert halden, kan tilsynsmyndigheita purre, anten muntleg eller skriftleg, på eigar/verksemd/brukar.

Dersom vidare sanksjonsmidlar er førehandsvarsla i følgjebrevet til tilsynsrapporten, kan enkeltvedtak om pålegg setjast i verk utan meir varsel.

Dersom adressaten ikkje er varsla tidlegare, må det sendast førehandsvarsel om påleggsvedtak, eventuelt saman med ei skriftleg purring.

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt: Se mal 11 – utelatt tilbakemelding – purring

Viser til malar for tilsyn med fyringsanlegg: Se mal 05 – Utelatt tilbakemelding – purring

Mangelfull tilbakemelding, førehandsvarsel om pålegg Dersom framdriftsplanen for retting av avvik er mangelfull, skal det sendast eit korrigerande brev der det går fram kva forhold som ikkje er tilfredsstillande. Tilsynsmyndigheita kan samtidig førehandsvarsle om at pålegg vert vurdert dersom ikkje tilbakemeldinga vert korrigert, eller eventuelt vise til tidlegare varsel om pålegg i følgjebrevet. Det kan også vere føremålstenleg å konferere direkte med eigar eller representant for eigar slik at ein kan verte einige om kva som er ein tilfredsstillande framdriftsplan.

 

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt: Se mal 12 – Mangelfull tilbakemelding på tilsynsrapport – forhåndsvarsel om pålegg

Viser til malar for tilsyn med fyringsanlegg: Se mal 06 – Mangelfull tilbakemelding på tilsynsrapport – forhåndsvarsel om pålegg

Pålegg

Heimel
Lov av 14. juni 2002 nr. 20 § 37. Bestemmelsen lyder:

”Tilsynsmyndigheten gir de pålegg og treffer ellers de enkeltvedtak som er nødvendige for gjennomføringen av bestemmelsene gitt i eller i medhold av denne loven. Det skal settes frist for når pålegget skal vere utført.

Dersom pålegg ikke oppfylles innen fristen, kan tilsynsmyndigheten helt eller delvis stanse virksomheten eller helt eller delvis forby bruken av vedkommende byggverk, område, produkt m.v.

Ved overhengende fare kan tilsynsmyndighetene stanse virksomheten eller forby bruken av vedkommende byggverk, område, produkt m.v. selv om pålegg ikke er gitt.

Om nødvendig kan tilsynsmyndigheten kreve bistand fra politiet for å sikre gjennomføring av vedtak etter annet og tredje ledd”.

Bestemmelsens bruksområde
Det sentrale vilkåret er at det må vere eit forhold som strir imot krav eller plikter gjeve i eller i medhald av brann- og eksplosjonsvernloven, og bestemmelsen er tilsynsorganets viktigaste verkemiddel til å få lukka avviket.

Pålegget er i hovudsak utgangspunktet for all oppfølging av avvik. I tillegg opnar bestemmelsen for at tilsynsmyndigheita kan stengje bygningen dersom pålegga ikkje vert retta innan fastsett frist, eller dersom det er avvik som kan føre til overhengande fare.

Dersom pålegga ikkje vert etterkomne, har tilsynsmyndigheitene også andre (mindre dramatiske) sanksjonsmoglegheiter enn å stengje heile eller deler av bygningen (tvangsmulkt eller tvangsgjennomføring/forelegg). Det vert gjort greie for desse sanksjonsformene i eigne kapittel. Det må (ut frå tryggleik) vurderast om pålegget bør følgjast opp ved bruk av tvangsmulkt eller tvangsgjennomføring i staden for å stengje heile eller delar av bygningen. I praksis vert bygningen stengt kun ved overhengande fare.

Tvangsmulkt er den mest brukte sanksjonsformen dersom pålegget ikkje vert etterkome innanfor fristen. Tidsmessig vil det vere effektivt å gjere vedtak om tvangsmulkt saman med påleggsvedtaket, slik at tvangsmulkta begynner å løpe direkte frå tidspunktet for når påleggsfristen går ut. Dette er svært effektivt i forhold til løpende dagbøter.

Nærare om pålegg

Kva kan det gjevast pålegg om?

Kva kan det gjevast pålegg om? Kommunen kan gje pålegg om dei forholda som er i strid med brann- og eksplosjonsvernloven med tilhørende forskrifter, herunder krav nedfelt i plan- og bygningslovgivningen og internkontrollforskriften.

Pålegg gjev adressaten plikt til å gjennomføre bestemte tekniske og organisatoriske tiltak. I ein del tilfelle følgjer desse tiltaka direkte av lov- eller forskriftsteksten. I andre tilfelle bør pålegg gjevast som funksjonskrav, dvs. at det vert sett krav om at vernetiltak skal gjenomførast, men adressaten for pålegget skal velje løysing sjølv.

Dersom ein ser t.d. på dei funksjonsbaserte bestemmelsane i Teknisk forskrift til plan- og bygningsloven (TEK 1997) kapittel 7 vil det berre vere høve til å gje pålegg som funksjonskrav. I dette ligg at pålegget berre må slå fast at adressaten må lukke avviket. Ved funksjonsbaserte krav er det ikkje høve til å påleggje bestemte løysingsframlegg t.d. at tilsynsmyndigheita pålegg nokon å skifte dører, pålegg sprinkling, etc. Det er likevel viktig å presisere kva avviket konkret går ut på. Dette vil t.d. vere avvik frå preaksepterte løysingar i REN (veiledning til TEK 1997) eller opprinneleg byggjeløyve.

Det vil også kunne vere eit avvik dersom byggjegodkjent analyse ikkje er i samsvar med tryggleikskrava i TEK § 7-21 (alternativt 2). Når påleggsadressaten får konkrete opplysningar om kva avviket går ut på, vil han som nemnt over ha eit løysingsval i høve til korleis avviket kan utbetrast, då anten ved preaksepterte løysingar eller gjennom ein analyse, jf. TEK 1997 § 7-21.

Sjølv om det ikkje er tilsynsmyndigheitene si oppgåve å spesifiserre korleis avviket skal lukkast, må brannvesenet likevel vere interessert i å diskutere alternative løysingar. Forslag frå kommunen vil då berre vere av rettleiande karakter. Byggeigar kan velje ei anna løysing dersom dette gjev same resultat.

Det er viktig å presisere at oppfølging av avvik etter brannvernloven må sjåast i samanheng med plikta bygningsmyndigheitene har til å forfølgje ulovlege saker etter plan- og bygningsloven. Dersom bygningen også er ulovleg etter sistnemnde lovverk vil tilsynsmyndigheita ha høve til å sende saka til bygningsmyndigheitene etter plan- og bygningsloven § 108. Ei slik kopling vil vere mest føremålstenleg då sistnemnde lovverk er sektorovergripande.

Eventuelle endringar i bygningstekniske installasjonar er søknadspliktige i medhald av plan- og bygningsloven § 93, og vil ikkje kunne gjennomførast utan nødvendig løyve etter dette regelverket. Når pålegga til tilsynsmyndigheitene i slike saker må vere funksjonsbasert, er det mest naturleg at saka vert køyrd gjennom ein søknadsprosess hos bygningsmyndigheitene i kommunen.

Ved sterk ueinigheit om val av analyseløysingar vil tilsynsmyndigheitene kunne delta på rettleiande førehandskonferansar i samarbeid med bygningsmyndigheitene. Der kan fundamentet for analyseløysingar drøftast, jf. plan- og bygningsloven § 93a. Det er likevel svært viktig at tilsynsmyndigheita ikkje går for langt i rettleiinga si slik at det kan oppstå spørsmål om inhabilitet ved eit ev. seinare tilsyn i objektet, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 13.

Formelle krav til pålegget
Ordlyden i bestemmelsen skil mellom pålegg og enkeltvedtak i generell forstand. Det må i samband med dette presiserast at pålegg også er enkeltvedtak. Reaksjonane må derfor nyttast i samsvar med dei formelle krava til enkeltvedtak i forvaltningsloven.

Før det vert gjort vedtak om pålegg skal det sendast førehandsvarsel til eigar. Tilsynsmyndigheita treng ikkje å sende varsel om pålegg etter at fristen for innsending av tiltaksplan for retting av avvik er gått ut, når tilsynsmyndigheita har varsla om heile reaksjonskjeda i følgjebrevet til tilsynsrapporten.

Det er forklart om saksbehandlingsreglene (saksforberedelser og bruk av enkeltvedtak, herunder klage), i et eget kapittel i veiledningen.

Det vert stilt krav i lovteksta om at det må setjast ein frist for gjennomføring. Det er viktig å presisere at tidsfristen er rimeleg i forhold til å få gjenomført pålegget. Det må i samband med dette vurderast om pålegget medfører behov for avklaringar med andre myndigheiter eller lovverk, t.d. bygningsmyndigheitene (plan- og bygningsloven). Det vil t.d. kunne ta lang tid i forhold til ein prosjekteringsfase, søknadsprosess og utføring. Vidare tilrår ein at tidsfristen vert sett som ein dato. Å setje fristen i dagar, veker eller månader vil vere lov rettsleg, men det kan lett verte ueinigheit om kva for dato fristen gjekk ut frå. Bruk aldri uttrykket ”snarast mogleg” eller liknande upresise uttrykk. Elles kan nemnast at fristen bør drøftast med partane på førehand, slik at den blir mest mogleg realistisk.

Dersom påleggsadressaten søkjer om forlenga frist,vert dette å vurdere ut frå art av pålegg, risiko og konsekvensen av at pålegget ikkje vert retta innan fristen. Søknaden skal vere skriftleg og grunngjeven.

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt: Se mal 13 – Forhåndsvarsel om pålegg

Viser til malar for tilsyn med fyringsanlegg: Se mal 07 – Forhåndsvarsel om pålegg

Kven kan pålegg etter denne bestemmelsen rettast mot?
Ordlyden i brann- og eksplosjonsvernloven § 37 seier ingenting om kven som er adressat for eventuelle pålegg/enkeltvedtak. Kriteria for å gje pålegg vert knytt til, sitat: ”nødvendig for gjennomføringen av bestemmelsene gitt i eller i medhold av denne lov”. Det må her sjåast på kven som er ansvarleg for dei pliktene som eventuelt ikke er følgd opp, og ordlyden må tolkast slik at tilsynsmyndigheita har eit val i høve til kven som er nærast til å få gjennomført pålegget mest effektivt.

I utgangspunktet bør sanksjonar rettast mot eigar av bygget. Eigar er ansvarleg for at bygget oppfyller nødvendige tekniske krav, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 6 første ledd og forebyggendeforskriften § 2-1. Eigar har i tillegg plikt til å sjå til at bygningstekniske konstruksjonar, tryggleiksinnretningar og andre nødvendige sikringstiltak vert vedlikehalde og verkar som føresett, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 6 andre ledd.

Det kan også gjevast pålegg til brukar av bygget dersom dette er meir føremålstenleg i forhold til ei effektiv gjennomføring av pålegget. Dersom brukar og eigar er same person, har dette skiljet ingen betydning. Som det går fram av brann- og eksplosjonsvernloven § 6 annet ledd har også brukar plikt til å sjå til at bygningstekniske konstruksjonar, tryggleiksinnretningar og andre sikringstiltak vert halde i forsvarleg stand og verkar som føresett. Brukar kan då gjerast ansvarleg på same måte som eigar, t.d. dersom brannalarmen ikkje fungerer som føresett eller dersom rømmingsvegar er blokkert, etc. Ved avvik som går på bruken av bygget eller mindre vedlikehald, kan det vere meir føremålstenleg å rette pålegget mot brukar for å sikre ei meir effektiv gjennomføring. Dette må i så fall vurderast i kvart enkelt tilfelle.

Dersom avviket følgjer av krav i internkontrollforskriften, skal pålegget rettast mot verksemda  i bygningen, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 8. Verksemd kan både vere eigar, brukar eller begge deler. Døme på verksemd er eigar/utleigar av næringsbygg, burettslag, etc.

Kven kan gje pålegg?
Kommunen (som lokal tilsynsmyndigheit) har kompetanse til å gjere vedtak knytt til oppfølging av avvik, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 32. Denne vedtakskompetansen er gjerne delegert til administrasjonen ved brannsjefen.

I forhold til interkommunale selskap har kommunen gjerne delegert vedtakskompetansen til eit representantskap som igjen delegerer vidare (subdelegasjon) til brannsjefen.

Det er gjort greie for generelle saksbehandlingsregler knyttet til pålegg i et eget kapittel i veiledningen.

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt:
Se mal 14a – Pålegg om retting av avvik i henhold til tilsynsrapport og forhåndsvarsling om tvangsmulkt Se mal 14b – Pålegg om retting av avvik og vedtak om tvangsmulkt

Viser til malar for tilsyn med fyringsanlegg: Se mal 08a – Pålegg om retting av avvik i henhold til tilsynsrapport

Se mal 08b – Pålegg om retting av avvik og vedtak om tvangsmulkt

Tilbakemelding om gjennomføring av pålegg Det er ingen formelle krav til tilbakemelding frå påleggsadressaten anna enn at pålegget skal vere gjennomført. Det er likevel vanleg at tilsynsmyndigheita ber om ei skriftleg tilbakemelding i pålegget.

Dersom det ligg føre ei tilbakemelding kan tilsynsmyndigheita kontrollere at pålegget er gjennomført eller vente med verifisering til neste tilsyn. Dersom det ikkje er noko  tilbakemelding kan tilsynsmyndigheita følgje opp forholdet, eventuelt gjennomføre kontroll.

Pålegget ikkje gjennomført
Dersom pålegget ikkje er gjennomført innan fastsett frist, bør tilsynsmyndigheita følgje opp med vidare sanksjonar. Aktuelle sanksjonar er tvangsmulkt, tvangsgjennomføring eller vedtak om forbod mot bruk.

Forbod mot ”bruk”

Hovudregel – stenging etter pålegg
Brann- og eksplosjonsvernloven § 37 annet ledd opnar for at tilsynsmyndigheita kan forby bruken av heile eller delar av objektet/fyringsanlegget, og heilt eller delvis stanse verksemda dersom pålegget ikkje er gjennomført innan fristen.

Lova knyter ikkje spesielle vilkår til å bruke stenging, anna enn at påleggsfristen må vere overskride. Bestemmelsen må sjåast på som eit tvangsmiddel på linje med tvangsmulkt og forelegg, men det vil vere mest aktuelt å nytte dette verkemiddelet der tvangsmulkt eller forelegg ser ut som lite føremålstenleg i forhold til å få gjenomført pålegget.

Avgjersle om forbod mot bruk er eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b. Sanksjonen må derfor nyttast i samsvar med dei formelle krava til enkeltvedtak i forvaltningsloven. Det vert vist til eget kapittel om generelle saksbehandlingsreglar for enkeltvedtak.

Det er spesielt viktig å presisere at tilsynsmyndigheita førehandsvarslar eventuelle vedtak om bruksforbod.

Unntak – stenging utan at pålegg er gitt
Bestemmelsens tredje ledd opnar for at kommunene kan forby bruk av objekt eller fyringsanlegg og stenge heile eller delar av desse sjølv om pålegg ikkje er gitt.

Vilkåret er ”overhengende fare”. Bestemmelsen er eit unntak frå brann- og eksplosjonsvernlovens hovudsystem med pålegg som utgangspunkt og skal berre nyttast i høve der det ikkje er forsvarleg å vente til avvika er utbetra. Det må då vurderast kor farleg det er å oppretthalde bruken eller verksemda i bygningen. Dersom bygningen skal stengjast er det eit minimumskrav at vedtaket vert formidla muntleg på staden. Tilsynsmyndigheita må då hugse på å gjere adressaten merksam på at vedtaket kan krevjast skriftleg i ettertid., jf. forvaltningsloven § 27 første ledd og § 23. Tilsynsmyndigheita vert likevel oppfordra til å nytte skjemaet det er vist til nedanfor. Dette vil kunne hindre mistydingar og syte for at alle involverte partar veit nøyaktig kva vedtaket går ut på.

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt: Se mal 18 – Skjema for umiddelbart stengningsvedtak – vedtak om forbud mot bruk

Viser til maler for tilsyn med fyringsanlegg: Se mal 12 – Skjema for umiddelbart stengingsvedtak – vedtak om forbud mot bruk

Tvangsmulkt

Førehandsvarsling
Før det vert gjort vedtak om tvangsmulkt skal det sendast førehandsvarsel til eigar. Varsel om tvangsmulkt etter at påleggsfristen er overskride vil berre vere aktuelt der det ikkje er gjort vedtak om tvangsmulkt saman med pålegget, og/eller at tilsynsmyndigheita ikkje har varsla om heile reaksjonskjeda i følgjebrevet til tilsynsrapporten.

Det er gjort greie for generelle saksbehandlingsregler knyttet til forhåndsvarsling i et eget kapittel i rettleiinga.

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt: Se mal 15 – Forhåndsvarsel om tvangsmulkt

Viser til malar for tilsyn med fyringsanlegg: Se mal 09 – Forhåndsvarsel om tvangsmulkt

Uttale til førehandsvarsel om tvangsmulkt
Kjem det uttale frå eigar, representant for eigar eller verksemda innan tidsfristen, skal uttala takast med i vurderinga når vedtak om tvangsmulkt vert gjort.

Vedtak om tvangsmulkt

Innleiing/Heimel
Etter brann- og eksplosjonsvernloven § 39 kan kommunen (tilsynsmyndigheita) ilegge en løpende tvangsmulkt eller eingongsmulkt dersom pålegget ikkje er oppfylt innan fristen. Føremålet med tvangsmulkt er å motivere adressaten til å innrette seg lovleg.

Eit vedtak om tvangsmulkt vil alltid vere grunna av at pålegget ikkje er gjennomført innan fristen og kan ikkje ileggjast på sjølvstendig grunnlag. Adressaten skal ha ein tilstrekkeleg frist for å få gjennomført pålegget.

Tvangsmulkta har verka etter føremålet når den ansvarlege (eigar, brukar, verksemd) lukkar avviket slik at mulkta ikkje påløper. Det er i samband med dette viktig å presisere at tvangsmulkt ikkje er straff!

Når kan det ileggjast tvangsmulkt?
Eit vedtak om tvangsmulkt som nemnt over knyttast til pålegget. Dette kan gjerast på to måtar. Anten ved at tvangsmulktsvedtaket vert fastsett samtidig med vedtak om pålegg, eller etter at påleggsfristen har gått ut og det vert sett ein ny frist for å lukke avviket. Dersom vedtak om tvangsmulkt vert fastsett samtidig med pålegget, vil tvangsmulkta kunne påløpe umiddelbart etter at påleggsfristen har gått ut. Ein slik framgangsmåte vil vere mest føremålstenleg når avviket kan lukkast utan at det vert kravd løyve frå andre myndigheiter (bygningsmyndigheier), t.d. organisatoriske forhold og enklare tekniske tiltak.

Dersom avviket krev behandling hos andre myndigheiter, er det viktig at adressaten vert gjeven ein rimeleg frist. Det vil då vere mest føremålstenleg å gjere vedtak om tvangsmulkt etter at påleggsfristen har gått ut. I motsett fall vil tvangsmulkta fungere meir som straff enn tvangsmiddel.

Tvangsmulkt kan ikkje fastsetjast på sjølvstendig grunnlag, og adressaten må få ein tilstrekkeleg tidsfrist slik at avviket kan lukkast før det eventuelt påløper ei tvangsmulkt. Det er viktig å presisere at tvangsmulkt ikkje vert nytta med det føremål å straffe nokon.

Sjølv om vilkåra for bruk av tvangsmulkt er til stades, må ikkje tilsynsmyndigheita (kommunen) nødvendigvis ileggje ei mulkt. Etter ordlyden i brann- og eksplosjonsvernloven § 39, ”kan” tvangsmulkt anvendes. Det er tilsynsmyndigheita som avgjer om det skal ileggjast tvangsmulkt. Ressursbruken ved å vidareforfølgje avviket må i samband med dette vegast opp mot farepotensialet.

Det er også andre verkemiddel som kan nyttast, t.d. tvangsgjennomføring (forelegg) eller stenging/forbod mot bruk.

Kven kan ileggjast tvangsmulkt?
Tvangsmulkt er som nemnt ovanfor grunna av at det ligg føre eit pålegg om lukking av avvik. Tvangmulkt kan derfor  gjevast til adressaten for pålegget, også statlege, fylkeskommunale og kommunale adressatar. Det er ikkje aktuelt i ileggje tvangsmulkt til andre enn adressaten for pålegget.

Former for tvangsmulkt
Brann- og eksplosjonsvernloven § 39 opnar for to typar sanksjonsformer. Anten som løpende dagmulkter eller som eingongsmulkt. Føresetnaden er at løpende dagmulkter er hovudregelen, men tilsynsmyndigheita må vurdere om det er meir effektivt å ileggje ei eingongsmulkt i forhold til at adressaten innrettar seg etter pålegget. Det må i samband med dette peikast på at eingongsmulkt kan arte seg som eit særleg hardt pressmiddel, og vert føresett brukt berre i spesielle høve.

Utmåling av tvangsmulkt
Påleggsvedtaket inneheld ofte fleire punkt. Kvart av punkta skal oppfyllast som pålegg. Tvangsmulkt må derfor fastsetjast for kvart einskilt pålegg.

Det må igjen presiserast at utgangspunktet er at pålegget skal oppfyllast, og at tvangsmulkt berre skal vere eit pressmiddel. Mulkta må derfor setjast så høgt at det ikkje berre skal vere ulønnsamt å neglisjere pålegget, men at adressaten også finn det uhaldbart å vere passiv til dette. Storleiken på mulkta må derfor justerast ut ifrå kven pålegget er retta mot. Næringsdrivande bør til dømes som oftast ha høgare bøter enn privatpersonar, etc.

Når tvangsmulkt vert fastsett som ei løpande mulkt, må ein finne ein høveleg døgnsats. Dette skjer ved at ein først finn storleiken på tvangsmulkta (ut ifrå kriteria i overnemnte avsnitt). Så må ein sjå på kor lang tid ein meiner (kortaste tidsrom) at adressaten treng for å få gjennomført pålegget. Deretter må tvangsmulkta fordelast ut ifrå talet på dagar i tidsrommet.

Som døme kan nemnast at tilsynsmyndigheita finn at kr. 30.000 vert sett på som ei høveleg tvangsmulkt i høve til å få lukka avviket. Dersom ein går ut frå at adressaten (som kortast) finn å bruke 30 dagar på å få lukka avviket, vil døgnsatsen verte kr. 1000. Dersom avviket vert lukka etter 10 dagar er det påløpt ei tvangsmulkt på kr. 10.000, som deretter må inndrivast. Tvangsmulkta løper inntil pålegget er gjennomført.

Dersom tvangsmulkta vert fastsett som eit eingongsbeløp, vil heile beløpet forfalle når fristen for å få gjennomført pålegget er overskride. Dette kan som nemnt ovanfor arte seg som eit hardt verkemiddel og bør berre nyttast i høve der det er tvingande nødvendig med ei rask gjennomføring.

Nærare om saksbehandling
Tvangsmulkt er, på same måte som pålegg, eit sjølvstendig enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b. Dette betyr at forvaltningslovens reglar om varsling, grunngjeving, varsling og klage må følgjast. Sjå i samband med dette kapittelet om generelle saksbehandlingsregler for enkeltvedtak.

Når det gjeld varsling, er det viktig å sjå på det som er skrive ovanfor om førehandsvarsling av heile reaksjonskjeda. Som eit minimum må varselet innehalde frå når(dato) tvangsmulkta begynner å løpe og kva for reaksjonsform som er aktuell (dagbøter eller eingongsmulkt). I varselet bør ein også komme inn på kva størrelsen kan bli på tvangsmulkta. Adressaten må i samhøve med forfaltningsloven § 16 gjevast ein rimeleg frist for å komme med merknader til varselet.

Det må i varselet opplysast om klagerett, klagefrist, kven som er klageinstans og kvar eventuell klage skal sendast (underinstansen). Dersom vedtaket kan tenkjast å føre til skade for einpart, må det vidare opplysast om retten til å be om oppsettende virkning(utsett iverksetjing) inntil klagesaken er avgjort, jf.forvaltningsloven § 42 første ledd og sjå ovanfor om klage.

Viser til malar for tilsyn med særskilde brannobjekt: Se mal 16 – Vedtak om tvangsmulkt

Viser til malar for tilsyn med fyringsanlegg: Se mal 10 – Vedtak om tvangsmulkt

Sentral tilsynsmyndigheit kan ettergje påløpt tvangsmulkt
Brann- og eksplosjonsvernloven § 39 første ledd siste punktum opnar for at sentral tilsynsmyndigheit (DSB) ”kan” ettergje ilagt tvangsmulkt. Myndigheita til å fråfalle påløpt tvangsmulkt er løfta opp på sentralt nivå for å sikre ein einsarta praksis. Det er ikkje knytt vilkår til når sentral tilsynsmyndigheit (DSB) kan fråfalle påløpt tvangsmulkt. Det vil i så fall kome av ei skjønnsvurdering (fritt skjønn).

Bestemmelsen reiser ein del juridiske spørsmål i forhold til retten kommunen har til omgjere eigne vedtak etter forvaltningsloven § 35, samanlikna med at kommunen ikkje har høve til å ettergje påløpne bøter. Det er i samband med dette viktig å skilje mellom sjølve grunnlaget for tvangsmulkta (kommunens vedtak) og pengebeløpet som eventuelt er påløpt.

Det kan tenkjast praktiske tilhøve der kommunen har fått nye opplysningar som tilseier at grunnlaget for å gje tvangsmulkt kanskje er falle bort og det er ønskje om å endre vedtaket. Kommunen kjenner saksforholdet best og er som oftast nærast til å vurdere om eit vedtak bør endrast. Konsekvensane av eit slikt endringsvedtak er at tvangsmulkt som verkemiddel ikkje lenger skal gjelde overfor påleggsadressaten. Dette er problemlaust så lenge tvangsmulkta ikkje har begynt å løpe (er påløpt). I slike høve er det ingenting å ettergje. Dersom endringsvedtaket vert gjort etter at tvangsmulkta er påløpt (etter forfallsdato), vil ikkje kommunen kunne ettergje dette beløpet sjølv om grunnlaget for tvangsmulkta (enkeltvedtaket) er bortfalle/endra. Då må eventuelt søknad om ettergjeving sendast den sentrale tilsynsmyndigheita (DSB) for den delen som allereie er påløpt.

Inndriving av tvangsmulkt
Det går fram av brann- og eksplosjonsvernloven § 39 første ledd siste punktum at tvangsmulkt som er ilagt av kommunen er det kommunen som skal ha. Kommunen har også plikt til å innkassere tvangsmulkta. Det same gjeld dersom brannvesenet er organisert i eit interkomunalt selskap, dersom ikkje noko anna er avtalt.

Dersom ein ikkje vert einig om innbetaling på frivillig basis, må tilsynsmyndigheita syte for at mulkta vert innkassert ved tvang. Det må i samband med dette presiserast at vedtaket om tvangsmulkt frå offentleg myndigheit er eit eige tvangsgrunnlag, jf. lov av 26.juni 1992 nr. 86 (tvangsfullbyrdelsesloven) § 7-2 bokstav d. Tilsynsmyndigheita treng derfor ikkje å skaffe seg tvangsgrunnlag for innkassering ved dom. Begjæring om utlegg (kravet) kan derfor setjast fram direkte til namsmyndigheitene. Kompetent namsmyndigheit er i utgangspunktet namsmannen i distriktet der påleggsadressaten har sitt hjemting, jf.tvangsfullbyrdelsesloven § 7-3 første ledd.

Dersom ein er usikker på kven som er kompetent namsmyndigheit, kan tilsynsmyndigheita ta kontakt med namsmannen eller lensmannen i bustadskommunen for nærare avklaring. Det vil ogå kunne vere aktuelt å setje fram begjæring for namsmannen i eit distrikt som påleggsadressaten her særskilt tilknytting til, jf.bestemmelsens annet ledd. Det kan t.d. vere namsmannen i distriktet der tilsynsobjektet ligg.

Tvangsfullbyrdelsesloven stiller også formelle krav i høve til kva begjæringa skal innehalde av opplysningar, jf. tvangsfullbyrdelsesloven §§ 7-5 og 5-2. Som eit hjelpemiddel kan det trykkjast på linken til skjema for begjæring om utlegg her, Dersom kjemaet vert fylt ut i korrekt stand, vil dei formelle krava til begjæringa vere oppfylt.

I tillegg til hovudkravet (sjølve tvangsmulkta) må det også reknast med renter i samhøve med lov av 17.12.1976 nr. 100 (forsinkelsesrenteloven), § 2 og § 3. Eventuelle renter reknast frå tidspunktet når tvangsmulkta forfell til betaling.Det er viktig å presisere at forfallstidspunktet ikkje er det same som når tvangsmulkta påløper. Det er gjerne slik at kommunen sender ut ein giro etter at heile tvangsmulkta er påløpt med frist for innbetaling. Renta vil då normalt begynne å løpe frå tidspunktet når betalingsfristen går ut. Som eit døme kan nemnast at giroen har frist for innbetaling 25. mai. Det vil då vere naturleg å rekne forsinkelsesrente frå 26. mai.

Finansdepartementet har fastsett at rentesatsen skal vere 9,25 % frå 01.januar 2006, jf. eigen forskrift om renter ved forseinka betaling. Rentesatsen vert oppdatert 2 gonger i året (kvart halvår). Forskrifta er m.a. tilgjengeleg på heimesidene til Finansdepartementet og Lovdata (www.lovdata.no).

Det er viktig å presisere at bestemmelsane i tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 7 ikkje gjeld for krav mot staten, fylkeskommunar, kommunar eller interkommunale føretak, jf. tvangsfullbyrdelsesloven § 1-2. Innkassering av tvangsmulkt mot slike adressatar må skje på frivillig basis.

Tvangsgjennomføring (Førelegg/Tvangsfullbyrding)

Heimel
”Brann- og eksplosjonsvernloven § 40. Tvangsgjennomføring Tilsynsmyndigheten kan utferdige forelegg mot den som unnlater å etterkomme pålegg eller forbud som er gitt med hjemmel i denne lov. Med forelegg menes her et nytt pålegg om at det tidligere pålegget eller forbudet skal etterleves innen en frist som fastsettes i forelegget. Forelegget skal gi opplysninger om bestemmelsene i annet ledd og skal, så langt mulig, forkynnes for den det er rettet mot.

Den forelegget er rettet mot, kan reise søksmål mot det offentlige for å få forelegget prøvet. Blir søksmål ikke reist innen 30 dager fra forkynnelsen, har forelegget samme virkning som en rettskraftig dom, og kan fullbyrdes etter reglene for dommer.

Forelegget kan ikke påklages.

Blir pålegget i rettskraftig dom eller dermed likestilte forelegg ikke etterkommet, kan vedkommende tilsynsmyndighet selv besørge eller få besørget at pålegget utføres for regning av den som kommen eller forelegget er rettet mot, uten at det er nødvendig med kjennelse etter tvangsfullbyrdelsesloven § 13-14.

Ved overhengende fare kan pålegget fullbyrdes etter reglene i tvangsfullbyrdelsesloven § 13-14 uten at dom eller forelegg kreves.”

Bruksområdet
Etter brann- og eksplosjonsvernloven § 40 kan manglande oppfølging av innhaldet i pålegg og forbod følgjast opp med førelegg. Tilsynsmyndigheita (kommunen) kan skrive ut førelegg ved alle forhold i strid med brann- og eksplosjonsvernlova med tilhøyrande forskrifter eller konkrete vedtak. Førelegg kan få same rettsverknader som ein rettskraftig dom, dvs. at førelegget kan tvangsfullbyrdast etter reglane i tvangsfullbyrdelseslova.

Vanlegvis må forvaltninga reise sak for domstolane for å få grunnlag for tvangsgjennomføring av eit offentleg vedtak, men ved bruk av førelegg ligg initiativet til å gå til søksmål hos den førelegget er retta mot. Det er i slike høve den private part som må gå til søksmål innan 30 dagar etter forkynninga for å hindre at det vert etablert tvangsgrunnlag ved førelegg.

Det er viktig å presisere at det må påreknast store ressursar dersom ei vel å følgje opp pålegg ved bruk av førelegg. Dette gjeld spesielt i høve til avvik frå tekniske krav der tilsynsmyndigheita m.a. må avklare eventuelle endringar med bygningsmyndigheitene. Det kan også vere nødvendig å bruke politiet for å få tilgang til objektet. Det bør derfor vurderast om ikje tvangsmulkt er eit betre alternativ å bruke som tvangsmiddel, eller at tilsynsmyndigheita stengjer bygningen/stanser bruken ved meir alvorlege avvik. Eventuelt vil tilsynsmyndigheita kunne tilbakeføre avviket til bygningsmyndigheitene etter plan- og bygningsloven § 108.

Saksbehandling
Eit førelegg vil alltid måtte knyttast opp til etterfølginga av eit tidlegare pålegg eller forbod, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 37. Eit førelegg er eit enkeltvedtak, noko som m.a. inneber at det må førehandsvarslast.

Dersom tilsynsmyndigheita har bestemt seg for at eit pålegg eventuelt skal følgjast opp med eit førelegg, bør dette gå fram av pålegget. Det går fram av bestemmelsens tredje ledd at førelegget ikkje kan påklagast.

Det er også viktig å presisere at eit førelegg må forkynnast overfor dei som pålegget rettar seg   mot. Med forkynning meiner ein at tilsynsmyndigheita må syte for at vedkomande faktisk blir gjort kjent med innhaldet. Dette avvik frå det generelle kravet til varsel om enkeltvedtak der det er tilstrekkeleg at førelegget er gjort tilgjengeleg for adressaten, t.d. i postkasse, mailboks, etc.

Forkynninga kan også skje ved rekommandert postsending, men dette føreset at føreleggsadressaten hentar sendinga.

Forkynninga kan også skje ved at tilsynsmyndigheita leverer førelegget personleg til adressaten, og vedkomande kvitterer for at det er forkynt. Dersom ein ikkje lykkast i å få ei kvittering av vedkomande, må tilsynsmyndigheita sjølv skrive ei stadfesting på at førelegget faktisk er forkynt. I høve til beviskravet er det i samband med dette viktig å presisere at representantar frå brannvesenet er offentlege tenestemenn. Det vil også vere viktig at den skriftlege stadfestinga skjer på staden, og gjerne slik at føreleggsadressaten ser det eller vert gjort merksam på nedskrivinga.

Krav til innhald
Førelegget må vise til tidlegare pålegg, og det må fastsetjast ein ny frist for når pålegget må vere gjennomført. Det vert vist til i lovteksten at førelegget må sjåast på som eit nytt pålegg om at tidlegare pålegg skal ordnast innan ein fastsett frist. Førelegget skal også gje opplysningar om retten til å gå til søksmål mot tilsynsmyndigheita innan 30 dagar frå forkynninga, jf. bestemmelsens annet ledd. Søksmål må fremjast dersom adressaten ønskjer å motsetje seg tvangsfullbyrding.

Søksmål
Eventuelt søksmål skal gjerast mot den som har skrive ut førelegget (tilsynsmyndigheita). Er det eit kommunalt organ, skal vedkomande kommune stå som saksøkt.

Frist for å gå til søksmål mot førelegget
Førelegget er rettskraftig når 30 dagar er gått utan at sak er reist for domstolen. Fristen vert avbroten ved at stemning er ”avgitt til posten” i løpet av siste dag av fristen, jf. domstolsloven § 146 første ledd.

Sjølve tvangsfullbyrdinga
Ovanfor er det gjort greie for korleis tilsynsmyndigheita kan gå fram for å skaffe seg tvangsgrunnlag ved førelegg. Tvangsgrunnlaget fungerer som ein heimel for namsmannen til å kunne tvangsfullbyrde pålegget etter reglane i tvangsfullbyrdelsesloven, dvs. å lukke avviket fysisk for rekning av den som førelegget er retta mot.

Bestemmelsen i brann- og eksplosjonsvernloven § 40 tredje ledd seier likevel at tilsynsmyndigheita ikkje treng å gå vegen om namsmannen dersom det er etablert tvangsgrunnlag ved førelegg. Dersom førelegget er forkynt, og vedkomande ikkje har reist søksmål innan 30 dagar, kan tilsynsmyndigheita fysisk syte for at avviket vert lukka på den ansvarlege (den som pålegget og førelegget er retta mot) sin kostnad. Tilsynsmyndigheita vel då sjølv korleis avviket skal lukkast ut ifrå det som vert vurdert som forsvarleg.

Dersom påleggsgrunnlaget skuldast avvik frå tekniske krav i plan- og bygningsloven, må tilsynsmyndigheita syte for at eventuelle søknadspliktige tiltak vert avklart med bygningsmyndigheitene. Det kan leigast inn kompetanse for å hjelpe tilsynsmyndigheita i ein eventuell søknadsprosess og i forhold til sjølve gjennomføringa av nødvendige tiltak.

Tilsynsmyndigheita kan også få hjelp av politiet for å skaffe seg tilgang til tilsynsobjektet. Sjå i samband med dette brann- og eksplosjonsvernloven § 34.

Som nemnt over vil ei tvangsgjennomføring føre med seg eit stort ressursbruk, og tilsynsmyndigheita bør derfor vurdere om andre sanksjonsformer kan vere tilstrekkelege for å få gjennomført pålegget.

Brann- og eksplosjonsvernloven § 40 fjerde ledd handlar om unntak frå kravet om at det alltid må vere eit pålegg som utgangspunkt for førelegget. Unntaket må sjåast i samanheng med retten til å stengje ei bygning eller stanse verksemda utan eit pålegg på førehand. Det absolutte vilkåret er at det må vere ”overhengende fare”. Dersom vilkåret er oppfylt, kan pålegget fullbyrdast utan førelegg (eller dom). Tvangsfullbyrdinga må da likevel skje etter kriteria i tvangsfullbyrdelsesloven § 13-14.

3. Malar for tilsyn med særskilde brannobjekt

Sjå malane i PDFen på forsida av rettleiaren.

Mal 01a – Førehandsvarsel om registrering som særskilt brannobjekt………………………55

Mal 01b – Grunnlagsdata for registrering av særskilde brannobjekt…………………………57

Mal 02 – Registrering som særskilt brannobjekt……………………………………………..58

Mal 03 – Avregistrering som særskilt brannobjekt……………………………………………59

Mal 04a – Varsel om ordinært tilsyn…………………………………………………………..61

Mal 04b – Opplysningsskjema ved tilsyn……………………………………………………..63

Mal 05 – Varsel om tematilsyn………………………………………………………………..64

Mal 06a – Varsel om tilsyn utført ved eigenmelding………………………………………….66

Mal 06b – Eigenmeldingsskjema…………………………………………………………….. 68

Mal 07a – Tilsynsrapport………………………………………………………………………71

Mal 07b – Følgjebrev – reaksjonsdokument…………………………………………………...75

Mal 08 – Tilsynsrapport tematilsyn……………………………………………………………77

Mal 09 – Varsel om ulovlege forhold til bygningsmyndigheitene…………………………….81

Mal 10 – Tilfredsstillande tilbakemelding på tilsynsrapport…………………………………..82

Mal 11 – Manglande tilbakemelding – purring………………………………………………..83

Mal 12 – Mangelfull tilbakemelding på tilsynsrapport – førehandsvarsel om pålegg…………84

Mal 13 – Førehandsvarsel om pålegg………………………………………………………….86

Mal 14a – Pålegg om retting av avvik i samhøve med tilsynsrapport og førehandsvarsling

                 om tvangsmulkt…………………………………………………………………….87

Mal 14b – Pålegg om retting av avvik og vedtak om tvangsmulkt……………………………89

Mal 15 – Førehandsvarsel om tvangsmulkt…………………………………………………..91

Mal 16 – Vedtak om tvangsmulkt…………………………………………………………….92

Mal 17a – Klagen vert teke til følgje – nytt vedtak……………………………………………94

Mal 17b – Klagen vert avvist – enkeltvedtak………………………………………………….96

Mal 17c – Klagen vert teke til følgje – nullitet………………………………………………..98

Mal 18 – Skjema for umiddelbart stengingsvedtak – vedtak om forbod mot bruk………… 100

 

Malar for tilsyn med fyringsanlegg…………………………………………………………..102

Mal 01a – Varsel om tilsyn med fyringsanlegg………………………………………………102

Mal 01b – Andre gongs varsel om tilsyn med fyringsanlegg……………………………….  104

Mal 02a – Tilsynsrapport……………………………………………………………………..105

Mal 02b – Følgjebrev – reaksjonsdokument………………………………………………….108

Mal 02c – Tilsynsrapport – ingen avdekte forhold…………………………………………   110

Mal 03 – Varsel om ulovlege forhold til bygningsmyndigheitene…………………………...112

Mal 04 – Tilfredsstillande tilbakemelding på tilsynsrapport…………………………………113

Mal 05 – Manglande tilbakemelding – purring………………………………………………114

Mal 06 – Mangelfull tilbakemelding på tilsynsrapport – førehandsvarsel om pålegg……….115

Mal 07 – Førehandsvarsel om pålegg………………………………………………………..116

Mal 08a – Pålegg om retting av avvik i samhøve med tilsynsrapporten…………………….117

Mal 08b – Pålegg om retting av avvik og vedtak om tvangsmulkt………………………….119

Mal 09 – Førehandsvarsel om tvangsmulkt………………………………………………….121

Mal 10 – Vedtak om tvangsmulkt……………………………………………………………122

Mal 11a – Klagen vert teke til følgje  -  nytt vedtak……………….………………………...124

Mal 11b – Klagen er avvist – enkeltvedtak………………………………………………….126

Mal 11c – Klagen vert teke til følgje – nullitet………………………………………………128

Mal 12 – Skjema for umiddelbart stengingsvedtak – vedtak om forbod mot bruk…130

4. For vedlegg, sjå PDF

Lukk