Større tryggleik ved sprengingsarbeid

– Det har skjedd for mange uhell og ulykker i samband med sprengingsarbeid. Nye reglar vil føre til høgare kompetanse og dermed større tryggleik, meiner avdelingsleiar Siri Hagehaugen i DSB.

Publisert 26.03.2010 - 09:30 | Oppdatert 26.03.2010 - 10:22

Ny utdanningsordning inneber obligatorisk kursing for alle som skal drive med sprenging. Tidlegare sertifikat gjaldt nærmast avgrensa. Dei nye sertifikata gjeld i fem år, med krav om oppfriskingskurs og å stå til ein prøve for å kunne fornye dei. For ei som allereie har sprengingssertifikat, er det etablert overgangsordningar fram til utgangen av 2012.

 – Dersom innehavaren iser seg å vere ueigna til å drive med sprenging, kan DSB etter dei nye reglane inndra sertifikatet. Målet er å hindre at menneske som manglar forståing for eller innsikt i det å handtere eksplosiv, får drive med sprenging, seier Hagehaugen.

Den nye utdanningsordninga for sprengingspersonell erstattar den tidlegare ordninga med A-, B- og C-sertifikat. Det er  innført nye nemningar som bergsprengingsleiar og bergsprengjar. Bergsprengingsleiaren skal vere fagleg rådgivar for verksemda i spørsmål som gjeld tryggleik i samband med sprenging, og skal hjelpe leiinga med å utarbeide risikovurderingar, sprengingsplanar og rutinar elles. Bergsprengingsleiaren skal òg følgje opp og rettleie bergsprengjaren, som er den som utfører det praktiske sprengingsarbeidet.

Foto sprengningsarbeid
Målet er å hindre at menneske som manglar forståing for eller innsikt i det å handtere eksplosiv, får drive med sprenging, seier Hagehaugen. Foto: Tore Kamfjord, DSB

I små verksemder kan leiar, bergsprengingsleiar og bergsprengjar vere éin og same person. Store verksemder med fleire oppdrag samtidig og med stor geografisk spreiing må ha fleire bergsprengingsleiarar.

– Vi veit at for dårleg planlegging og for dårlege system har ført til at det mange gonger har gått gale. Styrkt kompetanse vil bidra til større medvit om ansvar og rutinar. Sjølv om vi får fleire roller og større kompetanse, vil eg likevel streke under at det er leiaren av verksemda som har det øvste ansvaret for at sprengingsarbeidet går trygt føre seg og i tråd med regelverket, seier Hagehaugen.

Med dei nye reglane er det berre verksemder som kan skaffe seg eksplosiv.

Før vart slikt løyve gitt av politiet, men det er no overført til DSB. Det vil gi ei betre samla oversikt over kven som kan skaffe seg, oppbevare og handtere eksplosiv.

– Vi får no betre kontroll med og oversikt over kven som har eksplosiv, og kva dei bruker dei til. Dermed blir sjansen for at eksplosiv blir brukte i ulovleg samanheng redusert. Etablering av eit system for idmerking og sporing av eksplosiv vil bidra ytterlegare til å hindre eksplosiv på avvegar, seier Hagehaugen.

Det er no eit arbeid i gang i EU om å opprette eit system for id-merking og sporing av eksplosiv til sivilt bruk. Det vil tidlegast gjelde frå april 2012. Systemet skal kunne spore eksplosiva i heile omsetningskjeda frå produsent til sluttbrukar.

Fakta

  • Ny eksplosivforskrift tredde i kraft i januar 2010.
  • Sprengingssertifikat klasse C fell bort frå 31. desember 2010.
  • Sprengingssertifikat klasse A og B fell bort frå 31. desember 2012.
  • To nye sertifikat blir innførte: bergsprengjar og bergsprengingsleiar.
  • Dei nye sertifikata vil gjelde i fem år, og kan fornyast etter kurs og eksamen.
  • DSB har peika ut Bransjerådet for Fjellsprengning (BfF) som kursarrangør og eksamensadministrator.
  • Søknader og meldingar som gjeld eksplosiv og sprengingsarbeid, vil bli handterte elektronisk gjennom Alltinn.

 

Denne artikkelen er hentet fra DSBs magasin Samfunnssikkerhet

 >>  Ny utdanningsordning for sprengningspersonell (Nyhetsbrev)

 

Verktøy og hjelpemidler

Innmelding av farlig stoff

Innmelding av brannfarlig, reaksjonsfarlig og trykksatt stoff gjøres elektronisk på skjema til DSB via Altinn. Forskriftens §12 angir hvem som skal foreta innmeldingen – se også veiledningen til forskriften

Veiledning for innmelding av farlig stoff (PDF)

Slik fungerer meldesystemet 

Altinn brukerservice (hjelp med pålogging og rettigheter)

Meld inn farlig stoff via Altinn 

Spørsmål om selve innmeldingen rettes fortrinnsvis til melding.farlig.stoff@dsb.no

Mer om forskrift om farlige stoffer og innmelding

Dokumenter



For privatpersoner

Gassvettreglene

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har sammen med gasselskapene utarbeidet grunnleggende regler for bruk av gass.

Se alle