Sjølv om Noreg har to små reaktorar i Halden og på Kjeller kan vi ikkje rekne oss som nokon atomenerginasjon. Vi er så heldig stilte at vi har vasskraftressursar som langt på veg forsyner oss med kraft. Likevel brukar vi indirekte atomenergi i og med at vi importerer kraft frå våre naboland. Trass i at vi ikkje har eigne atomkraftverk er vi likevel sårbare for svikt i anlegga hos våre naboar, enten det gjeld kraftverk eller gjenvinningsanlegg. I tillegg har vi transport av radioaktivt avfall langs kysten vår og atomdrivne fartøy som og er ein risiko vi må ta inn over oss.
Dette er utgangspunktet for at vi fokuserer på risiko i samband med atomenergi og atomavfall. Tema for konferansen var bestemt allereie før atomulukka i Japan. Hendingane i Fukushima og dei konsekvensane atomulykka fekk der, gjer det berre enda viktigare å fokusere på utfordringane knytt til bruk av atomenergi. På konferansen ønskjer vi mellom anna å få svar på kor farleg radioaktiv stråling eigentleg er, korleis vi skal handtere ei ulykke som rammar Noreg og informasjonsutfordringane knytt til ein ”usynleg fare”.
Vi håper dette er eit tema som angår dei fleste, og der det er behov for meir informasjon.
Følg med på nettsiden til Universitetet i Stavanger
Arrangører:
Fylkesmannen i Rogaland
Rogaland politidistrikt
Forsvarets operative hovedkvarter (FOH)
Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap
Universitetet i Stavanger