Sivilforsvaret

Sivilforsvaret er underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), med hovudkontor i Tønsberg. Direktoratet er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

Publisert 07.05.2009 - 08:55 | Oppdatert 20.01.2012 - 10:07

Sivilforsvaret er inndelt i 20 distrikt, som i hovudtrekk følgjer fylkesgrensene og politidistrikta. Sivilforsvaret har også eit beredskaps- og kompetansesenter (skole) og eit sentrallager.

Kvart sivilforsvarsdistrikt er leidd av ein distriktssjef. Ved distriktskontora er det totalt 250 fast tilsette. Distriktskontora har den operative og administrative leiinga av sivilforsvarsressursane innanfor sine område. Dei har ansvaret for å rekruttere og øve tenestepliktige mannskapar, handtere materiell og organisere stab for leiing av avdelingane når Sivilforsvaret er i innsats.

Sivilforsvarslogo
Foto: DSB

Sivilforsvaret har ein operativ styrke på 8 000 tenestepliktige menn og kvinner, fordelte på lokale avdelingar med ulike oppgåver som blir øvde regelmessig.

I tilfelle krig kan Sivilforsvaret kalle inn ein reservestyrke på ytterlegare 8 000 tenestepliktige.